Kristiania, den 27de September 1878.

 
Livande Hegn. I "Smaal. Amtst." uppgjev ein Innsendar Kostnadarne ved aa grorsetja triaarige Grantre med eit Millomrom av 6 Tumar fyr 1000 Alen Gjerdelengd soleids:
4000 Plentur a Kr. 6.50 pr. 1000 .    Kr. 26.00
4000 Plentur vert utplentade av ein
                Mann i 13 Dagar a Kr. 2.00. " 26.00
                                                          Kr. 52.00
 
Eit Gjerde av Tre kostar berre aa uppsetja Kr. 50 fyr 1000 Alnar. Gran høvr betre til hegn enn Pil, som utsyg Jordi, men Pil veks skjotare i Vedret enn Gran. 2 elder 3aarige Granplentur kann kaupast paa Plenteskulen paa Sandnes ved Stavanger. Prislista er aa faa fritt tilsend, naar Ein skriv um det. Likeins er der aa faa "Anvisning til Udplantning af Skogtrær paa fri Mark."
 
Norsk Gramatik af Gustav Edv. Myhrebø, Kand. theol., Amtsskolebestyrer, er Titelen paa ei ny Bok, som vel skal avhjelpa ein Saknad i Literaturen. Dei, som ikkje veit, kvat eit Substantiv er, kann her lesa seg til fylgjande: "Substantiv betyder: hvad der staar under (overfladen), sigtende til tingens væsen, stof (substants), det reale, virkelige, det, som har tilværelse, og betegner et ord, der angiver navnet paa." Boki er ætlad Amtsskulen, høgre Jenteskular, Borgarskulen og Middelskulen og – "om jeg turde være saa dristig" – Seminariet.
 
Høgsterettsdom. Knut Tjostolvsen Aaraaker, som i Jolehelgi bankad Mor si, Ingebjørg Sveinungsdatter, soleids med eit Vedtre i Hovudet, at ho do av Slagi, hev no fengjet sin Dom; den lyd paa 9 ½ Aars Straffarbeid.
 
Reven. I Søreim var nyst Bonden N., tvo av Sønerne hans, ein Kjending av deim og ein Tenestgut paa Hareveiding. A., den eldste Sonen, hadde skotet ein Hare, "Losen" var i full Gang att, og ein Rev styrte fram or Smaaskogen. Det small, og Mikkel laag der, men daa N. kom fyr aa taka Fengdi, rei Reven upp og tok skjott til Beins. N., som hadde Tvelaups-Byrsa, gav honom eit nytt Skot, so han vart liggjande med alle Fjore i Vedret. Tenestguten tok Mikkel paa Nakken og bar honom ei 300 Stig burt til den Staden, der A. stod, og Hunden gjekk ved Sida, men gnefste stødt etter Reven. "Er han stor?" spurde A., som hadde høyrt Skoti og meinte, det var ein Hare, men ikkje saag Krabaten. "Nei, han kann godt liggja inne i den, du skaut", svarade Guten og til aa gjera Spyrjaren ei Pretta kastade han Mikkel fyr Føterne aat A. med dei Ord: "Der hev du'n!" Men – Reven reis upp tridje Venda og snøggade se undan. No var likvel A. buen med det tridje Skotet, som lagde Mikkel steindaud til Jordi. Hunden hadde sjølvsagt skynat, at Livsljoset ikkje var utblaaset med det andre Skotet.
 
Til Upptaksprøva ved Stords Seminar hadde mellt seg 108.  
 
Trottugt Arbeid. Hr. Hartvig Lassen - er ein Mann som ikkje ligg i Daudvatnet. Han skriv " Folkevennen", " Skillingmagazinet", det eine staalklædde Stykkje etter det andre i " Fædrelandet" mot Maalsaki og i " Aftenbladet" mot Kristoffer Bruuns " Folkelige Grundtanker"; derattaat skriv han Avhandlingar, som han gjev ut som serskilde Bøker. Mest alt, han skriv, er reint forvitnelegt. Eit Par Døme kann vera nog til aa visa det: i Boki " Henrik Wergeland og hans Samtid, Anden reviderede Utgave" segjer han, at "Selskabet for Folkeoplysningens Fremme" "næsten har naaet en Statsmagts Anseelse" (!), og i "Afhandlinger til Literaturhistorien", at Norsk "er i Sanhed et dødt Sprog", Dansk-Norsk derimot "uforgjængeligere end Marmor og Erts". – Hans Maal vantar, som Ein ser, ikkje Kraftuttrykk.
 
Landstads Salmebok vart innførd i Voss no 18de Sept. istadenfyr Guldbergs.
 
Lærarkurset i Nidaros. I eit Møte er vedteket eit Uttal um, at Læretidi ved Seminarskulen bør ankast til 3 Aar, at Aalmugeskulen paa Landet bør faa meir Skuletid, og at Undervisningi baade ved Lærarskuleverket og i Aalmugeskulen bør førast " i et mer folkeligt og praktisk Spor, end hidtil har været Tilfældet."
 
Steingarden i Drøbaksund er litet likt hjaa Folk der ikring. Straumsetningi i Sundet skal ofta vera so hard, at Vatnet liksom stend og kokar som i ein Foss, so det er brysamt og sumtid spelegt fyr mindre Farty aa sigla der. Makrelfisket, som fyrr vart drivet i Sundet, gjeng no upp, daa Fisken ikkje lenger vil inn. Ein Gardmann, som hev mest inkje Jord, men hev tent 900-1000 Dalar Aaret med Makrelfiske, hev i Aar tent berre ikr. 80 Spd., so han no er mest paa berre Bakken. Fleire av desse Gardmenn skal vera meinte paa aa leggja Sak mot Staten fyr aa faa Skadebot fyr det Tapet dei soleids hev lidet i si Næring.
 
Buddhistiske Missionærar vil snart koma fraa Japan til Europa og Amerika fyr aa umvenda dei Kristne til Buddha-Trui.
 
Chr. Bruun skriv no i Opl. Av. Svar paa Hartvig Lassens Stykkje i Aftbl. mot "Folkelige Grundtanker."
 
Ein Elg-Ukse svam no nyst yver Fjorden millom Langesund og Brevik og vart der ettersett av Folk, som kastad eit Tog um Hovudet paa Dyret og drap det med sine Tolleknivar. Elgen fekk paa den Maaten ein hard Bane, og det er dessutan ikkje avgjort, um Jagti var logleg. Saki er fyr Retten.
 
Til T. + O. W. skriv Presten Munch, at det ikkje er fullsannt, at han er "haardt trykket av Næringssorger og derfor gjør sit Arbeide sukkende." "Det er egentlig kun i dette sidste Aar, at de frivillige Ydelser er taget mærkeligt af, saaat jeg neppe vil kunne fortsætte min Virksomhed her, hvis ikke Forandring indtræder", skriv han; men han "har faaet Lov til at kaste sin Sorg paa Herren", so dersom han gjer sin Gjerning sukkande, so er det av andre Grunnar.
 
Statens 1ste aarlege Hestesyning i Kristiania tok til igaar; Hestarne skal vera mindre gode.
 
Skrivar Thoresen i Telemark hev lagt Sak mot Tenestgjenta si, fyrdi ho skulde ha "tilvendt" seg litet Parafinolje og ei Bok. Hægsterett hev sagt Dom i Saki og dømt Gjenta fri.
 

 

Frå Fedraheimen 28.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum