Brev fraa Danmark.

 
Odense 15de September.
 
(Sluten).
 
[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
Folkethingsmennerne Harald Holm og Klavs Bentsen heldt og fram, at Kold som den Fremste havde sett upp Kravet um Foreldri sin Rett, naar det galdt Uppfostringi av deira umyndige Born; men Holm sagde ogso, at Friskulen er so gamall som Manns-Ætti, og allstad der ei Moer fortel fyr Barnet sitt elder svarar paa Spursmaali aat det, der heldst Friskule. Dermed er Friskulen ikkje nokot nytt, men ei Uppliving av det gamle. Og liksom Kold er aa agta fyr den Fremste i detta Upplivingsarbeidet, soleids er han og retteleg den, som sette Høgskulen inn i Folket. I Rødding, sagde Kold sjølv, vil dei fostra Kjempur paa Danskesida til Striden millom Dansk og Tysk; paa Hindholm vil dei fostra Bondevener til Striden millom Bonde og Herremann; men paa Hindsholm (Skulen aat Kold) vil me utvikla dei unge til aa vera med paa den rette Sida i Striden baade i oss og ikring oss millom Sanning og Lygn, millom Liv og Daude. Det Grundtvig bar fram som Skald, var Kold den beste til aa gjenomføra i Livet. Det er sannt, at Ungdomen er "Aandens Skabertime"; men Barndomens Inntrykk er dei djupaste og sterkkaste. Kold vilde, at Borni skulde læra utan liksom aa gaa etter, at dei var i Skule, ved aa vera med i Huslivet og ved aa faa Svar paa sine Spursmaal. No er her snart Ingen, som held paa Puggverk-Skulen og Ramslesingi i same Skikk som fyr 25 Aar sidan. "No skal de hava Takk", skriv Skulemannen Schousbo fraa Kolding; "Friskulen hev gjort ein god Gjerning ibland oss til dessa; men no kann me (i Riksskulen) nok greida det." Men me segjer nei; for kor vart daa Friviljugskapen av fyr Heimen? Barnefostringi er ei Hjartesak, og der maa Friviljen plent til. Elder skulde den Presten, Rismakti valde, vera betre fyr ei Sokn enn den sjølvvalde? elder skulde kanskje Riksens Raadsmagt velja Sveinen Brud elder Møyi Brudgome? Friskulen hev Livet paa si Sida; fraa den er det, Riksskulen hev fenget sitt Liv, og gjekk den upp, vilde det sjukna burt att. Men Friskulen maa fram i Uppliving og Upplysning, og her kann den utvidkade Høgskulen i Askov verta ei god Hjelp fyr Friskulelærarom. Schrøder sagde, at Ein lyt orsaka dei Unge, at dei hev talat uvist med um alting; men so maa det ikkje halda paa; no maa dei fram til nokot som meir duger.
 
Ei ny Grein av Friskulen, Barneheimarne fyr heimlause Born, veks no fram rundt i Landet. Av desse Heimarne er den i Gjelsted ein av dei yngste; han er styrd av Johannes Carlsen (som lagde inn eit godt Ord fyr denne Heimen paa Møtet) og Kona hans. Møtet var i det heile hyggjelegt og heppelegt. – Den Mannen, som no held Friskule i Dalby, er Anders Klinkby, som fyr nokre Aar sidan var uppe og saag seg um i Norig. Fyr tvo Aar sidan var Marinus Jørgensen og deruppe; han hev eingong voret Lærar i Dalby, han med. Fraa Norig skreiv han Brev og Vers i "Høiskolebladet", og han minnest visst deruppe, baade fraa denne Ferdi og fraa ei fyrr, av ikkje faae Vener; for han var ein vensæl Mann, av dei som helder vil gjeva enn taka. No er hans Dag til Ende. Han døydde den 6te September. Martinus Jørgensen var Broer til Utgjevaren av "Høi skolebladet." Han livde ugift i Minnet um si væne Ungdoms-Brud Karen Dons, som han og kallad upp sin fagre heim etter; han budde i Vestre Nebel ved Kolding og hadde der, umframt Friskulen, ein Hagebruksskule, som han styrde. I den sidste slesvikske Ufreden var han med, og like eins var han i alle sin Dag ein ærleg Stridsmann fyr Danskdom og Fridom og alt godt han visste. Han vert saknad og elskad i Minnet av mange.
 
XIII.
 

 

Frå Fedraheimen 09.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum