[Rask Daad]

 
Rask Daad. Med Skip "Birma", Kapt Meylænder, paa Indiaferd fylgjer ein sjuk Student, Ole Housken. Ved Surabaya (Java, den største av dei 4 store Sunda-Øyer) fall ein Matros yver Bord. Hr. Housken kastade seg strakst i Vatnet, fekk Tak i Matrosen, som ikkje kunde symja, og heldt honom uppe til dess Baaten kunde verta nedfirad, endaa Straumen var ovleg strid (5 Miler). Daa Baaten kom til, var Housken, som sumde med Matrosen, alt ei Kabellengd (120 Famnar) attum Skipet. Det var dubbelt vaagsamt aa kasta seg ut i Havet paa denne Staden. Nokre Dagar fyrr hadde Kaptein Hansen fraa Bergen der misst ein Mann, som laugade seg ved Skipssida, fekk sitt eine Bein avbitet paa tri Stadar av Haifiskar og do, strakst han vart halad upp paa Dekket. Hr. Stud. med. Housken hev ogso fyrr med Faare fyr eiget Liv frelst Andre fraa aa umkoma, segjer "Stavanger Amtstidende."
 
Fyrst Bismarck skal hava sagt (til den tydske Sendemann i London, Greiv Munster), at Berlin-semja ikkje er nokot Meistarverk, berre eit Flikkarbeid, nettupp godt nog til aa vardveita Freden i nokre Aar, ikkje tryggja honom fyr lengere Tid.
 

 

Frå Fedraheimen 12.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum