Utlandet.

 
Det gjeng no att det Ordet, at den prøysiske Kultusminister Falck skal ganga ut or Ministeriet.
 
I England ventar dei, at Heren imot Afghannistan skal koma til aa standa under General Crawford Chamberlain. Han er halden fyr aa vera ein av deim, som er best kjende i dei indiske Grensefylkje, og han var med i den afghaniske Herferd fraa 1839 til 42. Det er enno uvisst, um Regjeringi ætlar seg til aa byrja Hernaden strakst; det ser ut til, at dei fyrst vil sjaa til aa freda alle Grensefolki, so dei ikkje blandar seg uppi. Dei er ikkje til aa spøkja med; for dei kann lettvinnt stella upp 100,000 Mann, er det mellt til Times fra Kalkutta. Men Krigen er halden fyr aa vera uavvendeleg. Fraa London er telegraferat, at den engelske Floten i den persiske Viki skal verta styrkt, fyrdi dei ottar eit Samband millom Persarkongen og Shir Ali. Ryssland segjer seg fritt fyr aa hava nokor Skuld i Framferdi aat Emiren; derimot skuldar det England fyr, at det freistad aa gjera Ryssland Meingjerder i Millomasia, med' Turkekrigen stod paa. Times skriv i ein "Leidar" den 28de Septbr., at Aatferdi aat Shir Ali hev sin Grunn i Rysslands Paaverknad den Tid det saag ut til, at ein Krig med England var snarleg ventande; Bomba er no brosti, men for seint. Det hev jamvel voret sagt, at det den Gongen vart gjort ei Semja millom Ryssland og Afghanistan med dei Skilordi, at heile Afghanistans Her skulde standa til Rysslands Tenesta, og at ein ryskafghanisk Her skulde ha trugat med Innfall i India, um ikkje fullført det. I Ryssland negtar dei, at det hev funnest nokor slik Semja.
 
I Austrike kravde Ministeriet i Sumar aa verta avløyst. No hev Ministrarne lovat aa verta standande til dess Budgetframlaget er ferdugt, men segjer framleides at dei ikkje kann semjast med Grev Andrassy i Spursmaalet um Maaten aa greida Krigskostningarne.
 
Det ungarske Ministerium hev likeins bedet seg avløyst. Tissa yverrette i Gaar Keisaren Avskilssøknad fraa heile Riksraadet.
 

 

Frå Fedraheimen 05.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum