Stordaad.

 
[Del 1 av 2.]
 
Det var kaldruskje og ufjelgt, Lufti var graa og stygg, og Vinden foor og ylte og taut gjenom Gaturne med Fok og Kjøld, so det skar i ein, berre ein saag ut. Det var just lik ein ægte Kristiania Novemberdag, ein Novemberdag som han skal vera i denne hyperboræiske "Hovudstaden", der ein kovnar i Dumba, naar det er Turr-ver, og druknar i Søyla, naar der er vaatt!
 
Men lell laut Folk vera ute. Dei foor og fraus og føykte i Vind og Rok med Hattarne ned i Augo og Henderne paa Hattarne; Kvinnfolk siglde Gaturne fram liksom Baatar fyr fulle Segl, men bautad, naar Vinden var imot, og vinglad og sjakad i Kastevindarne; stundom kom det farande etter dei og imot dei digre kvite Kvervlar av Rok og Sand, som løynde dei burt fyr Folks Augo, dansad ville Dansar med dei og slengde dei fraa seg att imot Veggjer og Portar; men Taksteinarne uppaa Taki leikad og staakad som dei var livande, og Skorsteinarne bles Musik, liksom den Ein fær av tome Flaskur. Det var eit Bikkje Veer. Og so kaldt, Gut!
 
Men i ei av dei tronge svarte Veitur i "Vika" gjekk det tvo stakkars Smaaborn og sveiv og dreiv i den kalde Vinden, ein Gut og ei Gjenta. Gjenta kunde vera trettan Aar, Guten saag ut til aa vera paa Lag elleve. Av Klæde hadde dei ikkje mykje, og det vesle dei hadde var Filla i Filla og Bot i Bot; Føterne var i Grunnen nakne aa kalla fyre, og det dei brukad istaden fyr Sko, var helst ikkje verdt aa sjaa paa. Men paa Ryggen bar Gjenta ein liten Lirekasse, og Guten gjekk med den vesle Lirestolen i Henderne og naud-fraus.
 
Kor dei kavad, dei tvo. Vesle Gjentungen med Lirekassen var reint ille ute; Vinnen heiv og slengde henne som ein Halmdott fraa Vegg og til Stokk, og Guten maatte kvar Stundi hjelpa henne, so ho kom paa rett Kjøl att. Men kvar Gong stadnad han og bles i dei valne Fingrarne sine; skrale var dei og blaaraude av Kulde liksom Nasatippen, men Vangarne var blaae og tunne som paa ein Helsotting.
 
"Frys du, Hans?" peip Gjenta i Blaastren.
 
"Aa, nokot", svarad Guten; skulde liksom ikkje vera ved det.
 
"Slaa Floke!" sa Gjenta. Guten freistad; men han var so stiv og ulagleg, han fekk det ikkje til; og so var det so vondt i Fingr-tipparne. "Aa nei", sa han og gjorde seg kaut, "det tarvst ikkje; eg frys no 'kje so reint ille helder."
 
No kom dei til ein Port, som bar inn i Tunet aat eit stort Hus. Dei stadnad og saag inn.
"Skal me freista?" sa Gjenta. "Me fær væl det," stotad Guten. Han kunde ikkje løyna at han skalv; Tennerne skangrad i den vesle Munnen.
 
Inn bar det. Guten sette Stolen til, og Gjenta sette Kassen nedpaa. So tok ho til aa sveiva. Og det leet! Kassen var liten og Tonarne kvasse, men det leet! Og lystigt gjekk det med Slaatt og med Vals, og sidstpaa kom det ei Visa, den skulde dei syngja att-til. Der stod daa desse tvo Kruslingarne og smaaskalv og song, song so det kvein gjenom Blaastren -:
 
"Det er so tungt i Verdi,
eg misste Gjenta mi.
Eg veit kje Raad aa herde
den lange Livsens Tid.
Kor skal eg gjera 'taa meg!
Eg finn visst aldri Fred!
for Kjersti strauk ifraa meg
og tok mi Lukka med.
- Tra la, tralalala, tra la la!
 
Guten bles i Fingrarne, skok seg, og trappad i Steinarne med sine slaapne Sko; aa huttetu, kor kaldt her var! -
 
Eg var so glad ein Selle,
eg song min heile Dag;
eg var so kaut som Fjellet,
for Kjersti heldt meg Lag.
Ho kunde læ og leika,
ho kunde snu seg, ho!
- Men so ho fraa meg reikad,
og eg aaleine stod.
- Tra la, tralalala, tra la la!
 
Vinnen skreik i Troppgangar og Skorsteinspipur; Dumba og Straa dreiv um Øyro paa dei, og Augo stod i Vatn! Men dei song -:
               
Det var han skarve Knut'en,
han stal meg Gjenta mi.
Gud hjelpe stakkars Guten
den lange Livsens Tid!
Eg syng kje meir i Verdi,
ho er so stygg og aud;
kor skal slik Sorg eg herde? -
Aa gjev at eg var daud!
- Tra la, tralalala, tra la la!
 
Dei glytte varlegt ikring seg og uppetter Vindaugo, um der ikkje skulde syna seg Merkje til, at nokon vilde koma med ein Skilling elder slikt . . . nei. Uppi eit av Vindaugo stod tvo Gjentur og lo; det var alt. Daa saag dei Smaae so halvt burtpaa kvarandre, modlaust, sorgtungt . . . men det skulde no ikkje merkjast, og so letst dei vera like kaute. "Me fær prøva ein Gong til", sa Gjenta. "Fær so", skalv Guten.
 
Men i eit Vindauga høgt uppe stod ein ung Gut og saag ned paa dei; honom hadde dei ikkje set. Han var bleik og skral, lutad nokot framyver og saag ut til aa vera bringesjuk. Romet hans var litet og myrkvoret; der var ei Seng og eit Bord og tvo skarve Stolar, det var heile Bunaden; og der var helder kaldsnuggje inne hjaa 'n. Han var nok Student; Boki laag opi paa Bordet, men den hadde han gløymt; han stod og saag paa desse tvo Armingarne, som stod der nede og fraus og song; det var so vondt aa sjaa paa, detta, at han kunde ikkje koma seg laus att.
 
Han trivlad i Lumma si . . . der var ein Tolvskilling, han visste det væl; korkje meir elder mindre. Den Tolvskillingen snudde han millom Fingrarne sine visst tjuge Gonger . . . dei stakkars Smaae! . . . men det var den sisste han aatte. Kor skulde han daa faa seg Middagsmat ifraa? - Det verkte i Bringa hans; men han sleit seg ifraa Vindaugo og sette seg til aa lesa att. "Der er dei, som hev betre Raad enn eg," tenkte han.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 09.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum