[Suldal, Ryfylke]

 
Suldal, Ryfylke 23de Sept. Eg fær byrja med det "Materielle", for det er no det, som ligg os næmast paa Hjartat, maavita. Me hev spurt fraa ymse Kantar af Landet, at dei hev fengjet eit framifraa godt Aar; me Suldølingar kann i det Stykkjet korkje skrøyta helder laata illa; i det heile vardt det so medels. Kornhausten var fyre største Deildi av Bygdi temmeleg rik, so nær som paa ein og annan Gard, der det svidde av. Jordepli er inkje enno komne or Jordi, men etter det, me hev røynt, teiknar dei vent. Av Høy vardt det iaar inkje rett myket; fyredi at Heidi, der Suldølingen hev sin meste Foderskipnad, i Sumar slog reint i Miss; men heime i Dalen stod Engji brisen. Sumaren hev voret uhorvelege varm og turr, so me vonar, at det Høyet, me hev fengjet samlat, er av beste Slaget. Men var Sumaren varm og turr, so er Vedret reint umsnutt i Haust, for i dei sidste 14 Dagar hev det regnt so reint uhorvelege at ein inkje ofta ser Ær og Bekkjer i dei Fautar, som dei no er i.
 
Bispen vaar, Jørgen Moe, hev nylege voret her paa Visitats. Det gjekk godt baade fyre Skulemeistarar og Born, og Bispen var nok inkje reint fri fyre, at han roste deim litetvetta. At me her i Suldal og hev fengjet Syn fyre Upplysningi's Framgong, det viste Formannskapet vaart, daa det i sista Møtet sette Logmaalet fyre Skulemeistarløni upp i 8 Krunor. Det er den fyrste Bygd, her i Amtet, som hev gjort dette. Aar etter Aar hev denne Saki voret fyre paa Stavanger Amtsthing, der baade Skuledirektør og Ekspeditionschef hev møtt fram; men det hev alt fruktat like litet, for Fleirtalet av Amtsthingmennerne tykst hava voret af den Meining, at det gagnar Skulen best ved aa pina dei stakars Skulemeistarane litetgrand. Me Suldølingar tykkjer, det er bra, at me hev eit Formannskap, som hev Vit paa, at Upplysningi lyt vera Grunnen fyre all sann Folkelukka; som hev Vit paa, at Løni lyt verda so høg, at dugelege Menner kan sjaa seg Syn med at slaa inn paa den Vegen, og at inkje Matsuti skal tyngja, trykkja og tyna ned Motet hjaa Skulemeistrane so myket, at dei verdt hindrade i med all si Kraft aa kasta seg yver den vigtige og andsvarsfulle Gjerdi, dei hev aa rykta. Ja vigtig er den fyre Notid og Framtid, for det er daa dei, som skal leggja ned Saakornet fyre komande Dagar.
 
l. n.
 

 

Frå Fedraheimen 05.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum