Brev fraa Danmark.

 
[Del 1 av 2.]
 
Odense 15de September.
 
Til Friskulemøtet i Dalby paa Hindsholmen hadde det samlat seg upp-imot 1000 Møtesmenn. "Valgmenighedsprosten" Lindberg gav fyrst Fraasegn um, korleids Friskuletanken hadde komet upp hjaa Kold, og korleids han, daa han ikkje i den Tid kunde faa Tanken fram, drog avstad til Smyrna, "fyr aa læra aa lata att sin Munn", sagde han sjølv, "so han dess betre kunde bruka 'n, naar den Tid kom, at han kunde faa nokot aa segja." Og den Tidi kom fyrst etter 1848, og etter at han hadde voret med som Friviljug i Krigen ei Stund. Det var i 1851, at han og Povlsen Dal tok aat med Høgskule-Yrkjet i Ryslinge. So fortalde Povlsen Dal um, korleids Kold i dei fyrste Aari med stort Stræv og etter lange Fyreteljingar fekk samla ihop so eit halvt Tjug Unggutar til Høgskulen sin, og korleids han 2 Aar seinare – daa det var raadlaust aa faa ein fri Barneskule i Gang i Ryslinge – laut flytja Skulen til Dalby, der Grundtvigs Ord og Skrift hadde funnet tidlegare Inngang. Her i Dalby hadde Povlsen haldet Barneskule alt eit Par Sumrar, naar Kold paa sine "Tresko-Styvlar" drog ikring fyr aa faa Folk til aa senda Gutarne sine til Høgskulen, og no skifte dei seg her millom Barneskulen og Guteskulen. Det var gildt aa halda Skule her; Folk hadde alt i fleire Aar ventat paa nokot sovoret. Borni var væl her liksom allstad vane med aa læra Balles Lærebok utanaat og so lata Boki svara paa gjevne Spursmaal; men Kold tok det no paa sin Maate, han. Ein Dag fekk han i ei gamall "Ballebok", som dei fyrste og sidste Bladi var ute or. So spurde han: "Kvat vil det segja, at Gud er evig?" "Han hev korkje Upphav ("Begyndelse") elder Ende", svarad Borni med Balles Ord; men Kold vilde vekkja dei til Ettertanke og sagde: "Denne Boki hev ikkje helder korkje Upphav elder Ende; er daa den evig?" – So vart Skulehuset bygt paa Sjølveigar-Bondejord, som der berre var litet av, men Kold hadde som eit Hugsviv um, at Skulen ikkje skulde verta verande der, og bygde dermed soleids, at Huset var lett aa taka ned og flytja; og det vart til det ogso. Der var nok av Gjøn og Spott med "Fjællekassen"; men Barneskulen vaks snart fraa 30 til 70 Born, som huggad seg ved Kolds Forteljing og ved aa faa tala fritt ut. Kold sagde sjølv, at Borni lærte tie Gonger so myket som i dei hine Skulom, og sjølve Bispen laut undrast paa, enn alt det dei Borni visste Greida paa, og at dei endaa fekk lært baade Bibelspraak og Salmevers. Tvo andre Friskular vart og sette i Gang her ifraa. – Soleids gjekk det i Dalby i 9 Aar; daa laut dei flytja Skulen. Denne hadde fraa fyrste Tid havt stort Motstand. Ein Mann fekk ihop eit Samlag, "Landboforeningen", som hadde til si Hovudsak og øydeleggja Kolds Skule. Fraa detta Samlaget gjekk det ein Klage til Riksstyret, som let paa, at Høgskulen langt ifraa svarad til Namnet sitt, for dei lærde ikkje annat der, heittest det, enn aa syngja Salmar aa lesa Bøner. Eit Skriv, som inneheldt, at Skulen aat Kold var reint ei Øydeleggjing, vart boret kring fraa Hus til Hus og underskrivet av mange, som ikkje visste, kvat der var Tale um; og daa detta kom til Amts-Skulestyret, gjorde det so mykje, at der vart haldet eit Ettersyn av Amtmann, Prostar og Prestar. Kold var i Tvihug um, koss han skulde gjera, um han skulde taka imot detta Tilsynet, fyr framleides aa faa hava Rikstilskotet fraa Sørø, elder um han skulde stengja si Dør fyr aa faa hava Fred i sitt Hus; Enden vart, at han tok imot Tilsynet, men paa Vilkor, at Gutarne ikkje skulde verta prøvde kvar fyr seg, som han ikkje tottest hava Rett til aa tillata, daa "Gutarne betalad fyr seg." Med Prøven gjekk det overlag godt, og daa detta kom ut, kom det Gutar til Skulen i Mengdetal, so Kold no var fri fyr den mødesame Etterfaling. Det vart gjort ymist fyr at Skulen kunde vera i Dalby og utvidkast der; men Enden vart, at han flyttest til Dalum.
 
Povlsens Forteljing var Hovud-Ordet ved denne Minnefest; men merkjelege Drag til Kolds Livsbilæte vart og gjevne av Høgskuleforstandar Ernst Trier. Fyrste Gongen han møttest med Kold, var i ei Jarnvegs-Vogn. Der sat Trier som 20-Aars Student, som ein av "Herrarne i Aandheimen;" best som det var saag han Folk stimde ihop um eitkvart, og daa han skulde sjaa seg til, so uppdagar han midt i Hopen ein liten usjaaleg Kar, som sat der med Luveskyggja langt ned i Augom, so der var litet aa sjaa av Andlitet. Men eit klangfullt Mæle lyddest, og um det var det, at Folk samlad seg. Det var Kolds Mæle, detta, og Talen hans gjekk ut um, kvat der kunde verta av ein dansk Bonde. Slik var Kold stadd i Samfundet. Han turvte ingen Talarstol til aa stiga upp aa, fyr aa faa Folk til aa "sjaa upp" til seg. Ordet, som gjekk ut av hans Munn, drog sjølv Folket til seg. Kold vilde ikkje herska, men tena; hans Læretalar var meir likt til Samtale enn til Einetale. Han hadde Mod til aa skilja lag med desse Hundradaars Vildringar i Tankarne um Ungdomens Uppfostring, som krev fri Barneskule i Heimen elder ved Heimen, og fri Ungdomsskule. Kold var og med dei fyrste, som leet Gjentur faa koma inn paa Høgskulen, og Grundtvig vart ovglad fyr detta og sagde, at det var det merkjelegaste som i hans Tid var uppkomet i Danmark. Fyrst Uppliving, so Upplysning, meir Uppliving og meir Upplysning. Eingong Talaren kom heim til Kold, gjekk han og samlad upp Torv-Molar, og detta totte Talaren var ein liten Ting fyr ein sovoren Mann; men Kold kunde bruka det og til Upplysning: "der Inkje er, der vert det Inkje; men litet kann Gud vælsigna."
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 05.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum