Høgsteretten.

 
hev no sagt, at ein "vis Mand" er det sama som Gamle-Eirik, so no skal Ingen lenger tvila paa det. Og det er godt aa hava Høgsterettsdomar fyr slikt. Det kvesser Tanken og greider upp i "Begreberne". Det er ei Vinning baade fyr Ordboki og fyr Kulturen, at den Domen er fallen.
 
Men det er ikkje stor Vinning fyr den norske Regjering. Det Einaste ho hev vunnet er aa faa Høgsterettsdom paa, at ho ikkje "løner og frir sine."
 
- Gamle-Erik er, som me alle veit, ein Skarv, ja den største Skarven som til er. Men etter dei gamle Segner er han daa so ærleg, at han løner og frir sine; for han veit likso godt som "Morgenbladet", at ein Tenar maa hava si riklege Løn, dersom han skal vera litande paa. Og so er han klok, Fanten. Han veit med seg, at dersom han ikkje gav god Løn, so var her ikkje Ein, som vilde vera hans Mann. Alle vilde venda seg fraa denne Styggingen og ganga dit som der er Ljos og Liv og Sanning, so sannt han ikkje betalad godt fyr seg. Og so betalar han fyr seg, og so fær han Folk. Han kjenner Verdi, Skarven. Og han vinn eit "Parti", som er so stort, at han aldri er i Beit med aa faa fram sine "Forslag", um dei enn er aldri so ravande galne. -
 
Etter den Domen, som no er fallen, so er den norske Regjering ulik denne Skarven i detta som i alt annat. Ho læt sine Folk træla utan Løn; ho hjelper dei ikkje eingong til ein Orden elder ei Jordbrukspremi. Men kjære vene, kor kann eit Styre som vaart venta aa faa nokot Parti paa den Maaten?
 
Iallfall kann ikkje eg tru, at her finnst fælt mange, som bryr seg um aa tena detta Syret utan - god – Løn. Ikkje vilde eg gjera det. Eg maatte hava Løn i Haugevis, dersom eg skulde bruka meg til Verjing av nokot so armt og livlaust. Eg vil ikkje tala um Pengar; dei var no sjølvsagde; men eg laut hava minst ein Orden til kvar "Geburtsdag", og dessutan maatte eg faa jamt "Sæte" i alskyns kongelege Kommissionar, Rett til aa leggja inn gode Ord fyr Vener og Kjenningar, Lovord i Mgbl. fyr alt det eg gjorde, og helst naar eg gjorde nokot galet, og so ein Bisptil aa halda Lovtalen yver meg, naar eg eingong var daud, - og endaa skulde ikkje eg vera av dei dyraste Folk. Det skil so utrulegt kven det er Ein tener, maatru. Er det ein Livstanke, ein Folketanke, ein Framgangstanke, - so kann Ein koma til aa halda so av denne Tanken, at Ein gjev seg i Arbeid fyr den um Ein so snaudt tener Saltet til Maten; - men det "Stangske System!" – som ingen annan Tanke hev enn den, at Folk ikkje bør tenkja; som ingen annan Ting vil enn det, at Folk Ingenting skal vilja . . . nei! som sagt: daa maatte der Løn til, og det god Løn.
 
Men no veit me, at Styret ikkje løner og frir sine.
 
Kor gjeng det daa med "Partiet"?
 
- Eg meiner at ei Regjering som vaar just burde løna og hjelpa sine, og det av all Magt. Ikkje fyr si eigi Skuld, naturlegvis; for sjølv vilde ho visst so gjerna vera kvitt "Magtens Byrder", berre ho visste nokon annan, som ho torde tru Landsens Vælferd til; men fyr Systemet! Ho skulde halda væl Auga med sine Folk, so ho visste paa Prikken kven ho kunde vinna, og kven ho maatte vera rædd. Saag ho ein Fridomsmann, ein Folkemann, ein Maalmann elder nokot slikt stygt, so burde ho sjaa til aa halda 'n nede, - ikkje hardhendt, so der vart Staak av det, men berre so fint, so lempeleg, so Ingen vidare gaadde det, utan den Styggingen som det just galdt, - berre so vidt at ho heldt slike Karar ute fraa Magt og Rikdom og Æra og annat slikt, som Folk jamt er glade i. Men saag ho ein Mann, som ikkje var Fridomsmann, og ikkje Folkemann, og ikkje Malmann, og ikkje nokot slikt stygt, elder Ein, som av Natur elder Uppfostring kannhenda var just det Motsette, - daa burde ho bruka all si Magt fyr aa hjelpa slike fram, men fint, so det ikkje vekte Staak, - gjera Embættsvegen lett fyr dei, og Æreporten vid, - lata dei faa Ordenar og Premiar i Hopetal, Jordbrukspremiar, Kokke- elder Bokskrivarpremier, St. Olav, Wasa, og alt som til var, og so hjelpa dei til aa tena Pengar paa alle dei Maatar som med godo gjekk an. Daa fyrst kunde ho venta seg trugne Tenarar og eit paalitande Parti!
 
Men kvat nyttar det aa tala um Politik og Krokvegjer til ei Regjering, som hev Høgsterettsdom paa, at ho er so ærleg og truskyldig som eit Lam?
 
Lammet vert aldri Rev og Sauen aldri Varg og Gaasi aldri Geni, um ho enn kann læra aa tala Fransk. – Nei, naar heiderlege Regjering er som Peer Gynt: ho gjeng sin eigen Gang, vert den ho er, - dum, men dygtig. Ho kjenner ikkje eingong den vonde Verdi, ho liver i. –
 
Og ho gjer kannhenda rett. Eg minnest eg las eingong i Grøgaards Lesebok, at det er betre aa døy med Æra enn aa liva med Skam; eg forstod ikkje det den Gongen, men det er væl altid sannt. Det beste var fulla aa liva med Æra; men kann Ein ikkje faa det beste, lyt Ein vera glad fyr det næste, og "under vore smaae Forhold" er det store Ting, um me fær det. Fatikfolk kann aldri venta aa faa nokot av beste Slaget.
 
Lat oss tru, at det er det, vaar Regjering strævar etter: det aa faa døy med Æra! Men aa døy med Æra er paa Norsk aa døy Straadande. Difyr treng Styret ikkje større Parti enn berre sovidt det heng ved Krakken. Og dertil skal der ikkje stort, her i Landet.
 
Difyr tarv det helder ikkje fara med Politik elder "løna og fri fine." Det gjev ikkje Ordenar elder Premier til andre enn dei, som i Sanning fortener det. Det held Ingen ute fraa Embættsvegen, um han er aldri so mykje Motstandsmann. Det er like sælt um all Ting, berre det kann faa halda paa si Dygd og si Æra. Kann nokon venta meir af ei norsk Regjering?
 
Eg meiner nei.
 
VII.
 

 

Frå Fedraheimen 09.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum