Kristiania, den 11te Oktober 1878.

 
Prof. John. Storm, som ifjor vart negtad Statshjelp til den store "Sproghistoria" si, er no ute i Letterstedtska Föreningens "Nordiskt Tidsskrift" med eit Motstrævar-Svar paa Arne Garborgs "polemiske Sendebreve" til Motstrævararne. Det er rart aa sjaa den lærde Professoren koma leggjande med all sin Visdom fyr aa tyna eit Maal, som han sjølv segjer ikkje er til, og som han til dess større Trygd segjer helder ikkje vil verta til. Hellest skriv han mykje som er sannt, og serleg hev han Rett, naar han held so sterkt paa Bygdemaali. Men Samstundes som han gjer detta, og gjev or seg paa Maalmennerne fyrdi dei ikkje gjer det same, iallfall ikkje i rette Mun 1), - so skriv han daa likevæl imot Logframlaget um, at Bygdemaali skal faa koma til sin Rett i Folkeskulen. I det heile er hans Stridsmaate eit nytt Døme paa, at – Motstrævarpolemikken er seg allstødt lik.
 
Av andre merkjelege Ting som han fortel skal me nemna: Landsmaalet, fortel han, er det ingen som forstend, ikkje eingong i Sætersdalen og Telemarki, "uden stor Vanskelighed". Folk fraa Vinje kunde ikkje lesa 2) "Dølen". 3) Bokmaalet "forstod 2) de bedre". Den gamle Knudsenske Rispa um Telebonden som "brukte Paaken" fyr aa faa Borni sine til aa lesa Landsmaal, vert her uppatt-kokat. Tvo Skulemeistrar i Sætersdalen "kunde ikke komme ud af det" med Ferdamannens Maal o. s. fr. "Der er i Virkeligheden ligesaa mange Landsmaal som der er Maalstrævere." "Skrive Landsmaal vil Bonden aldrig kunne lære." O. s. fr. –
 
Me fær nok snart til aa føra Things-Vitne fyr aa faa dei Herrar Motstrævarar til aa vyrda det Faktiske! – At Hr. Storm fer til Utlandet og kokar upp alle sine halvt og heilt usanne Paastand, gjer no ikkje hans Framferd finare.
 
 
1) Men samstundes fortel han – med full Rett -, at heile Landsmaalet er grunnlagt, ikkje paa gamallnorsk, men paa ny-norske (og serleg vestlandske) Bygdemaal! Og han veit, at Maalmennerne er dei Einaste her i Landet, som hev lagt seg etter aa granska og draga fram Bygdemaali!
  2) Ordet "lesa" er eit Knip. Han tor ikkje segja "forstaa", og so vrid han det av til "lesa". At Vinjebønderne liksom andre Bønder hev vandt med aa lesa eit Maal dei ikkje hev lært aa lesa, er daa væl sjølvsagt! – Men i andre Lina kjem Ordet "forstaa" att.
3) Kor bar daa til, at "Dølen" hadde Lesarar kring i Landet? Og at hans Lesartal vaks meir og meir? Kor bar til, at "Ferdamannen" og "Svein Urædd" og hadde Tingarar Landet rundt? Kor ber til, at no "Fedraheimen" hev Tingarar mest allstad i Landet og det mest berre paa Landsbygderne? Og kor ber til, at me aldri høyrer Nokon som klagar yver Maalet? Kor ber til, at Samlagetkann liva, ja veksa? Skal tru, at Folk i so mange Aar vil halda paa aa gjeva ut Pengar til Bøker, som korkje dei sjølv elder andre kann skyna?
 

 

Frå Fedraheimen 12.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum