Kristiania, den 24de September 1878.

 
Ny Professorpost i Semittisk. Baade det theologiske og det historisk-filosofiske Fakultet og likeins det akademiske Kollegium hev samrøystes inngjevet Søknad um, at det vert fremsett kgl. Forslag fyr næste Storthing um Professorløn aat Dr. philos. Universitetsstipendiat Elias Blix. Prof. Caspari hev skrivet eit serskilt Votum i Saki og i detta med Styrke og Varme haldet fram, at det er naudsynlegt aa knyta Dr. Blix, som er framifraa dugande ikkje berre i Hebraisk og Arabisk, men ein hæv Vitenskapsmann ogso i Theologi og samanliknande Maalkunna, til Universitetet. Me kann ikkje tvila um, at detta Forslag vil ganga samrøystes baade i Regjering og Storthing.
 
Johannes-Kyrkja i Kristiania skal vigslast den 4de Oktbr.; Paulus-Kyrkja hev no voret i Bruk mest eit heilt Aar. Arbeidet paa ei tridje ny Kyrkja, Jakobs-Kyrkja, er paateket. Kristiania fær altso 3 nye Kyrkjur paa 3-4 Aar.
 
Røysterett. I Stjernerøy hev 6 Mann kaupt seg Røysterett fyr 4 Kronur.
 
Sildefiske hev byrjat i Bjugn. Dei hev uppteket 12-14000 Tunnur, men Vonerne er ikkje store fyr Framtidi.
 
Paven og Kongen. Legaten Edv. de Makijai, som hev voret i Stockholm sidan den 29de i fyrre Maanaden, hadde Tysdag i fyrre Vika "Audients", dei kallar, hjaa Kong Oskar og yverrette Kongen eit eigenhendigt skrivet Brev fraa Pave Leo.
 
Fri Høgskule i Stockholm. Lengje hev dei arbeidt paa aa faa i Gang ein fri Høgskule (Universitet) i den svenske Rikshovudstad, og no hev dei endelag naatt fram til Byrjingi. Det er mest naturhistoriske Emne, som dei vil halda Fyrelesningar yver i den fyrste Tid. Dei Lærarar, som dei hev, skal vera dugande Menn, endaa dei er unge. Lars Hjertas Ekkja, som do fyr ei 14 Dagar sidan, hev gjevet Skulen 100000 Krunur.
 
Vald. Ein Jarnvegsarbeidar i Stjørdalen knytte her um Dagen ein Stein inn i Lummetørklædet sitt og slo dermed ein Mann fraa Levanger; det skal vera Faare fyr, at han, som fekk Slaget, ikkje stend det yver.
 
Politik i Skulen. Konsistoriet ved Upsala Universitet hev tilsagt ein Student 1500 Krunur fyr i eit Aars Tid aa fylgja Undervisningi ved den frie Skulen i Paris fyr dei politiske Vitenskapar.
 
Sjoferd paa Siberia. Eimskipet Neptun, Kapt. Rasmussen, kom den 7de Septbr. til Hammerfest paa Sigling til Hamborg med ein Ladning Kveite fraa Ob-Elvi i Siberia. Skipet høyrer heime i Helsingør (Danmark) og hev siglt gjenom den Kariske Porten, som Folk til dessa hev trutt skal vera mest som Scylla elder Charybdis. Den Uppgaava aa sigla fraa Ob-Elvi til Europa er løyst, men Leidi er enno ikkje rett greid, daa det vantar Sjokort, som Ein kann lita paa. Elles er Dimma slem paa Ferdi denne Leidi.
 
Fottur. Ein Urmakarsvein hev i Summar gjengjet fraa Kaupenhamn til Paris. Ferdi tok 100 Dagar. Men det forstend seg: han let Tyet sitt heile Tidi vaske i Kaupenhamn og laut soleids einkvar Gongen venta paa reine Skyrtur.
 
God Forrettning. Morgonen etter at Traktaten um, at England skulde faa Cypern, var underteiknad, sende Bankieren Zarify i Konstantinopel ein av Kontorkararne sine til Øyi med eit Brev, som Utsendingen ikkje skulde opna, fyrr han kom fram. Kontoristen opnade Brevet, daa han varvel framkomen. I detta stod: "Kaup alt, det De kann faa, av Hus, Jord, Kretur, Vinhagar, Minuro. s. b. fyr Reikning av Zarify!" Utsendingen det gjorde og fekk kaupt fyr 720000 Krunur. No er det, han kaupte, verdt 2 ½ Mill. Krunur.
 
Den gule Feber i dei Nordamerikanske Sudrike byrjar no aa taka av. Rik Hjelp er veitt dei Etterleivde.
               
Kolera gjeng hardt i Marokko.
 
Finnsk og norsk Fura. Eit finnsk Skip (Kawe) og eit norsk Skip (Frigate Bird) støytte nyst saman ved Kristianssand. Detta gav Høve til aa sjaa, kor mykje veikare og skyrare den finnske Fura er enn den norske. Visstnog misste det norske Skipet eit Stykkje av Forstamni, men det finnske Skipet fekk Sida heilt innsleget, utan at Bjelkar og Kne gav seg nokot. Plankarne vart brotne tvert yver, endaa Skipet slett ikkje var rotet.
 
Upplyste Negrar. Fraa Louisiana (Nord-Amerika) skrivst: Ikring tri Fjordepartar av Negrarne hev etter Krigen lært seg aa lesa og skriva; dei hev stor Lærelyst. Dei Kvite derimot hev mest Hug paa Revolveren og Plug-Tobak.
 
T. + O. W., Tilhøyrarar av Prest J. S. Munch, bed i "Dagbladet" um, at det maa verta gjevet meir til Presten, som er ein faatøk Mann med Hustru og 9 Born. 5 Øyrur av kvar Tilhøyrar kvar Gong vil gjeva ein nett Sum Pengar.
 
Ithaka. Dr. Schliemann, kjend av sine mange Upptekter av undergjengne historiske Byar og Stader, hev nyst funnet Murarne aat ein Samning av 90 Hus paa Ithaka, han meiner er Borgi aat Odyssevs og Penelope.
 
Orientalist-Kongres hev voret halden i Florentz (Italia) i denne Maanad. Næste Kongress skal verta halden i Tyskland.
 
Grouse og andre framande Fuglar. Paa Øvre Jadren lagde Stavanger Jagtklubb 13 skotske Grouse-Egg i eit Rjupe-Reir i Vaar. 7 Grouse-Ungar vart utklekte og er i godt Stand. Av Egg, som vart lagde under ei tam Høna, fekk dei ikkje Ungar. Rapphøns ser ogso ut til aa trivast paa Jadren: likeins engelske Jagt-Fasanar, dei siste helst paa Øyerna i Ryfylke. Engelske Harar vil derimot ikkje trivast der.
 
Sprengning i Kolgruva i Monmouth Shire (Fylke) England. Den 11te Septbr. tok det Eld i den innstengde Gas i ei Gruva, der 370 Mann arbeidde. Berre 100 slapp fraa det med Livet.
 
Avis-Adel. Eigaren av "The Times", Hr. Walther, og Eigaren av "Daily Telegraph", Hr. Levy, skal utnemnast – den fyrste til "Peer" og den andre til "Baroner".
 
Bibelselskapet. Til det Norske Bibelselskap (dvs. d. e. Selskapet fyr Umskrift og Utgjeving av Bibelen paa Dansk) er ved Offer i Kyrkjurna og paa andre Maatar i Aar innkomet Kr. 41,917. 76 Øyrur. Det er hugnadlegt aa sjaa, at det Norske Folk i denne tronge Tid hev slikt offerviljugt Hjarta fyr Bibelen, endaa han no finnst i mest kvart einaste Hus. Til næste Aar vert det Spurlag etter Pengar til ei Umskrift av Bibelen paa Norsk, hev me høyrt. Ein kann fulla reikna paa, at det daa vil innkoma det Dubbelte (84,000 Krunur). Med ein slik Sum trur me, at Ein kann koma eit godt Stykkje baade med Umskrifti og Spreidsla av den Boki, som gjernast er det fyrste Verk i kvart eit Bokmaal.
 
Tigerjagt. Franskmannen d'Hornaucourt hev i Aust-India skotet 500 Tigrar og hev difyr fengjet Skotpengar 100,000 Krunur. Engelskmannen Major Probyn hev til dessa paa faae Aar skotet 400 og driv enno paa med Yrkjet.
 
Rochefort, Utgjevaren av den aalkjende "Lanterne", hev gift seg og vil lata seg velja til Thingmann fraa Lyon. Han er, sovidt me veit, enno lyst utlæg fraa Frankrike.
 

 

Frå Fedraheimen 25.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum