Kristiania, den 4de Oktober 1878.

 
Breidheim i Sept. Folket her kjenner dessverre svært litet til Maalsaki. Dei finn seg tolmodugt i aa lesa Bokmaalet og høyra det fraa Preikestolen (i Skulen er det, sovidt eg veit, svært lite brukt), utan at dei paa lang Veg skyner det alt elder veit, kvar det er komet ifraa. Men eg trur inkje, at det er Folket si Skuld; for det held nokso fast paa sit gamle Maal. Men Saki er, at Folket vantar Rettleidarar, som kunde lysa fyr deim og setja Liv i deim. Daa, veit eg visst, at det snart vilde skapa seg; for Folket er eit ungdomsfriskt, strævsamt Folk, som nok vil vita aa taka i, berre det fyrst fær Tak paa Tingen.
 
Krunemynt. Til 14de Sept. var utmyntad 2,200,000 Kr. i 1 og 2 Krune-Stykkje og 800,000 Kr. i 50-Øyre-Stykkje, tils. 3 Mill. Krunur. I Smaamynt 1,840,000 Krunur, derav 800,000 i 25 Øyre- og 720,000 Kr. i 10-Øyre-Stykkje.
 
Uppfostringshuset i Kristiania. Ved Hundraaarsfesten i Tysdags vart det upplyst, at ialt 400 er utgjengne fraa Stiftingi sidan 1805. Stiftingi eig ein Gard, verd 75000 Kr., og ein Kapital av 260000 Kr. Stiftingi er grunnlagd av friviljuge Gaavur etter Uppmaning av Bisp Smith.
 
Stiftsmøte fyr Kristiania Bispedøme (det 6te) skal haldast i Kristiania 29de Oktbr. og fylgjande Dagar. Dryftings-Emne: 1. Er det ynskjelegt aa faa eit offenleg valt Kyrkje-Møte til Granskning av dei kyrkjelege Spursmaal? 2. Skriftemaal og Syndsavløysing. 3. Um Jarnvegsdrift paa Heilagdagar. 4. Um Aands-Einingi i Fredsens Band.
 
P. A. Widvey hev i Stav. Amtst. svarat paa Biskop Moes "Erklæring", at han i sitt Referat hev haldet seg plent til Sanningi og endaa skrivet ned Bispens Uttalur ordrett. Han hev tvo Mann med seg, som "paa ære og Samvittighed og som for Guds Aasyn" vitnar, at Widveys Referat "er i fuld Overensstemmelse med Sandheden." Wildvey krev no, at Biskopen anten skal taka att sine Ord elder so ettervisa, kvat det er som er "uetterretteligt" i Referatet.
 
Jarnveg til India gjenom Evfratdalen vert det nok Aalvor med no snart. Engelske Ingeniørar fer ikring i Mesopotamia og ser ut Lina.
 
Uppbod. Glasgow-Banken hev spelat upp med Utskulder (Passiva) paa 252 Millionar Krunur. Eit Handelshus i London, Smith & Flemming, hev likeins spelat upp; Utskulder 54 Mill. Kr. Fleire store Hus ventast aa vilja fylgja etter.
 
I Amerika skal Tiderna etter eit Blad Economist, vera paa Veg til aa batna. Alle fyrr nedlagde Fabrikkar er uppattertekne.
 
Um Maalsaki inneheld "Kr.sands Stiftsavis" eit godt aa vitugt Stykkje, som det gjer godt aa lesa ovanpaa all den Fanatismen i Mgbl. og dess Underblad. Det gjeng ut um, korleids Ein skal faa "slutte Vaabenstilstand" millom dei "to Slags Maalstrævere" i Landet og held fram, at baade det danske og det norske Maalet bør hava sin fulle Rett jamsides kvarandre.
 
Bjørnerud-Mordaren. Saki mot Mjøltraavaren Frants Oskar Frederikson vart sin Maandag sluttad. Sakførararne fekk nokre Dagar til aa skriva sine Innstillingar. Det er ingen av deim, som er avhøyrde i Saki, som minnest aa hava set honom fyrr, og mykje av det, han hev sagt, hev vist seg aa vera usannt. Men han held fast paa, at han er Mordaren, og veit aa gjera god Greida fyr, korleids alt gjekk til med Mordi. Sidan i Maandags er komet Bev fraa Sverike um, at ein Umstrippar med Namn Frants Oskar Frederiksson hev voret i det nørdre Sverike paa den Tid, Bjørnerud-Mordi gjekk fyr seg. No maa dei fulla senda honom dit under Politivagt, og han vert soleids ein dyr Gris fyr det faatøke Noreg.
 
Cypern. Erkebispen av Canterbury hev sendt ei Adressa til Guvernøren Sir Garnet Wolseley um aa hemja Drukkenskapen paa Cypern. Bispen av Gibraltar hev medunderskrivet Adressa. Det vert bedet um, at dei med engelsk Styresmagt og engelsk Kultur ikkje maa innføra engelsk Vanhovsemd paa Øyi.                        
 

 

Frå Fedraheimen 05.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum