[Hegre, 17de Sept.]

 
Hegre 17de Sept. Her nordanfor hev me i heile Sumar havt berre liksom ein Godversbolk, naar eg undantek ein 3 Vikurs Tid umkring Midsumarsleite, daa det var steikjande sterkt Solskin; difor staar Avlinga her overlegt godt – ja no er mesta alt i Hus og; for no gaar alt Aannearbeid baade vart og snart, daa der, annekvar Gard snart sagt finnst Maskinar for Slaat, Skurd, Høying m. m., og naar Kornet er komet i Laaven er det utavtrøskt i ein Snarvending eller med ein Snop, for her fer ein Trøskjar gardmillom, som ikkje trøytast i Hendom, um han trøskjer og gjere reint 20 Tunnor paa Timen – og ikkje er han vand paa Maten heller, daa han nøgjer seg berre med Kol og Vatn og lite Feitgran aat Ledom sine. – Trøskjaren heite Damptrøskarmaskina og eigst av ein 18 Bønder i Hegre og Vernes og kostar 1400 Dalar. Likeso kan eg melde dok, at eit Fesjaa no nys vardt haldet paa Stjørdalshalsen. Fleire hundrad vakre Naut var der aa sjaa, og ved aa tenkja etter, korleis Dyri herumkring saag ut for 14 Aar sidan, eller det fyrre Dyrsjaaet, so maa ein segja, at ein snaut kunde ha tenkt seg, at Kreturstellet i den Tiden kunna ha gjort slik Framgang – og derum er det berre ei Meining – ja ein av Dyrdomarom sa nys aat meg, at den likaste Kui paa fyrre Dyrsjaaet knapt ha ville vortet ansa paa dette, saa stor Skjilnad var det. Og likvel gjekk det saa traugt og traatt i Heradstingom baade i Hegre og Vernes aa gjeva nokre Krunor til Dyrsjaaet, at det er skamlegt at snakka um det - og lel er det Kui (og Politikken), som bli ut for Talet, naar to eller fleire raakast, saa ein skulde ha trutt, at Folk ha faatt Augon opne for Gagnet av slike Fesjaa.
 
B.
 

 

Frå Fedraheimen 05.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum