Um Kui.

 
(Sluten).
 
[Del 3 av 3. Fyrste delen.]
 
Attaat di at eit stort Brjost soleids er Merkje paa gode Lungur, gjev det og Sess fyr ei stor Kjøtmengd og høver difyr til eit vælbygt Kjøtdyr. Hjaa detta skal Romet millom Ryggkvervelen og øvste Enden av Sidebeini vera utfyllt, so at Ryggjen ser flat og breid ut; denne Kjøtsamling gjeng vidare fraa Halsen yver Aksli nedyver Sidurne og tekkjer Sidebeini. Dette gjer at Brjostet tek seg flatt ut, men Breiddi vil likavel syna seg bakantil. Det djupe Brjostet vil og synast flatt paa Bukflata, avdi der fraa Doglappen bakyver Bringebeini ligg store Kjøtputur. Disse Kjøtlæger skal ikkje berre finnast hjaa Kjøtdyret, dei maa finnast hjaa Mjelkedyret og, um det skal gjeva eit nokotsonær Slagt og gjeva eit kraftigt Avkjøme.
 
Buken skal ganga i jamn Runding yver fraa Brjostet til Mjødmegruva, og i Svangarne yver til Laaret. Der Buken ikkje er innknipen og syner store Svultgruvur, der er Lendi breid og gjev Sess fyr ei større Kjøtsamling og eit stort Nyreparti; dessutan hjelper vistnok ei breid Lend Buken til aa bera dei store Innvolarne hjaa Dyret. Ein innknipt og ein sid Buk tyder paa Sjukskap elder klein Matmeltning. Buken skal nedantil ganga jamt yver fraa Bjrostet til Juret.
 
Krysset. Rygglina bør ganga beint yver eit rett og langt Kryss heilt ut til Halen; eit slikt Kryss gjev ei stor Flata fyr Kjøtsamling, og gjeng jamleg yver i fylluge Laar. Eit vælbygt Kryds tyder paa ei romleg Mjødmeskaal, som er av Vigt fyr-skuld Beringi (Kalvingi) og fylgt med eit stort Jur og vælsette Føter. Mjølkedyr hev tidt eit avskjotande, stutt, smalt og kvasst Kryss med framskjotande Mjødmeknokor og ein kantutt Bygnad i det heile. Slik Bygnad, som tyder paa Slakkleik og kjem av einsidig Mjølking, er vrakande hjaa Kretur som skal søkja si Føda paa brattlendte Beite. Hjaa alle betre Mjølkedyr som ein vil bruka til Aledyr, og som skal kunna gjeva eit rimelegt Slagt, bør Krysset vera breidt og flatt ovantil med tjukke Kjøtputur som tekkjer Beini, og som til Sidurne og bakyver gjeng fint yver i Laari; desse skal strekkja seg velfyllte nedyver til Hasen. Millomkjøtet vert daa breidt utan skarpe Kantar ved Sædebeinet. Halen held fram i den flateretta Lina utum detta, og gjeng so nedyver; at han er lang skal vera eit Mjølkemerkje, og tyder hellest paa ei grei og rask Utvikling i det heile.
 
Juret er Reidskapen fyr Umlagingi av Blodet til Mjølk, og vil ein skyna, um ei Ku duger nokot til aa mjølka, er det soleids av sers Vigt aa vita, korleids Juret skal væra lagat. Det skal vera stort og fyllugt og spendt fyre Mjølkingi, men mjukt og laust etterpaa. Det skal strekkja seg langt framunder og laupa væls aman med Buken, og ganga langt bak millom Laari. Det skal vera breidt og greidt, alle dei fire Luter like store, so det vert som firkantat, men likevæl rundvoret. Hudi maa vera laus og tunn, men jamn, vel fyllt framme, men bakantil helder nokot rukkutt. Spenarne maa vera vælsette, jamntjukke fraa Juret ned til Enden, der dei rundar tvert av, glatte, fløyelsmjuke, tøygjelege og lausmjølkte. Eit framifraa Mjølkemerkje er det, naar Aarerne paa juret og Millomkjøtet er sterkt utviklade og nettformigt utgreinte. Kjøtvoret og slakkt nedhengjande Jur med lange avsmalnande Spenar er eit stort Lyte. Er Juret tjukskindt med lange grove Spenar, som kjennest mest som barkat Ledr, so er Kui hardmjølkt. Haarlaget paa Juret skal væra fint, tunnt og feitvoret. Mjølkeaarerne skal vera tjukke, greinutte og ganga langt fraa kvarandre i store Krøkjingar framyver Buken og enda i store, helst dubble Mjølkeholur. Store og lange Mjølkeaarer, som i tvo elder tri Greiner gjeng ut ifraa Juret framyver med tri store Bugtingar og endar i dubble Mjølkeholur, kann haldast fyr Mynster. "Millomkjøtet", som fraa Juret gjeng upp millom Laari, kallast "Speilet" og er eit av dei meir sætande Mjølkemerkje. At det er stort, tyder paa ei stor Stoffbyting her, og er so Hudi mjuk og feitvori, med fint og tunnt Haarlag, tyder detta paa ei livleg Hudverksemd. Ei stor Utbreiding av "Speilet" er altid eit godt Mjølkemerkje, iser naar den nedre Luten av det strekkjer seg utyver Laari. Ein likar og best, at det er regelrett med reine greide Grensur til det uppstrøymande Haarlag. "Speilet" er som sagt eit godt Mjølkemerke. Men hev Kui ikkje andre rimelege Merkje attaat, er det ikkje einlitande. Dei ulike Slagi hev gjerne kvar sitt Lag paa "Speilet." Hjaa Ungkretur kann ein tidleg gjera seg ei Meining um det.
 
Hudi skal vera mjuk, laus og tøygjeleg, daa er ho eit visst Merkje paa, at Dyret er friskt og trivlegt, helst um Haarlaget attaat er blankt og glatt. Den Utdunstingi, som gjeng fyr seg gjenom Hudi, høyrer paa ein Maate med til Andardraatten, og difyr bør Hudi altid haldast rein. Ein Prøve paa, kvat Vigt Hudutdunstingi hev fyr Dyri, vart gjort med ein Hest; Hudi vart innsmurt med eit Slag Smyrja, som stengde radt til dei fine Opningar i Hudi (Porur), som Utdunstingi gjeng fyr seg igjenom; men um eit Bil vart Hesten sjuk, kastat seg ned og sparkad, so det saag ut til han reint vilde fara, men daa dei tok Smyrja av, frisknad Hesten til att. At Hudi er tunn, er haldet fyr eit Mjølkemerke; Tunnleiken er ulik hjaa dei ulike Slag og Aldrar. Hudi er tjukkare hjaa unge enn hjaa gamle Kretur, og tjukkare hjaa Uksen enn hjaa Kui.
 
Lemerne er av mindre Vigt hjaa Kui enn hjaa Hesten. Deira Stelle kjem mykje an paa, um Kryss og Brjost er godt lagad. Aksli elder Bogen skal vera sopass tekkt av Kjøt, at der ikkje vert skarpe Kantar i Yvergangen til Halsen framantil og Brjostet bakantil. Sjølve Bogen er lausare end hjaa Hesten, og hjaa Mjelkedyr iser er han tidt laus og skrinn, og fylgst daa gjerna med ein kantutt Bygnad.
 
Føterne skal helst vera smaa, fine og turre, daa det gjev Kreturi størst Verd til Slagt; men der Kreturi skal beita i ufør Mark, maa dei attaat di vera sterke, vælsette og lytefrie.
 

 

Frå Fedraheimen 09.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum