Kristiania, den 8te Oktober 1878.

 
Kristofer Bruun og Hartvig Lassen. Som fyrr fortalt hev H. Lassen i "Aftenbladet "komet med eit langt Skriv imot Kr. Bruun og hans "Folkelige Grundtanker" (6 Artiklar). Bruun hev svarat i same Bladet (4 Artiklar). Det er dugande Karar til aa skriva baade tvo, men mest Bruun, som er framifraa aalvorleg, roleg og greid, men overlag sterk. Ogso Maalsaki hev Hr. Lassen teket seg av. Ho hev no ein Gong fest seg hjaa honom, den Trui, at "Norsk er i Sanning eit daudt Maal", og at "det er Dansk-Norsk, og berre det, som er gjevet det norske Folk, at det deri skal syngja sin Tone med i det store Ættar- Kor." Hartvig Lassen hev, som Ein veit, gjort Henrik Wergeland og hans Samtid til Fyremaal fyr Gransking og stig no altid fram som nær sagt den einaste "Sakkunnige", naar det er Spursmaal um Wergeland. No hev Lassen ikkje kunnat negta, at Wergeland " ein Gong" var inne paa "Maalstrævet", men han hev likvel funnet ut, at Wergelands "heile Forfattarliv, fraa hans fyrste til hans siste Aar, viser, at han brydde seg so ørlitet um nokot Slag "Landsmaal", og var so likeglad – mest uvyrden – i Valet av Gloser . . ., at den mest fanatiske Maalstrævar – berre han torer sjaa Sanningi i Augo – naudsynleg maa leggja Merkje til denne Motsetning millom hin Theori og hans heile Livs Praksis", og dermed meiner Hr. Lassen aa hava reinvaskat Wergeland fyr alle Maalstrævarflekkar. Bruun finn derimot, at Wergeland – som sannt er – gjenom heile sitt Liv hev voret Maalreisnings-Tanken tru og segjer: kunde han (W.) naa so langt, medan Folk enno visste so litet um vaare Bygdemaal, kann Ein so tvila paa, kvar han vilde stadet i Maalstriden i vaare Dagar, etter dei merkjelege Upplysningar, som Vitenskapen hev gjevet um desse Bygdemaal, og som ikkje vilde hava gledt nokon Nordmanns Hjarta meir enn hans?" Lassen skuldar Bruun og den Fylking, som han er med i, fyr aa fara med " Fraser", men Bruun trøystar seg med, at Wergeland ogso vart skuldad fyr aa vera ein " Frasehelt." "Hans Norskdom fann Motstandararne hans aa vera likso "fanatisk og borneret", som Lassen finn min aa vera", segjer Bruun. "Han vakte slik "Split millom Sønerne" av sitt Fedraland, at den "Split", dei kann skulda meg fyr aa vekkja, er ovleg tam derimot. Hans uvituge "Svermeri", hans grenselause Stormod og utolelege Sjølvvyrding kunde etter dei Folks Meining, som livde saman med honom, fullt mæla seg med dei same Dygder hjaa meg. Det er sannt, at quod licet Jovi non licet bovi (det som gjeng an fyr Jupiter, gjeng ikkje an fyr Stuten); men endaa ser det ut til aa vera løyvelegt aa bjoda Stuten nokot av same Kosten som dei i den Tid baud Guden." – Me skal vera til Hjelp med ein liten Upplysning i denne Striden um Wergeland, nemleg i det Spursmaalet, um han i si siste Tid uppgav Maalsaki elder ikkje, og me skal taka denne Upplysning like ut or hans "Livs Praxis." I "Nordmandens Katekismus" 2dre "forøgede og omarbeidede" Utgaava, som kom ut i Skaldens sidste Liveaar (1845), finn me Ord som: Helse, Hagetjørn, Grop, Knatt, Viiskall, trøttnes, lell, Kvell, tæmjer, sæl, Vet, Uvet, Sjø, leek (av lika), sta, Brok, Hærde, stutt, vaksin Gut, nakne Bakken, Stakken, Graabein, Øikjen, Kua, Let o. fl. kavnorske Ord, som Hr. Hartvig Lassen aldri hev teket og aldri kjem til aa taka paa Tunga. Derimot finn me faae av dei Ord, som W. etter Lassens Meining (Henr. W. og hs. Samtid, 2dre Utg. S. 233) berre brukte fyr di dei hadde ein "karakteristisk Klang" (var "onomatopoietiske"), men ikkje fyrdi dei var norske; og av slike Ord som "Gespenst, Geist, gesvint", som Lassen og paa same Staden dreg fram til Vitnemaal um W.s Umaalmannskap, finnst der ikkje eit einaste i denne Boki. Det var i Nordmannens Katekismus, detta; i den hev han i so mange Maatar nedlagt sitt "politiske Testamente", og det er difyr serleg merkjelegt, at han her viser seg so norsk i Maalet. "Frisk ved Naturens Barm slaar altid Folkets Hjerte", det er ein av hans Grunntankar, som han just her dreg fram; og det som gjeld um Folket, gjeld og um Folkets Maal. – Men um det aa fara med laus Tendenssnakk hev han og nokre fagre Ord, sjaa S. 12, 12te Lina! - Bruun segjer, at han og hans Vener skylder Lassen stor Takk fyr Boki hans um Wergeland, um dei enn ikkje finn henne fullt "tilfredsstillende." Me vil raada Folk til attaat Lassens Bok aa lesa Schwanenflügels "Henrik Wergeland, En Studie; Khvn. 1877" 1); det Inntrykk Ein fær av Skalden, naar Ein les baade desse tvo Bøkerne ihop, vil etter vaar Meining vera nokotsonær det rette. Det Ein fær ved aa lesa Lassens Bok, er langtifraa ikke den heile og sanne Wergeland, og det er merkjelegt, at ein Mann kann hava granskat Wergeland alle sine Dagar og so ikkje ha fenget betre Tak paa det Historiske og Store ved Mannen, enn Lassen hev gjort. Men det var no det, at han var den fyrste som freistad. - H. Lassens Svar paa Bruuns Artiklar i Aftenbladet er etter vaar Meining lite merkjande.
 
1) Les ogso Prof. Skavlans Stykkje um W. i "Nyt n. Tidsskr. V-VI. 1877.
 

 

Frå Fedraheimen 09.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum