Um kui.

 
(Framhald.)
 
[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
Skallen skal vera flat og fær sitt rette Lag og Storleik, naar Horn og Øyro og Augo stend rett til. Paa kollutte Kretur ser Skallen smalare ut, og der er ein høg Kamb fram-i Yvergangen til Nakken. Hjaa Uksen er Skallen breidare og meir framskjotande.
 
I det heile skal Hovudet vera litet og fint og smalna vænt av ovanfraa ned til Mulen. Hjaa Kui er det gjerna smalare og ser daa lengre ut. Heile Andlitet skal vera turt og fint med tunnt, slett Haarstøde. Nasebori store, opne og reine. Mulen haal, raasken og kaldvoren; han er breidare hjaa Uksen enn hjaa Kui, og hjaa Fjellkretur enn hjaa Flatlandsdyr. Vænast Hovud hev Stutthornslaget: litet, stutt og avsmalnat, med smal Munn og Mule, klaare, opne Augo, smaae Øyro og sine stutte Horn. Hjaa eldre Kretur vert Hovudet meir kantutt.
 
Nakken skal vera tunn og fin, so nær som hjaa Uksen, der vert han breid og tjukk.
 
Hjaa velskapade Kjøtdyr gjeng Halsen i ei bein Lina med Hovudet og Ryggen, men er gjerne lite høgre yver Manken. Hjaa Uksen og hjaaKjøtdyr er den øvste Kanten breidare og førare enn Ein likar 'n hjaa Mjølkekreturi. Han er stutt, men hjaa Kui ser han lite lengre ut. Hudi skal vera laus og gjerne liggja i Rukkur. Nedre Kanten av Halsen kann vera fyllugare og bør ganga jamt fraa Hovudet ned til den lause, mjuke, fritt hengjande Dogglepp (Valke), som heng ned imillom Framføterne. Ein lang og skarp Hals er nok Merkje paa god Mjølking, men han er veik og vrakande hjaa Slaktkretur.
 
Paa Sidurne gjeng Halsen jamt yver i Bulen, rettnok med ein "Ansats" (Vol) hjaa Mjølkekui. Hjaa denne kann Ein og godt sjaa Aarerenna langs Barken paa den nedre Kanten av Halsen.
 
Ryggen gjeng i ei bein Lina fraa Halsen til Krossryggen. Han er etter Maaten stuttare enn hjaa Hesten; Luten fraa Manken attyver til Lendi kann gjerne vera lang; sjølve Lendi skal vera stutt og breid, daa vert Kroppen betre sluttad. Ei lang Lend segjest vera Merkje paa, at Feittet leggst meir paa Innvolen (Innmaten) enn paa Kjøtet.
 
Ein hol (seilen) Rygg er Merkje paa at Kreturet er slakkt og lapet, ein uppskoten (krylen) Rygg er Teikn paa Sjukdom. Ryggen skal vera breid, daa det tyder baade paa ei god Kelving av Sidebeini og paa lange Tverrvokstrar fraa Krossryggen, og derattaat gjev ein breid og flat Rygg ogso Sess fyr ei stor Kjøtmengd. Ein kvass, skrinn Rygg tyder paa ei skral Bringa, attaat det at Dyret ikkje legg Hold. Ei lang og smal Lend er gjerne fylgd av store Svultgruvur og klen Matmelting.
 
Brjostet bør vera stort baade hjaa Mjølkekretur og Kjøtkretur, daa baade Mjølk- og Kjøt-Umlagingi krev ein rask, lett og full Andardraat. Storleiken paa Brjostet dømest etter Lengdi paa Ryggen, Dypti etter dei andre Limer og etter Rundingi paa Sidebeini. Djupt kallast Brjostet, naar det røkk lenger ned imillom Framføterne enn til ei Lina, som Ein tenkjer seg fraa Olbogeledet til Kneledet; røkk det ikkje so langt, er Dyret høgbeint og Brjostet laakt. Breiddi elder Viddi paa Brjostet rettar seg etter Lengdi og Rundingi paa Sidebeini. Me maa her hugsa, at stutte Sidebein hev større Runding etter Maaten enn dei lange, og kann soleids lata Brjostet sjaa breidare ut, enn det er. Det er eit gamalt, velkjennt Mjølkemerkje, at naar dei attare Sidebeini er langt fraa kvarandre, so skal Kui vera god; og paa ein Maate kann det vera rett, daa Sidebeini ligg tettare paa eit flatt ihopklembt Brjost; men naar Brjostet er stort, hev dei eit større Rom aa slutta inn og kjem soleids lenger fraa kvarandre. Men Orsaki til denne Sprikingi kann som tidaste vera Slakkning i Musklarne (Segarne), so at Millommusklarne ikkje held Sidebeini strame; og daa ei slik Slakkning gjerne fylgjer etter ei Ovmjølking, tyder det paa, at Dyret er eit einsidugt Mjølkekretur. I ei stor rømeleg Brjosthola er der store Lungur, og dei trengst likso vel hjaa Uksen som hjaa Hesten. Den riklegare Fodring, Uksen fær i eit velstellt Husdyrbruk, vil meinka Andardraatten, so at Lungurne kann vera i Faare fyr aa verta yverfyllte av Blod (Kvæving), men paa den andre Sida krev den raae, innestengde Luft i Fjoset eit raskt Blodumlaup. Ei sterk Mjølking røyner og Lungurne, for sjeldan vert ei gomol god Mjølkeku slagtad, utan at det finnst Skade paa Lungurne.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 05.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum