Utlandet.

 
Det hev i dei sidste Tider voret likt til aa draga upp til ett nytt Uvedr millom Ryssland og England. Ved Nordvestgrensa aat India ligg Landet Afghanistan; det hev Engelsmennerne paa den eine Sida aat seg og Ryssarne paa den andre, og baade desse tvo Magterne vil gjerne koma seg inn hjaa Landsherren, Shir Ali i Kabul. Ryssland sende fyr ei Tid sidan eit Sendelag til Kabul. Det vart vel fagnat, og Engelsmennerne sette seg daa og fyre aa senda eit Sendelag til aa arbeida imot Ryssland. Eit Hende gjorde, at Avgjerdi aat dette Sendelaget vart utsett eit Bil. I Millomtidi vann Ryssarne meir og meir Innpass hjaa Shir Ali, er det likt til; det hev jamvel voret fortalt, at denne hev sendt Bod til ein rysk General med Bøn um at Landet skulde verta lagt inn under Ryssland. Endeleg sette daa ogso det engelske Sendelag avstad; det var heimangjort med stort Dramb og Drust. Fyr nokre Dagar sidan kom det til Landskilet millom britisk India og Afghanistan. Major Cavagnari reid fyre til Alimussid med eit Sveit og skulde beda um fri Gjenomgang. Men Emirens Officer i Alimussid negtad tvert aa gjeva Løyve til det. Han kytte paa aa bruka Magt og stellte upp Herfolk paa Høgderne til aa hindra Frammarsen. Samværet millom Cavagnari og den afghaniske Officeren varde i tri Timar, og det vart sagt honom, at Emiren vilde koma til aa svara fyr Aatferdi hans, men det hjelpte ikkje. Det engelske Sendelag vende so heim att. Det er ikkje Tvil um, at Officeren hev handlat etter Tilsetning fraa Emiren, men Emiren hev truleg berre voret eit Verkty i Rysslands Hand. Saki hev vekkt stort Uppstyr i England. Times sluttar ein lengre Artikel med desse Ord: "Kor fredlege me er, so er det ikkje aa dylja fyr, at Stellingi i India er aalvorsleg, naar Shir Ali med ille gjøymd Fiendskap slær fraa seg vaare Tilstig, samstundes som eit rysk Sendelog vert helsat velkomet i Kabul med stor Heider og Æra."
 

 

Frå Fedraheimen 28.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum