Utlandet.

 
Ministerskiftet i Austrike og Ungarn. Kjeisaren (Kongen) hev teket imot Avskilssøknaden baade aat det austrikske og det ungarske Riksraad. I Telegrammet heiter det, at han sette dei ungarske Ministrar fyre, at dei skulde styra Riksverket til dess at det kann verta tilskipat eit nytt Riksraad. "Neue frie Presse meiner, at Krisen (Venderidi) vil til Slut naa "den rette Kjelda aat Ulukkorne", den austrikske Utriksminister Greive Andrassy; Bladet hev ikkje stor Von um, at Styringi av dei utrikske Greidor vil koma i betre Hender, men eitt vil likevel vera vunnet, og det er: eit Prov fyr, at dei konstitutionelle Grunnsetningar ogso gjeld fyr Austrikes Utriksminister; det er nokot, som det til dessa hev voret Grunn til aa tvila paa. Bladet tek elles hardt paa Andrassy, fyrdi han hev ført Krig utan Folket sitt Vitende og Vilje, men det kann helder ikkje taka Ridsraadi i dei tvo Riksholvor frie fyr Medskuld, med di dei korkje hev havt Tilsyn med elder Innverknad paa Utriksstyringi.
 
England og Afghanistan. Til London er mellt fraa Simla i India den 5te Oktober: Det heitest, at dei engelske Tropper hev skridet fram fraa Peshawer til Tamrud fyr aa ganga paa Alimusjid. Emiren samlar Herfolk i Alimusjid og Kandahar og trugar Quetta. Herdoning vert sankad i Kokat. Millom Folkeslagi i Kyberskardi og Afghanarne er stor Fiendskap. Den 6te Oktober er telegraferat fraa Simla, at Alimusjid er teket.
 
Uppstandet i Bosnia er det aa kalla avgjort med.
 
Blodbad i Podgoritza. Pasjaen hadde fenget Tilsetning fraa den turkiske Regjering, at han skulde gjeva upp Festningi Podgoritza til Montenegringarne, so som fyresagt var i Berlinsemja §28. Albaningarne, daa dei høyrde detta, reiste seg og myrde Pasjaen og 156 Mann Officerar og Soldatar. I so Høve, daa Turkekjeisaren synest vera reint magtlaus, er det fulla ikkje onnor Raad fyr Montenegro enn aa sjølv taka med Vaapn det Landstykkjet, det skal hava.
 
Upprør paa den vestindiske Øyi St. Croix. Negerarbeidararne paa St. Croix hev gjort Uppstand. Dei hev brennt fleire Sukkerplantingar og drepet Eigararne. Halvparten av Fredrikssted er brennt. Det amerikanske Vicekonsulat er ogso øydelagt. Det finnst ikkje meir enn 50 Soldatar paa Øyi. I eit Slagsmaal paa ein Gard nærved Kristianssted vart det drepet 200 Mann. Tvo amerikanske Herskiper gjorde avstad til St. Croix. Ein fransk Fregatt kom til Øyi den 5te Oktober og landsette Herfolk. Kvinnfolk og Born vart innskipade til St. Thomas. Sidan hev dei teket til aa brenna att; 40 Eigedomar er brennde og berre 14 stend att. Mange Upprørarar er skotne.
 
Oktoberheftet av den engelske Tidsskrifti Fortnightly Review inneheld eit Stykkje av Robert Lowe, som fyrr hev voret Medlem av Gladstones Regjering, med Yverskrifti: "Imperialisme" (Kjeisardom). Forfattaren segjer, at dei næste aalmenne Val i England vert dei vigtugaste, som hev voret i dei sidste 600 Aar, fyrdi dei kjem til aa slaa fast dei Grunnsetningar, som engelske Statsmenner heretterdags hev aa retta seg etter. Fyrste Skylda aat ei Regjering er aa skapa det største Maal, som moglegt er, av Lukka og Velvære. Mr. Lowe forsvarar den fyrre Styringi, og set deretter fram det Spursmaal, um England skal halda fast ved den Politiken, som det i det heile hev fylgt etter Krimkrigen, elder um det skal byta 'n um i det, som ein med eit Ord kann kalla "Imperialisme", og som røynlege vil segja det same som Krav paa absolut Herredøme yver alle andre. Lærdomarne aat Imperialismen er urettvise, upolitiske og umoralske; dei tyder so mykje som: Underkuing av dei veike fraa deira Sida, som er sterkare, og at Magti triumferar yver Rettvisa. Forfattaren tek som skarpast paa Regjeringi sine Handlingar fyre og under og etter Kongressen, og kjem til den Slutning, at dei Tilstand, som no er, vilde ikkje vara ein Dag til Ende, berre Veljararne visste, kvat det rettugt gjeld um.
 

 

Frå Fedraheimen 09.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum