Smaating,

 
som ikkje er so reint smaae endaa.
 
(Sluten).
 
[Del 3 av 3. Fyrste delen.]
 
Du stakkars unge Norig, det er reint eit Guds Under, at du da hev kravlat deg fram so langt! For det er spelegt og ein sorgsam Lagnad fyr eit Land, som er litet og veikt i seg sjølv, naar det ikkje eingong veit, um det kann lita paa sine eigne Styrarar. Lat oss ikkje syrgja yver, at Styret hev havt so liten politisk Dugleik! Med eit sovande, likesælt Folk – som vaart enno er – og eit ustødt, ræddvoret Thing – som vaart stundom hev voret - kunde ei klok, politisk Regjering ha øydelagt vaar Grunnlog fyr lengje sidan. –
 
Daa Unionsframlaget var avtynt, sagde Folk: no er me trygge! No kann desse Utankar ikkje oftare livna upp att! – Men Styret sat tryggt paa sine Gjerningar og lo i sitt vise Skjegg.
 
Den gamle Adam er seig. Han kann liggja og liva liksom Padda i hundrad Aar under ein Stein, so Ingen veit um det. Men so ein Dag, naar Ein minst ventar det, so krabbar han fram att.
 
Korleids heng det t. D. ihop med alle desse "Smaating" og "Formsaker", som er uppe og spøkjer i denne Tid?
 
Der kjem dei stikkande med eit nytt Hermerke; dei norske Fargar er burte; den norske Løva er burte; der stend ein stor O paa ein kvit Klut, det er det heile; men detta skal vera Hermerke fyr norske Hermenn -?
 
Norigs Her maa kjempa under Norigs Merke; gjer han ikkje det, so hev han ikkje Rett til aa vera til. Skal no denne kvite Kluten med O i vera Norigs Merkje? – Men Norig hev sitt Merke, som ingen i Verdi hev Lov til aa røra, og som kvar Norigs Mann er skyldug til aa verja med Liv og Blod! Skal det daa vera ein Spott mot den norske Her? –
 
Aa ja; den norske Heren kann fortena Spott; men Spotten skulde daa ikkje koma fraa dei Menn, som sjølv hev Andsvaret fyre at Heren er som han er!
 
Ein Landsher maa hava eit Merke, eit Sam-Merke, som gjeld fyr alle, eit, som heile Landslyden kann samla seg um i faarlege Stunder. Det gjeng aldri an, at same Landsheren hev fleire ulike Merke. So maa det vera Meiningi aa lata heile Norigs Her bera Kvit-Kluten med "O" i. – Er det daa ein Freistnad paa aa faa oss til aa gløyma vaart National-Merke? Elder er det ein Spott mot heile "Nationen", - ein Spott, fyr di den norske Nation er so litet national?
 
Aa ja; den norske Nationen kann fortena Spott; men Spotten skulde daa ikkje koma fraa dei Menn, som sjølv hev gjort Sitt til, at National-Kjensla ikkje skulde faa veksa!
 
- Elder er det same Visa som den, som var uppe i Karl Johans Tid, og er det den gamle Bernadotteske Kongstanken, som er ute og spøkjer?
 
Og kor heng det ihop med det, at den norske Heren no er fyresagd aa ropa 4 Gonger Hurra istadenfyr 3? – Ein laatteleg Smaating! Flirande, meir enn flirande, at den kgl. norske Regjering kann bry seg um aa stella med slikt! Men kvat skal det segja? Kor er Tanken i det? Eit Riksraad kann daa ikkje gjera nokon Ting utan Tanke; "en Skjæbne, Aand og slikt gjør Intet hen i Taaget;" - men kor er Tanken i det 4-dubble Hurra?
 
Svenskarne brukar det; men vaar Her hev aldri brukt det. Er det fyr aa faa vaar Her meir lik den svenske? Men kvat skal so det svara fyre? Er det same Tanken som var uppe i Karl Johans Tid, daa det vart fastsett, at dei norske "Graagutar" skulde gjerast um til "blåa gossar"?
 
Det er sannt – med det sama eg talar um blåa gossar, so lyt eg nemna, at der nok er nokot slikt uppe i "Militærskrædderiet" no au. Som me alle veit er vaart Herstyre ikkje stort annat enn ein Skræddarverkstad. Vaare Krigsministrar utfører "Reformer", d'er greidt; men desse Reformer gjeng sjeldan lenger enn til aa finna ut nye Skurdar paa Kufta, nye Snorer og Knappar paa Kjolen, nye Hattar og Huvur, og – naar det kjem fælt høgt – nye Fargar paa Munduren. Den sidste Herskreddaren vaar hev gjort store Reformer i denne Vegen, so det er aa vona, at han snart fær ein ny Aand innsaumad i heile Heren, og det kann nok turvast. Men millom desse store Reformerne hans er ogso den, at Vaapenkjolen skal vera - "blå" – ja, d. v. s. "mørkeblaa." – Heng det ihop med det 4-dubble Hurra det, tru? –
 
"En Skjæbne, Aand og slikt gjør Intet hen i Taaget"; det 4-dubble Hurra maa hava ei Meining; men kor er Meiningi?
 
I Karl Johans Tid sette dei Norigs Riksvaapen paa svenske Mynter. I vaar Tid set dei den svenske Kongen paa norske Pengesetlar. 1) Det finnst i heile Verdi ikkje eit Land, der slikt kunde henda; ingen Mann i Verdi vilde finna paa aa svivyrda sitt Fedreland paa den Maaten. Ein framand Konge paa eit fritt Lands Mynt – eit makalaust Paafund! Men her i Norig finn dei paa det. Og Riksstyret – segjer ikkje eit Ord. Er det same Tanken som den, som var uppe i Karl Johans Tid, daa det norske Riksvaapen vart "utlaant" til "Nabolaget" liksom ein "gammel Huskat"? -
 
Eg veit ikkje kven det er, som finn paa slike Ting; eg veit ikkje, um det stend nokon "Kongstanke" attum; men det kann vera det sama. Kongen gjer, det han i sin Visdom finn er rett: men Riksraadet skulde passa paa sitt Lands Æra. Hev det Tid til aa liggja aa telja paa Hurrarop og sauma paa nye Kufter, so kunde det og hava Tid til aa sjaa etter, at Landsens Grunnlog vart vyrd, og at Ingen fekk gjera "Kunster" med dei Ting, som Folket eig og elskar. Men det er nok ikkje fraa den Kanten, at Folket kann venta sin Rett korkje i det eine elder det andre.
 
- Det er "Smaating", det eg her hev talat um; men dei er ikkje so smaa endaa; for naar dei fyrst hender, so maa der liggja einkvar Tanken attum dei, og det er den Tanken, som me skal vera litegrand vare med. Me gjeng her so trygge og likesæle; Ingen tor gjera oss nokot vondt; var det likt seg; - me ser rolegt paa alle desse svenske Flag, desse nye Hermerke og alt slikt; det tyder ingen Ting, det er berre aa læ aat. Ja ja; men i Henrik Wergelands Tid lo ikkje dei norske Menn aat Landsens Æra; og bak um alle desse Klutar og Fillur og Uniformer og Namn-Merke bur der andre Ting, som aldri er det Grand morosame. Lat oss vera rolege, dersom vaar Ro er Mod; men lat oss ikkje sova. Me er ikkje komne lenger, enn at me nok enno kann støyta mot Baaar og blinde Skjer.
 
Det er so underlegt med ei historisk Skuld; ho kann gløymast fyr ei Tid; men rett som det er, skyt ho upp att. I desse republikanske Tider hender det, at Kongarne minnest sine gamle Skulder og prøver paa aa greida dei fyr aa vinna stødare Fotfeste; Keisar Napoleon prøvde nokot slikt i Frankrike. Her uppe er her godt og rolegt, og Ingen trur annat enn at den gamle svenske Kongs-Skuldi er stroki. Men eit Land kann aldri vera tryggt, naar det hev eit Riksraad, som ende ut hev klaget seg fyre, at her er for mykje National-Kjensla i Landet, og som hev voret med paa aa leggja fram fyr Folksens Raad nokot slikt som Unionsakti. –
 
Vaar einaste Von er, at det maa lukkast aa faa dei vise Herrar inn i Thinget. Dei vil der faa lufta litegrand ut i alle desse usunne Draumar, som dei no ligg og gjøymer og bræder paa upp i sine væl avstengde Departement, og som dei maa vera fælande rædde fyre, med di dei so nauveleg vil fram i Thinget og i Dagsens Ljos. Men sviker den Voni, so vert gode Raader dyre i Norig. Dei fleste vil væl daa venda seg mot Fristyret, i den Tanken at det løner seg litet aa kosta ut store Pengar paa eit Riksstyre, som gjæter vaar Fridom og vaart Sjølvstende mest paa same Maaten so Bukken gjæter Kaalhagen. Me fær no drygja og sjaa. Det lagar seg væl; for Folk vil væl eingong faa nok av desse "Smaating" og krevja eit Styre, som veit aa gjera nokot som er Gagni.
 
Retting. I Nr. 62, 1ste Bolken 2dre Lina nedanfraa stend 14de Novbr. istadenfyr 14de Aug.
 
1) Kong Oskar i svensk Uniform er svensk Konge. Men paa vaare Krunesetlar sit han i svensk Uniform.
 

 

Frå Fedraheimen 05.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum