"Paa Hjemveien."

 
[Del 1 av 4.]
 
[Soleids kallast eit nytt litet Diktarverk 1), som stend aa lesa i det nye Tidsskriftet hans Professor Sars og Lieblein; det er i det Heftet, som kom ut no i Juli Maanad. Diktaren sjølv heiter Alexander Kjelland. "Dagbladet" sae um Verket nokot so paa Lag: "Det er ei sterk og klaar Aand, som her hev kastat seg inn i Dryftingi taa dei store Dagsspursmaal", - og det er sant. Ho er sterk som ein Hamar og klaar som Fjellbekken.]
 
I.
 
Her er ingen Mann so trongsynt, at han ikkje ser, at han liver midt uppi ei stor Umbrøytingstid. Eimskip, Jarnvegjer, Telegrafar, Jordbruksmaskinar o. d. er ikkje so sersmaae og stillferdige Ting, at dei nok segjer ifraa, der dei fer fram. Og me Normenn ligg, som væl er, ikkje nordanfyre Folkeskjikken i den-here Vegen. – Den Tidi, daa "Folkjet var Barnet, og Kongen var Far" ho lyt og røma fraa Landet no, og det alt med' Føterne ber; liver der endaa Bonn att etter henne, so maa det vera inni "djupaste Dalom" og so imillom dei "høgst standande" Borgarar og Embætsmenn i Byar og Bygder. "Aalmugsmannen" vil ikkje vera Baan lenger; han vil til og hava ei Hand med i Styringi; det er og ei stor Umbrøyting. Ja me Normenn kann endaa prisa oss av aa vera imillom dei fremste Nationar i den-here Vegen. Me hev visst utruleg gode Gaavur til aa godgjera oss dei Tankar og Uppfinningar, som andre Nationar hev tenkt ut; hadde me so visst berre likso gode Gaavur til aa tenkja og skapa sjølv med. Iser hev me trollutt gode Gaavur til aa elska oss inni dei ytre Formerne, som kvar Sak klæder seg i. Soleids med Fridomen vaar. Fridomstanken, slik som han sprang fram av den velduge Revolutionen i Frankrike for eit Aarhundrad sidan, var reint diger av Innhall. Aa faa lyfta upp alle dei Milionarne taa Menneskje, som liver Livet sitt i Armodsdom og Raaskap, til den Høgdi i Velferd og Sedskap, som kvart Menneskje er verdugt til, det er Fridomstanken etter Inhallet. Etter Formi er han eit Samfund hell eit Rike, der kvar og ein er med i Loggjeving og Styre. Og det er iser i Striden um dei nye Logparagrafarne i den nye "sjølvstyrande" Staten, at me Normenn syner oss som ein framifraa gaaverik Nation. Det hadde no ikkje stadt, um me hadde brunnet nokot varmare fyr Fridomstankan sjølv, fyr den største og fagraste taa alle Uppgaavur: aa lyfta den Fjøl- den, som i Armodsdom og Træleskap hev misst Trui paa seg sjølv, uppatt til Rett og Magt.
 
Franskmennerne syner seg meir og meir aa vera dei, som er utvalde til aa syna Mansens Ætt nye Vegjer fyr Samfundslivet. Etter kvar ny Ulukka, som raamar dei, reiser dei seg upp altid sterkare enn fyrr, og syner Verdi ein ny Tanke og ein ny Maate aa bøta Samfundssaaret paa. Og iser trur eg, at dei Bladi i Heimsens Soga vil verta dei fagraste paa lange Tider, som fekk Inskrifti um, korleids Franskmennerne bøtte Samfundet sitt upp att etter den uheppelege Krigen med Tysken. Det er med ein ny Traad, dei hev bøtt, med reint nye tankar um Logjerne fyr eit Samfunds Vilkor og Trivsla. Disse Tankar var no likvel tenkte fyrr; dei var spreidde ut i Skrifter og Talar taa den Ætti som var, og hadde vunnet fyr seg so mange taa dei, som no er dei styrande i Republikken, at disse nye Samfundstankarne maatte segjast aa liksom liggja ferduge og berre venta paa ei so stor Uheppa som den siste Krigen, fyr at dei kunde faa Lov til aa syna si Kraft. Dei same Tankar hev og spreidt seg ut yver dei andre Land i Europa og held allstad paa og skapar um Synet paa " eit Statssamfunds Vilkor." Berre til oss Normenn hev dei endaa ikkje naadt fram. Det er berre so vidt at ei og onno Røyst ender og daa segjer ifraa, at einkvar Mannen hev drukket av dei nye Kjeldur. Soleids held Storskalden vaar, Bjørnson, paa yngjast upp att fyr andre Gongjen av denne nye Drykkjen, og hev tekjet aat med aa skapa Diktarverk utav dei nye Samfundstankarne, som ser ut til aa verta likso rike og ungdomsfriske som Forteljingarne ifraa hans fyrre Ungdom. Umframt honom hev me herheime – sovidt eg veit – ingen annan Diktar, som auser or den nye Brunnen, med Undantak av honom, som hev skrivet detta vesle Stykkjet "Paa Hjemveien." Men so maa dertil nemnast dei Menn, som stend attum "Dagbladet", og som gjenom detta dreg fram fyr oss so mangt eit rikt og varmt Bilæt ifraa det nyfranske Samfundet. Og mest av alle arbeider "Nyt norsk Tidsskrift" paa aa bera fram til vaar Kunnskap dei nye Tankarne, som hev lagt Grunnen under eit Samfund, og som hev det Kravet i seg aa verta Grunnmuren under dei andre og.
 
Me Nordmenn hev ei andeleg Sak i full Gang imillom oss, som kann vera som ei Bru fyr oss til aa læra aa skyna desse nye Samfundstankarne, og det er den Striden, som førest fyr aa faa Kyrkja skilt ifraa Staten. Detta er just ein av dei Ting, som det nye Samfundet vil. Det vil vera heilt ut ein jordisk Skipnad, og vil paa harde Livet ikkje hava nokot med dei Ting, som "ikkje høyrer denne Verdi til"; detta fær vera Kyrkja si Sak. Det nye Samfundet vil hava til sitt einaste Fyremaal den store Gjerning aa gjera Mannens jordiske Tilvære so lukkelegt og ljost, som Raad kann vera, og fyrst og fremst vil det prøva paa aa gjera Livskori aat den tallause Flokkjen taa fatike Arbeidsfolk betre og friare enn dei hev voret og er; - og denne Bøtingi er reint og beint eit jordisk Arbeid. Men at eit slikt Verk og maa verta Kjyrkja til Gagn synest meg tvillaust; for det er vel trulegt, at ein Hug, som hev hardnat i Armod og Stakkarsdom, ikkje er so lett aa koma innpaa med den trudomslege Sanning som ein annan, som hev den fulle Kjendsla taa, at han er Mann i Rett og Vyrdnad. Kor vil det no det nye Samfund henta Bøterne sine ifraa og Rettesnori fyr det store jordiske Arbeidet sitt? Ikkje ifraa Bibelen og Kristentrui; for dei handlar ikkje um dei jordiske Samfundsgreidurne vaare. "Riket mitt er ikkje or denne Verdi" segjer Frelsaren; difyr er det faafengt aa ganga til honom med detta Storspursmaalet aat det nye Samfund: Korleids skal me kunna faa Arbeidet og Velstandet til aa auka med Handel og Industri og Jordbruk i same Mun som Folketalet veks? Men me hev ei onno greid Bok aa ganga til baade i detta og dei andre Samfundsspursmaal, og det er Heimssoga vaar. Ho vert no granskat av kloke Menn med det faste Fyremaalet aa finna ut, korleids dei menneskjelege Samfund hev skipat seg til og vortet slik, som dei no er, og framfyr alt fyr aa finna ut dei Logjer, som raar fyr Framgang og Trivsla baade materiel og moralsk. Den eine Sida her hev ingen nokot aa segja paa. So fort som Folketalet no stig, so er det ei endefram bein Sak, at nokot maa gjerast fyr aa auka Næringskjeldurne, so at ei Velstandslæra (Statsøkonomi) grundad paa Røynslurne ifraa Forntidi, finn medhald allstad. Men den andre Sida aat den nye Historiegransking kann ikkje rosa seg taa eit slikt Medhald, naar me tek unda i det nye franske Samfundet. I dei mange og lange Aarhundrad, som Kyrkja hev voret Stat og Staten Kyrkja, hev det liksom gjenget oss i Blodet, at Moralen og Sedskapslogjerne maa vera dei same fyr Samfundet som fyr den einskilde Mannen i hans religiøse Tilvære. Men slik vil ikkje det nye Samfund hava det. Og fyr detta kann det leggja fram gode Grunnar. Trui vaar segjer sjølv um Moralen sin, at han ligg so høgt yver vaar eigi Magt, at me kann ikkje halda Fyreskrifterne hans. Det er berre med Hjelp ovanifraa, at me kann liva eit moralsk Liv, slik som Kristendomen krev det. Men no er det ei likso viss Sak, at den store Fjølden av Folk liver Livet sitt utanfyre Kristentrui og den Hjelpi, som kjem ovanifraa, og soleids kann Storparten av Folk helder aldri koma til aa liva etter Moralen aat Kristenlivet. Difyr segjer det nye Samfund som so: Kristendomsmoralen er ikkje i eit og alt tenleg fyr det reint jordiske Fyremaalet mitt: aa gjera Livskorie fri og lukkelege aat kvart Menneskje, som bur paa min Grunn, like godt anten dei er Kristne elder Heidningar. Han ligg for høgt og er for ideal. Her maa ein Moral til, som paa den eine Sida er streng og rein nok til at halda Samfundet ihop og halda Sjølvsykja og Illhugen og Raaskapen i Taumen, men som paa den andre Sida helder ikkje ligg høgare enn at Folk utan yverjordisk Hjelp kann magta aa liva honom etter.
 
( Meir.)
 
1) Innsendt.
 

 

Frå Fedraheimen 12.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum