Edvard Grieg

 
hever no godt eit Aar voret her i Sørfjorden 1), utan at me hever lagt stor Gaum paa det. Men daa han no er reist fraa os, er det verdt at tenkja paa honom litevetta. Folk hever vel av og til set denne spinkle Karen, og kanskje vekslat Ord med honom; men dei Faaaste hever høyrt honom spela dei fagre Tonedikt, som han sjølv eiger Evne til at skapa. Han hadde gjerne haldet ein "Konsert" aat Almugen og han, men daa me inkje aatte so pass stort Rum, at det var verdt aa bry seg, utan so at me hadde teket Ullensvangs Kjyrkja til slikt Bruk, - so var no inkje dette aa nevna, aldenstund her er so mange trongsynte Folk imillom os. – Den Mannen som kjenner litevetta til og elskar vaar nasjonale Eignalut av Felelaatar og Tonar til Folkavisor, han vil og læra aa halda av Grieg, daa han, kanske meir held dei andre, freistar aa byggja si Diktning paa denne Grunnen. Det er som ein frisk Gufs slær imot deg fraa desse Tonestykke, dar dei norske Tonefall kjem piplande fram – gjøymer seg, fyre aanyt at spretta fram friskt og leikande. Ein vil kjenna atter det Heila liksom etter gamal Kjenskap, men det er meir forklaarat. Dei bundna Voner og Lengslor ero løyste fraa Bondi sine, og syng fram det finaste og det beste, me eig i vaar Folkepoesi.
 
Det er soleis undralaust, um Edvard Grieg sine Arbeid ero likte i Utlandet med. Det store Verdensliv ute i Europa likar inkje det best, at me tek deira Kultur til Mynster fyre os i tunnt og tjukt; men helder det, at eit litet Folk eig sopass Merg, at det magtar aa syna fram sit nasjonale Sermerkje i Kunst og Livsart – det er Nokot som er agtat og lyt agtast, (Sjaa vaare Studentarar paa Parisarferdi!) Utlendingarne hever og ein Hjartastreng, som kjem i Dirring ved eit nordisk Tonefall – er det likt til. Difyr ero me glade i vaare Tonediktarar.
 
Dei ero som Skalden og andre Kunstmenner, - dei draga Næring fraa vaart Folks Historie; men so kann og slike Menn rulla up Livsbilæte paa ein Maate, som ingen annan kann. Grieg hever leverat ei Mengd av Musikarbeid av ymse Slag, - sume fyr Pianoforte, andre fyr Fela, og endaa andre fyre Mannsrøyster.
 
Sume kjenner me til og sume inkje. "Foran Sydens Kloster", og "Solveigs Sang" ero Meistarverk, som gjøymer ei Verd av Vænleikje, inkje aa nevna mange andre nette Arbeid, som kvar paa sin Maate vitnar um Meistaren. Sume av deim ero so, at Du snupt trur, at det er ei Rekkja Folkatonar, som ero ihophekta, men dei er do dikta fraa nyt. Soleids orkar denne Mannen at setja seg inn i det norske Toneriket. Det er ein undarleg Ting med dei Novni, som du vil finna paa dei fremste Tonestykkje i Verdi. Du kunde paa Titelen tru, at det var eit Maalarstykkje, Teikningar, elder ein Komedi. Nei, det er eit Tonedikt, som berre med Tonar fortel deg ein Handling, elder maalar av eit annat stort Bilæte – berre med Tonar.
 
Grieg hever gjevet ut ein Bundel af slike gode Stubbar, som han kallar "Norske Folkelivsbilleder." "Brudefølget" heiter den eine. Slaatten fortel fyrst um ovlegt fiint Ver, - der er som: her giddrar alt i ein Straalestraum. Du tykkjest høyra Fuglekvidder og glad Song. So nokre Byrsesmell langt burte. Jau, no er Fylgjet snart ventande! Du høyrer Ljomen av Fela, som læt ein kjend Bruremars. No sviv dei nett forbi os. Høyr Trakkingi av dei mange Føter! – Svalling og Skratt, Kletting av Bumbor og Embrar! Dei sviv forbi, og Du høyrer bert som ein Ljom etter av Fela. Alt dette Aset av Folkemugen minkar burt. Tilsut ero me aaleina, og Du kann atter høyra Fuglar syngja, og Bekkjer sikla, - det er Naturi sin store Son som er Etterspilet.
 
X.
 
1) Brev fraa Sørfjorden til "Søndre Bergenhus Folkeblad."
 

 

Frå Fedraheimen 28.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum