[Stavanger 19de September]

 
Stavanger 19de Sept. Me hev havt ein makalaust fin Haust; Kornet, som fyr Størsteparten er væl innbergat, vart gildt, og Jordepli ser og godt ut, berre ikkje Haustbløyta, som no kjem fyr Aalvor vil skjemma ut dei, som enno stend ute. At Avlingi er rik i Aar, kann Ein sjaa paa dei laage Prisarne; Havre vert seld fyr 7 x Tunna og Jordepli fyr 15 Skilling Skjeppa (Aari fyr hev Havren stadet i 2 Spd. og Jordepli i 1 x Skjeppa). Smøret stend i 14-15 Skilling Marki.
 
No igaar vert det (av Staten) haldet Fesjaa paa Borgarmoen her med Stavanger. Det er mykje, som Staten tek seg av desse Ting her paa Jadren. Me hev annatkvart Aar Hestesyning og vonleg kvart Aar Saude- og Fesjaa, medan det fyr eit halvt Tjug Aar sidan var sjeldsynt med slikt. Det gjeng soleids fram med desse Tilstellingar, og Folk segjer, at Fesjaaet i Gaar synte gild Framgang i Husdyrstellet og, endaa det berre var 2 Kyr som fekk 1ste Premi (den eine av desse aatte Budde paa Austraat, den andre aatte Martin Nygaard paa Sandnes). Uksarne naadde berre 2dre Premi, og det kann vera eit rett forvitnelegt Prov paa Visdomen hjaa Prisdomararne, at 3 av desse Uksarne fekk Premi paa Sandnes ifjor plent i same Orden som no i Aar. Av Kvigur fekk 2 Stykkje 2dre Premi. Av Smale var framsynt 53 No., mest fraa Gjesdal, Høyland, Strand og Bukn, og Mesteparten var Blandingar av Cheviot. 1ste Premi fyr Vedrar fekk M. Edland or Haa fyr ein 5aarsgamall fullblods Cheviot-Vedr, og ein gild Sabb var det. – Ei Smør-Syning var tilstellt av "Stavanger Amts Landhusholdningsselskab"; 1ste Premi fekk Stavanger Meieri, som ikkje tok imot Premia. - Det Heile sluttad med eit Gilde ("Sexa") i Sparepankens Festsal.
 

 

Frå Fedraheimen 28.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum