Hr. Bladstyrar!

 
Ein som kallar seg A. H. skriv i "Fedraheimen" No. 49 i "Ferdasoga", at det ved Klebu Seminar hev voret "strengt forbodet aa bruka nokot Slag Bygdemaal ved Øvingsundervisningi", til dess at Odelsthinget tok denne Raadgjerdi um Maalet i Skulom. Detta er no ikkje sannt; det er dei same Lærarar ved Klebu Seminar no, som daa eg var der fraa 1874-76, og daa fingo me av alle Lærarar Løyve til ved Øvingsundervisningi aa bruka anten me vilde Bygdemaal elder Dansk; det var inkje Band lagt paa oss i den Vegen. Det er Synd aa segja um Lærararne ved Klebu Seminar, at dei heve vist seg norskdomselskande; men det er au Synd aa ljuga paa dei eit Norskdomshat, som ikkje er til. Det kunde vera nok aa segja paa deim hellest – serleg paa Andrelæraren – um ein berre fylgde Sanningi. Eg vonar De er so "upartisk", Hr. Bladstyrar, at De tek inn desse Linor i "Fedraheimen."
 
Torpen i Nordre Land 26de August 1878.
 
R. Konstad.
 

 

Frå Fedraheimen 05.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum