[Namn paa Landskap og Embættskrinsar]

 
Namn paa Landskap og Embættskrinsar.
I siste Heftet av "Nytt norsk Tidsskrift" er innteki ei forvitneleg Avhandling, som er funni etter P. A. Munch, og som ikkje hev voret prentad fyrr. Ho hev til Titel: "Om Benevnelsen paa vore større Embedsdistrikter", og gjeng ut paa, at me skal gjeva desse Krinsar Namn, som høver betre med vaar Soga enn mange av dei Namn, men no dregst med. Dei Namn, som er fyreslegne fyr dei største civile Embættskrinsar (Amt elder Fylke, som M. vil hava kallat Syslur), kann vaare Lesarar sjaa av Statistiken fyr det Norske Samlag i vaart Dagsnumer. Det er greidt: skal me finna oss sjølv att, maa me retta Namni paa baade Embættskrinsar, Gardar, Bygder, og Menneskjur. "Dagbladet" bed Landsdomar L. Daae, som etter Generalkonsul Richter fulla kjem til aa verta Formann i Konstitutions-Nemndi paa næste Storthing, taka seg av denne Saki. Hr. Daae hev Kunnskap og Skyn paa desse Ting; han talar ikkje Tull, som Assessor Løvenskiold, um gamle Pluralis- og Dativ-Endingar paa "um, em, eim" i Namn somSolum, Solem, Soleim (sjaa Fedraheimen No. 39), daa "dannede Mennesker, som kjende Middelalderens Sprogbrug", veit, at slike Namn-Endingar inkje hev med Gramatiken aa gjera, men er ei Avstytting av Ordet Heim, gn. heimr t. D. Solheim (gn. Gjardarheimr, Gjerdrum), Gudheim, Skjervheim, Svartsheim (Svadsem), Modheim, o. fl. Me legg vaar Bøn til "Dagbladets".
 

 

Frå Fedraheimen 12.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum