[Kand. Hjelmsæt]

 
Ein Mann, som me hev mykje aa takka fyre i Upplysningsvegen er Kand. Hjelmsæt. Han tok til med Høgskulen sin i Gloppen. Dit strøymde daa mange af vaare Unggutar. So kom Amtsskulen, og daa den vart i Beit fyr Hus, laut han faa Hjelmsæt sitt Skulehus, daa Hjelmsæt mindre kunde bitala. Detta vart no likevel inkje so stor Skade fyre oss, daa Hjelmsæt sidan kom herupp til Breidheim og lagde Høgskulen sin her. Hjaa Gardbrukar Ludvig Bjørnereim fekk han Skulehus fyr Ingjenting og fekk hava det i Fred og, daa Amtet ikkje hadde nokon Skule aa setja her. Berre fraa denne vesle Bygdi her var vyer 20 Gutar paa Skulen hans. Klædde som Bønderne her umgjekst han sine Skulegutar samstundes baade som kamerat og Lærar "og kastad Tankar, og kastad ikkje laagt." Men det vart no ikkje so lengje, me fekk hava honom; for um nokre Maanadar døydde han. Her var mange som syrgde yver honom her, men det var nok dei og, som ikkje syrgde, deribland vistnok ein medlem av vaar gode Amtsskulekommission, som nok tykte, at Hjelmsæt "skjemde Gutarne ut."
 
Hjelmsæt døydde, som sagt; men det Liv, som han hadde vakt, døydde ikkje med honom. Det livde og liver endaa; men det vilde vera storleg aa ynskja, at hans Gjerning kunde takast upp att og haldast fram.
 
Av vaare tvo Prestar maa eg rosa Kapelanen som er ein svært dugleg Preikar. Likevel er han ikkje so avhalden, som ein skulde venta. Han skjenner vel mykje. At han skjenner fyr Ting, som hev hendt, det kann dei tilgjeva honom, men at han tek paa deim fyr Ting, som dei ikkje er Skuld i, det kann dei ikkje lika. Han kom mykje lenger med Lokking her enn med Truging. Folket er liksom Steinen, det kann takast med Lempe, men ikkje altid med Brotetak. Dei skuldar honom fyr, at han vil raada vel mykje; dei meiner, at han er inne paa ein Veg, som fører til – Rom.
 
T. S.
 

 

Frå Fedraheimen 05.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum