Utlandet.

 
Socialistlogi i det tydske Riksthinget. Logi vart "lesi" andre Gongen i Nemndi den 1ste Oktober. Innriksministeren Greive Eulenburg møtte og sagde, at dei Avgjerder, som Nemndi hadde teket ved i fyrste Lesning, i det heile var slike, at Sambandsregjeringarne kunde taka imot deim; men i Staden fyr "Umsturtz" (Umstøyt) i fyrste Paragraf vilde dei helst hava "Untergrabning” (Undergraving), som det fraa fyrsto hadde stadet. Forskrifti um Appellinstansen var takande i Grunntanken, men dei 4 Medlemer, som Sambandsraadet skal velja, maatte det ogso kunna taka or dei øvste Forvaltningsrettar i Smaastatarne, og Kjeisaren maatte hava Rett til aa utnemna Formann og Varaformann etter fritt Val. Naar Logi skulde gjelda berre i 2 1/ 2 Aar so var det reint for stutt Tid, og det var ikkje vedtakande. Regjeringi vilde helst, at det ikkje skulde setjast nokor slik Frest. Næste Dag tok Nemndi ved Socialistlogi so godt som ubrigd. – Ved andre Lesningi i Riksthinget den 9de Oktober las Frankenstein upp paa Centrums Vegner ei Lysing, at dei saag Faararne ved den socialistiske Øsingi, men at dei heldt denne Logi fyr uskikkad til aa kjempa imot 'a med. – Bismarck sagde, at han hadde Hjarta fyr all mogleg Betring i Kori aat Arbeidaren, og at han vilde prøva kvart eit Forslag fraa Socialdemokratiet, som hadde det Fyremaal; men Socialdemokratiet hadde ikkje nokot slikt Forslag. Det sette seg til Fyremaal aa undergrava Stats- og Samfundsskipnaden, og dermed tynte det all ideel Gudstru, Fedralandselsk og Familiesambandet. Daa Socialdemokratiet vart knust med Kommunen i Frankrike, søkte og fann det viljugare Jordbotn i Tyskland, og det hadde dei milde tyske Straffeloger verkat med til. Den socialistiske Øsingi var fyr ein Deil Grunnen til dei laake Arbeidstider, for ho fremde Arbeidsløysa. Han peikad paa Mordfreistnadarne, naar ein saag paa deim, so var det daa umoglegt aa miskjenna Faaren og negta at Logi var naudsynleg. Han hadde løyst upp Riksthinget fyr aa faa tilvegar Samnad millom Veljararne og Thingmennerne. Han manad dei Konservative og Nationalliberale til aa verka fyr Logi og bar fram det Ynskje, at desse Parti vilde gjeva kvarandre Handi til ei Vern mot alle Stormar, som trugad Riket. Til Slut sagde han, at dersom dei var ræddare honom og Sambandsregjeringarne enn Socialdemokratiet, maatte andre Menner, som Riksthinget hadde større Tiltru til, koma i hans Stad.
 
England og Afghanistan. Fraa Simla er det komet Telegramm um, at det ikkje hev voret nokon Samanstøyt ved Grensa. Det er ikkje Meiningi aa ganga paa Alimusjid strakst; det skal gjerast "aktive militære" Fyrebuningar.
 

 

Frå Fedraheimen 12.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum