[Sand, Ryfylke]

 
Sand, Ryfylke (Septbr). Det hev nok stadet i Fedraheimen fyrr og um 3 Gutar, som bleiv her i Fjorden fyr nokot sidan, eit syrgjelegt Hende, som nok kunde vera Folk til Aatvaring; for etter Snakket var det nok Brennevinet, som i stor Mun var Skuld i deira syrgjelege Ende.
 
Med Upplysningsverket vaart gjeng det som det kann. Ja de veit no alle um Presten Lied og Stavanger Amtsting, som negtad aa auka Logmaalet paa Lærarlønerne, so me Stavangeramtsbuar i den Saki no stend til Skamdar fyr heila Landet. Me ser so ofta i Bladi Forteljingar fraa Austlandet um Folkehøgskular, Folkemøte og Folkehøgskulesamlag og meir slikt, alt sett igang fyr aa spreida Upplysning ut iblandt Folket – men alt sovoret er framandt fyr oss. Eg hev mange Gonger ynskt aa faa høyra ein av desse gilde Folketalarar, slike som Arvesen elder Janson, men nei, det er nok ingjen, som vaagar seg her vestyver, naar dei høyrer, kor litet Folk bryr seg um det, dei byd. Men det kann nok henda, at Folk her inkje er so galne, som dei trur, og det var vist fleire som vardt sorgfulle enn glade, daa dei fekk høyra Utfallet i Amtsthinget um Lærarlønerne. Det er nok sagt, at Amtsthinget "representerar Folket", men, liksom eg hev høyrt, at mange hadde berre so ymis ei Tru paa, at Heidmarks Amtsthing "representerad" Folkemeiningi i det Amtet, soleides trur eg, det fyr ein Del er her og; Saki er den, at Folk inkje hev lært aa velja enno.
 
No i Vinter vardt der haldet Amtsskule her i Sokni paa Strandstaden Sand, og som eit godt Tidarteikn kann eg nevna, at Skulen var godt søkt og framifraa godt likat av alle Skulegutarne; han varde ikring 24 Vikur, og Talet paa Gutarne var heile Tidi ikring 50. Det er sagt um Amtsskularne, at dei inkje altid lærer Ungdomen nokon vidare Kjærleik til det norske Maalet, og at deira Politik inkje altid er den sannaste Fridomspolitik; men det trur eg inkje kann segjast um Amtsskulen her paa Sand. Lærararne, og serleg Fyrstelæraren, Hr. Mauland, var Ven av Maalsaki og leet gjerna Gutarne faa skriva og tala sitt Morsmaal. Men det er no inkje alle, som er glade i Maalsaki her helder, som ventande kann vera. Det er 'kji for Inkje sagt, at den norske Bonden er seig og sein og held helst paa det Gamla. No ja, det kjem ofta vel med, at han er so paahaldande; men, naar det galdt hans eiget Besta, som med Maalsaki, var han betre faren med aa vera nokot snarare i Vendingi. Her skal eg nevna eitpar Døme paa, kor ivrege Sume er til aa forsvara det danska Maalet. Ein Stad hadde Skulekommissionen funnet ut, at Jensens Lesebok ikkje burde inn, fyrdi der, ihop med annat galet, fanst nokle Stykke paa norskt Landsmaal. "Dei finne no paa so mangt naa fyr Tio", sa ein annan Gong ein Mann, "men, naar dei i Bøkerne tek te herma etter Bonden, daa tykje' eg det skjin yver." (Daa er det vel betre, at me i Bøkerne hermer etter Dansken!) Slike Sogur finst her fleire av, og det ser ut til, me fær venta lengje, fyr Folk fær upp Augo fyr den store Vinning ved aa faa sitt eiget Maal til Bokmaal.
 
No nyleg var Bispen vaar, Jørgen Moe hjaa oss. Ei heil Mengd med Folk var forsamla, og daa dei fekk høyra Moe tala, var det vist ingjen, som tregad paa, at han var komen til Kyrkja den Dagen. Det var nokot framifraa, so varmt og vænt som han kunde tala til Ungdomen. Han preikad yver dei Ordi "Vort Borgarskap er i Himlen" og gjorde det makalaust klaart og godt og hjartelegt. – Moe er, som de veit, ein gamall Diktar, og det, som han fyst arbeidde med, var aa samla Eventyr. Desse er ein Arv fraa Fedrom, som me skulde elska og æra; men det er desverre med dei som med Maalet: dei er komne i Vanmæting, og Folk bryr seg inkje um dei. Eg kunde nevna mange Døme paa detta og. Ein Mann negtad Son sin aa lesa i Eriksens og Paulsens Lesebok, fyrdi der fanst nokre Huldreeventyr; ein annan Gut, som hadde fengjet ei ny Lesebok paa Skulen, vardt av Far sin tilbakevist med Boki, fyr di ho byrjad med "ride ride ranke". Denne unaturlege Mothug fyr vaar gjæve Folkedikting er det, Jørgen Moe hev arbeidt fyr aa retta paa. Hans - og fleire andres – Arbeid her heng soleides saman med Maalstriden; for det gjeng alt ut paa aa hjelpa det Nationale fram til sin Rett, og fyr slikt Arbeid fortener Moe og hans Medarbeidarar stor Takk.
 
R. S.
 

 

Frå Fedraheimen 05.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum