Ei liti Ferd burt til Tinnsdalen.

 
(av T. O.)
 
(Sluten.)
 
[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
Dæ var um Vetteren, daa Sotti for. Førnesbronen drog Lik yvi fraa Møstrondi til Kyrkja paa Rauland. Han hadde mest som Mannevit. Dæ turvte ingjen kjøyra honom. Han reiste til Rauland og kom attende sjølv. Ein Gong, daa han kom paa Falkerise millom Rauland og Møstrondi, datt ein Trug av honom. Daa kneggja han, so Folk heime paa Rauland høyrde honom.
 
Dæ som gjer, at denna Segni ikkje vert burtgløymd, er ein gamall Slaatt, som er gjord um Førnesbronen. Han er merkjeleg, naar du høyrer ein go Spilemann spila honom. Imillom dei djupe, syrgjelege Tonanne kann ein høyra Truganne slarkar, og hoss Hesten kneggjar, daa han kjem paa Falkerise, der Trugjen dett av honom.
 
Maandagjen for eg fraa Skinnarland aust yvi til Tinnsdalen. Rjukan og Gausto var dæ eg liksom andre Turistar vilde bisne paa. Her færast mange Turistar denne Vegjen, og mange ligg her uppe au fyre Helsa si Skuld. Turistsamlagje hev kosta Praam i Møsvatne og lite Maaling paa Trei, sovitt ein held Vegaleii. Daa eg kom dit Vestfjordalføre byrjar – der er berre Støylar øvst i Dalføre – møtte eg Bufærir. Dæ var Vestfjoringar, som for paa Heianne mæ Kreturi sine. Dæ som eg lae mest Merkje til var Kvendi; dei var so mykje aleis klædde, enn eg kann mæ dæ. Merkjelegast var den Luva istaenfyre Turklæe, som dei brukar annanstas i Telemarki. Trøya og Bringedukjen var av Vadmaal sovel som Stakkjen. Heile Klæebunaen saag simplare og unklare ut. Eg saag unge snørande Jentur taka seg nokso gott ut i dei Klæi, og so var dei so heilskorne og varmskege. Dæ var ikkje slike Drambdrykkjur som Jentunne i Vesttelemorki, som ikkje veit hossi mykje Kraambustas, dei skal hengje paa seg.
 
Eg heldt Vegjen frametter mæ Maaneaai. Ho renn fram igjenom ein bein Dal, som er ½ Mil Lang, mæ ljose Bjørkeliar paa Siunne, og Svaanberg øvst uppe mot Himelsyni. Naar ein kjem fram til Rjukan, skifter Landslagje braat um. Maaneaai, som ovafyre rann still og logn, kastar seg mæ eit ut yvi Fjøllveggjen og gjer den vigjetne Rjukanfossen. Dalen vert neafyre Rjukan djup og trong mæ Garar nei Botnen og Graanskog uppetter Lianne. Neafyre Fossen gjeng Aai vill og ustyrleg; ho er uppøst etterpaa dæ fæle Sprangje utfyre Flugje. Rjukanfossen skal vera 750 Fot høg. Fjøllveggjen er innhol, so Vatne dett i tome Lufti; ein skal kunna sjaa dæ detta av paa tri Staer, naar Vasmengdi er paa dæ mindste. Daa eg var der, var dæ i høgste Vaarflaumen; daa er vel Fossen gildaste aa sjaa. Vatne datt liksom i støytevis, so eg tottest kjenna Jori skjelva under Føtanne. Neunder Fossen er der ein Hyl mæ høge utyvihengjande Fjøllveggjir paa Siunne. Derne'i fekk eg ikkje sjaa; der var so stinn Vasrøyk. Store Vassky velter seg upp or Djupe, so ein fær sjaa Vatne berre vel til Helvtar neetter Falle. Fossen vert liksom gløypt av ein umaateleg Svaag (Svelg). Djupt neimillom Fjøllvegjirne ser ein Aai kjem veltande fram att unda Vasrøykjen. Inni Fjølle paa høgre Sia gjeng den vigjetne Maristigjen. Neavært av Maristigjen, frampaa Pynten er der uppstellt Benkjer og Handrekkjur; derifraa ser ein beint upp imot Fossen. Paa ei Handrekkja sto detti Verse skrivi: "Rjukan, Rjukan altid mindes vil jeg dig du Noregs Pryd; i min Sjæl dit Billed findes, og i Stemning hører jeg din Sørgelyd. Maaske aldrig mere her jeg skuer din taarevædte Klippeskrænt; Far da vel! mit Hjerte evig luer for det Lys i Mindet, du har tendt."
 
Er dæ um Vetteren, naar Aai er tilfrosi, kann ein koma heilt uppunder Fossen; daa skal han sjaa merkjeleg ut. Ein ser ikkje noko til Vatne; men ein røseleg Isstolpe stend upp or Hylen og upp under Bergskuten, som ein umaateleg Jutulskorstein. Ein kann ganga rundt umkring og høyra Fossen dura inni denna fæle Isjukulen.
 
Paa Krokann tett inmæ Rjukan er dæ uppstelt eit Hotel fyre dei mange Reisande, som kjem aa sjaa Fossen. –
 
Uppe aa Gausto hadde eg au etla meg aa kome; men Vere var ikkje av dæ ynskjelegaste. Dæ laag slik Dimma i Lufti, og daa ser ein ikkje rett langt paa Nutanne. Men ein gamall Maalare, eg trefte paa Krokann, meinte, eg endaa vilde hava noko att fyre Reisa derupp. "Dæ er, som ein skulde koma aat ei onnor Vær, naar ein kjem paa Gausto", sa han. So fortalde han, at han mange Gongjer hadde fylgt Turistar derupp, og gav ei maalande Skildring av dæ Rundsyn, ein der heve. Han var ein Gong mæ ein Professor, som hadde ein Stjernekikar; dæ var um Hausten, daa Lufti er skiraste. Gjenom Kikaren saag dei heilt paa Have; dei kunde endaa sjaa Skip.
 
Naar eg hadde komi so langt aa forvita meg, burde eg ikkje snu fyrr eg hadde vore paa Gausto, sa den gamle Maalaren. Som eg sto og tenkte paa detta, saag eg, dæ for til aa skya paa, og so maatte eg gjeva upp den kjære Tankjen aa koma dit. Eg bau daa Farvel til den snille Mannen og tok paa Heimvegjen. Daa eg hadde komi uppaa Krokankleivi, sette eg meg for aa taka eit langt Drag av Utsyni. Djupt neunder meg dura Rjukanfossen, utyvi laag den djupe Vestfjordalen; men dæ stautaste Syni var Gausto. Eg tok fram Kikaren; han er drusteleg den Nuten, hosta Kant ein ser han fraa. Naar eg flaug umkring paa Nutanne i Vesttelemorki og saag dæ randutte Gausto, tenkte eg, eg skulde eingong naa dit au; - men dæ vart ikkje denne Gongen. –
 

 

Frå Fedraheimen 28.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum