Notisar.

 
Daane. Jon Pedersen Flesjø i Sveindal (Vaaler i Borgesysla), Soldat fraa Krigens Tid, do Onsdagen i fyrre Vika, 95 Aar gamal; han hadde voret rask og rørug til i Vaar. – Bokhandlar J. W. Cappelen, fødd 1805, Student 1824, Bokhandlar sidan 1829; - Bisp J. v. d. Lippe, fødd 1797, Prest fraa 1819 og Bisp fraa 1841 til 1874, Storthingsmann 7 Gonger (1830-1860); - Prest H. Kr. Heyerdahl, fødd 1801, Prest 1829-1865 (Edøy og Hevne), - Konsul H. T. Knudtzon i Throndheim, fødd 1795; - Kongen av Birma.
 
Skaldarne vaare. V. Bjørnson reiste i Maandags til Paris, der han vil verta verande 1 Maanad. – Kr. Janson fer umkring og held Fyrelesningar paa Vestlandet. Til Vaaren vil han etter Kall fraa Amerika reisa til Wisconsin, Minnesota og Iowa og halda Fyrelesningar.
 
Prest Lars Oftedals nye Blad "Vestlandsposten", som tok aat den 1ste Oktbr., vil i Politiken repræsentera den moderate Framstigsaand og i Kyrkjesaker Reform innan Rikskyrkja.
 
Storthingsmann Rektor Steen er vald til Fredsdomar (Forligelseskommissær) i Stavanger. Groserer T. M. Nielsen er innvald i Formannskapet i Larvik etter Konsul Christiansen.
 
Bisp Jørgen Moe hev sendt eit nytt Hyrdingbrev til Stavanger Kjyrkjesamningar. Uetterrettelegt er, segjer Bispen, etter baade Innhald og Form Hr. Vidveys Forteljing um, at han (Bispen) godtsom dagleg hev irettesett Oftedal, og at Oftedals Tilhengjarar er "forblindede". Usunn Læra kann Oftedal ikkje skuldast fyre: det han hadde sagt um Herrens Kjøtpaataking er "korrekt", so langt det gjeng. At det ikkje altid skulde lata seg gjera i Praksis aa fylgja den heilage Skrift, hev Bispen aldri sagt; fraa hans Sida hev det under den heile Samrøda med Hr. Vidvey ikkje voret Tale um aa fylgja elder ikkje fylgja Guds Ord. Han ynskjer, at det altid maa verta fylgt i Livet, ogso daa, naar det ikkje smakar Kjøt og Blod.
 
Mykje Mas og liten Draatt. Paa Nedre og Øvre Bjørkeland ved Litlesand hev dei havt 101 Menneskjur under Forhøyr fyr det Mord (?), me tidlegare hev umtalat, og dei er enno like nære. - Um Bjørnerud-Mordaren veit me ikkje annat aa segja, enn at Fredriksson hev sagt til Presten Halling, at det er "Guds Sanning", at han er Mordaren, endaa det er mest visst, at han var i Sverike paa den Tid, dei tvo Gjentur vart myrde. "Sjaa, for utmerkt Rettsordning me hev!" segjer "Morgenbladet". "Endaa Frederiksson hev paasagt seg Mordi, tek me ikkje Livet av honom, fyrr me hev Vissa!"
 
Framstig? Det, vaar Rikshovudstad uppnaadde fyr 6 Aar sidan, nemleg av faa berre stokkkonservative Storthingsmenn av det reinaste Vatn, hev Stockholm no ogso uppnaatt. Alle liberale Riksdagsmannskandidatar er kastade. Men samstundes hev Stockholms Arbeidarsamfund kastat sin gamle Formann, fyrdi han var for konservativ.
 
Clinton. Ogso "Morgenbladet" veit aa fortelja, at Professor Clinton hev upptekt ein Planet. Me ventar snart aa faa høyra, at Siebenburgeren Putsch hev funnet ein ny Maane.
 
Gaava. Ritmeistar J. Heftye hev gjevet Daupefont til Johanneskyrkja i Kristiania av hoggen Marmor, verd 2400 Kr., og Fat, verd 8700 Kr. Fonten er hoggen av Bilæthoggar Castberg.
 
Dr. Aug. Pettermann, den aagjæte Geografen i Gotha, er ikkje daaen av Slag, men hev hengt seg; husleg Ulukka skal vera Grunnen.
 
Upptekt Øy i Nord-Ishavet. Skiper E. Johannesen hev den 3dje Septbr. funnet ei Øy i Polarhavet under 77 o 35´ n. B. (66 o L.), nordaust fyr Nowaja-Semlja. Han kallar henne " Ein semdi". Ho er 2 ½ Miler lang, flat (ingen Stad høgre enn 100 Fot), snjoberr, faatøk paa Plentevokstrar, men rik paa Fugl. Havet var i Vest, Nord og Aust isfritt, i Sud og Sud-Aust saagst Drivis.
 
Kongeløn. Khediven av Egypten hev av den europeiske Nemnd, som er nedsett til aa ordna det egyptiske Finantsstell, fengjet ei Aarsløn av 1,800,000 Krunur og Prins Halim Pasja 1,080,000 Kr.
 
Røving. Skiper Isak N. Isaksen (Jagt "Prøven" fraa Trums) hev ved St. Hanstider voret utsett fyr Yverfall av eit russisk Skipsmannskap 1 Mil fra Nowaja-Semlja. Russarne tok ein Kasse med Riflur, Kikarar, Ur o. m. Hr. Isaksen segjer, at det hadde voret honom ei lett Sak aa skjota Røvararne ned, daa han hadde betre Vaapn enn dei, men han vilde ikkje gjera det av med deim. Etter denne Uheppa gjekk det, som ventande var, klent med Fengdi aat "Prøven".
 
Den gule Feber hev vistnog teket av, men krev enno sine Offer i dei Nordamerikanske Sudrike; dei reknar 7000 Daane til Sluten av Septbr., derav i Memfis 2800 og i New-Orleans 2500. Ogso i Madrid gjeng den gule Feber.
 
Plaaster paa Saar. Bismarck sagde i Riksdagen um Socialdemokraten Bebel, at han hadde Talent til aa verta Korrespondent til Times. Oppert-Blowitz, som nyleg sende Verdensbladet Underretning um ein Samtale med Rikskanslaren um den Maate, som Fyrst Gortshakow opptrod paa Vaaren 1875, vart saarad ved detta. Men no er han utnemnd til Riddar av den preussiske Kruneordens 3dje Klasse. Han skal likvel hava negtad aa taka imot Ordensteiknet.
 
Japan hev no 34,338,000 Menneskjur.
 

 

Frå Fedraheimen 09.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum