Smaating,

 
som ikkje er so reint smaae endaa.
 
[Del 1 av 3.]
 
Kongens Person er heilag, d. e. uandsvarleg, d. e. skotfri mot all Aatfinning og Lasting. Vil du lasta nokot, som Kongen hev gjort, so maa du snu deg slik, at Kongen gjeng fri, og Riksraadet fær Støyten; for det er det, som hev Aabyrgsla. Sigtar du paa Kongen, so raamar du deg sjølv, plent liksom naar du skyt paa ein Dauding. Men sigtar du paa Riksraadet, so kann det henda at Kula bit, so sannt som daa ikkje Riksraadet er - det Stangske. For det Stangske Riksraad er skotfritt, det med. Det er liksom Thore Hund i Reinsdyrkufta: du kann hogga og skjota paa det, so lengje du vil, Hunden stend like kaut, men det ryk av Kufta. Det einaste du vinn er, at Kula elder Hogget ikkje snur seg attende mot deg sjølv. Men det er au ein Ting. Og tilslut ryk han no upp, han Thore Hund lell. Han vinn idag; men dei, som taper paa Stiklestad idag, vinn sidan, og daa fer Thore Hund or Landet fyr aa gjera Bot, og kjem aldri meir attende. –
 
Men Kongen, som sagt, er heilag. Dersom eg her i Stykket skulde koma til aa segja nokon Ting, som kunde sjaa ut som eit Last-Ord mot honom, so skal altso det vera utskilt, at eg med slikt aldri meiner Kongens Person, men altid Riksraadet; for det er det, som hev Andsvaret. Det vilde dessutan vera leidt aa strida mot Kongen, som ikkje kann forsvara seg paa annan Maate enn med Høgbrots-søksmaal, som er verre enn Ingenting; men aa hogga paa Reinsdyrkufta og sjaa, kor all den Dumba ryk, - det er berre Moro. Men dersom eg segjer nokot godt um Kongen, so skal det vera meint paa Kongens Person; for Ros tek han imot, um han er aldri so heilag.
 
Eg skil ut detta her fyreaat, fyr at eg ikkje skal koma til aa draga "Fedraheimen" uppi Uføra; for her er utrygt i desse Tider, og me veit, at Regjeringi er sterk.
 
- Daa J. B. J. Bernadotte vart korad til svensk Krunprins, fekk han til si historiske Uppgaava den Gjerning aa leggja Norig inn under Sverig; for Sverig skulde etter Kielerfreden hava Norig istadenfyr Finland, som det hadde tapt til Russland. Bernadotte, elder som han no kallad seg, Karl Johan, prøvde paa aa utføra denne Gjerningen au; men han fekk væl ei Kjenning av, at det ikkje var so lett aa taka eit Folk med Magt, naar det millom sine heimlege Fjell slost fyr Livet, og so fekk me Semja til Moss den 14de Novbr. 1814 um, at Norig og Sverig skulde vera sambundne, men hellest sjølvstenduge og like gode kvar fyr seg; Felagskapen skulde liggja mest aa segja i det, at dei hadde same Kongen.
 
Karl Johan hadde soleids ikkje løyst den Uppgaava, som Sverig hadde sett upp aat honom, daa det tok honom til Styrar, og Uppgaava vart dermed til ei historisk Skuld, som maatte liksom tyngja paa Kongehuset. Det maatte kjennast so, som um Bernadotte-Huset ikkje hadde den fulle Odelsretten til Sverigs Kongsgard, so lengje ikkje denne Skuldi var greidd. Dertil kom, at det fyr Kongehuset sjølv maatte synast gildare og tryggare aa styra eit stort Rike enn tvo smaae. Det var soleids ikkje annat enn ventande, at Karl Johan ut gjenom Tidi maatte koma til aa gjera ymse Freistnadar paa aa gjera Avdrag paa denne si Kongs-Skuld; for det var Konge av Sverig, han var, og det var Sverig, han tottest hava Skyldur imot.
 
Eit fullgodt Prov paa detta var det, at han vilde heita Karl den 14de i Norig liksom i Sverig. Karl den 14de var den svenske Kongen; og den svenske Kongen hev ikkje meir med Norig aa gjera enn t. D. den russiske Keisaren. Hadde den russisske Keisaren gjort Krav paa aa styra Norig, so hadde Folk set, at det bar galet i Veg, og dei hadde sagt nei til detta. Men Karl Johan styrde Norig i all si Tid som Karl den 14de; altso som svensk Konge, og daa Henrik Wergeland ein Gang paa Preikestolen bad fyr "Karl den 3die Johan" (Karl Johan som norsk Konge), vart Kongen so galen, at han vilde faa Wergeland klagad fyr Høgbrot. Me ser her so greidt som dertil, koss Kongen tok si Stilling her uppe, og i same Ljos maa me sjaa dei andre Ting au, som han tok seg til.
 
Og alt denne eine vesle Tingen, at han kallad seg Karl den 14de, var og liksom eit Avdrag paa den Skuldi, han tottest hava til Sverig. Hadde Svensken ikkje i Røyndi lagt Norig under seg, so lagde han det no paa den Maaten under seg i Formi. Den svenske Kongen var Norigs Styrar; altso var - i Formi – Norig eit Underbruk til Sverig.
 
Naar Karl Johan i sine tidlegare Aar prøvde aa umstøypa Norigs Grunnlog og vinna Einvelde, so hadde visst detta sin Grunn i det same. Revolutionskulten Jean Bernadotte kunde visst ikkje fyr Skam Skuld vilja vera Einvaldsherre fyr sin eigen Part; men dersom han – som svensk Konge - kunde faa stor personleg Magt her i Landet, so kunde han lettare faa draga Norig heilt inn under Sverig og dermed greida si Kongsskuld og faa trygg Sess paa Sverigs Riksstol, og det var det, han maatte ynskja. Daa han i 1821 drog svenske Herfolk her inn imot Byen til liksom aa  skræma Storthinget, so gav detta i Grunnen og ei Syning av, at hans Politik var eit Framhald av Hervinnings-ferdi i 1814.
 
I 1815 kom ei kongeleg Avgjerd, som gav oss eit nytt Riksflag istadenfor Dannebrog med den norske Løva i øvste Firkanten, som me hadde havt etter Skilnaden med Danmark. Det nye Riksflaget var svenskt (gulblaat); Løva var burte, men istaden fyr den stod ein Bite av Dannebrog i øvste Firkanten.
 
I 1828 forbaud Karl Johan aa halda Fest den 17de Mai. Det var au eit Tiltak, som tydeleg bar paa denne Leid. Han vilde faa Nordmennerne til aa gløyma den Dagen; for det var Minnet um den, og um Eidsvolls-Verket, som gjorde, at dei so nauveleg vilde inn under Sverig. Der vart Staak av detta, og dei brukte endaa Vaapnmakt mot Borgararne (Torgslaget 1829); og daa Oberst Hagemann seinare let Her-Musiken spila paa Gatom den 17de Mai eingong, vart han avsett.
 
Seinare kom det fleire slike Ugreidur. I 1830 kom det soleids ei kgl. Avgjerd um, at dei norske Hermenn skulde bruka blaae Kappar (liksom dei svenske) istadenfyr Graakappen. Løytnant Weltzin, som møtte fram til "Parade" i den gamle Munduren, fekk Straff fyr detta. Og den norske Løva, som var teki ut or det norske Flaget, kom no att - paa dei svenske Pengar, plent liksom Norig skulde voret ein her-vunnen svensk Provins. Daa kvad Henrik Wergeland mill. A.: 1)
 
"Hvor har du dine Hunde, du gjæve Bondemand?
Hvor, Norge, er din Løve; saa barsk som Ildebrand?
                Ve, svenske Gubber graa
i fremmed Mynt har ladet til Norges Spot den slaa!"
 
"De skjelved vel paa Fingre, men ei for Løvens Tand;
men lade nu den bære vor Skam fra Land til Land.
                Lig gamle Huskat, som
udlaanes Nabolaget, den gaar i Verden om."
 
Um det nye Her-Flaget kvad han:
"Men hvad kan vel beskrive vor skrækkelige Skræk?
Da vi kom frem paa Torget, var Bann'rets Løve væk.
                Og i Halvmaanens Bryst
et Suk sig havde fæstet lig Dødmands Skrig paa Kyst."
 
"Før fulgtes vor Parade af glade Landsmænd nok,
Nu listed de sig unna som for en Spøgelsflok.
                Thi som en simpel Klud
sin gyldne Hæder røvet slog Norges Flag sig ud."
 
( Meir.)
 
1) I Skjemtevisa: "Ola Graaguts nye Vise om Ola Høiland med mere."
 

 

Frå Fedraheimen 25.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum