[Negtad Konfirmation

 
Negtad Konfirmation. "Adressebladet" og andre Blad hev ein Artikel um ein Prest, pers. Kapell. J. Bull i Orkedalen, som skal hava negtat aa taka ein Gut til Konfirmation, endaa Guten er aalmenneleg flink i Kristendomskunnskap, og Inkje er aa segja paa hans Livnad. Guten melde seg i Fjor, men vart attvist, og likeins gjekk det i Aar. Daa hans Lærar spurde, kvifyr Guten ikkje kunde sleppa fram i Aar, svarade Kap., at han Inkje hadde aa segja paa Guten, men at Far'en, Inderst Per Konstad, var ein Mann, som trong til aa mykjast. P. Konstad hev lagt Saki fram fyr Bispen i Throndheim. Prest Fredrik Wexelsen, som forrettade som Bisp raadde Kapellanen til aa ferma1) Guten, men han vilde ikkje og skaut Saki under Bisp Grimelund sjølv. Denne skreiv til Kapellanen, at han heldt det fyr rettast, at P. Konstad og han (Kap.) vart samde i Saki og ikkje blandade nokon Tridjemann inn i henne. Daa Kapell. viste P. Konstad detta Brevet, kravde denne framleides, at Sonen vart fermad i Haust, men Kap. sagde reint ut, at det kunde han ikkje, daa han ein Gong hadde sagt Nei. Fleire Menn hev gjevet P. Konstad, som er ein faatøk Mann, den Raadi aa søkja um aa faa Guten fermad av ein annan Prest, men han er uviss um, kvat han skal gjera. Soknepresten skal ikkje hava nokor Skuld, daa han er gamall og i fleire Aar ikkje hev havt nokot med Embættet aa gjera. So segjer Bladi. Me vil likvel vona, at den fulla Sanning ikkje er komi fram i ”Adresse-bladet," og at Kapellan Bull hev havt Grunn til Konfirmationsnegtingi. Elles vilde fulla Bispen ogso hava gjevet honom strengt Paalegg.
 
1) konfirmera
 

 

Frå Fedraheimen 12.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum