Ei liti Ferd burt til Tinnsdalen.

 
(av T. O.)
 
[Del 1 av 2.]
 
Daa eg er heime høgt upp i Telemorki, var dæ ikkje so lange Ferdi denne, eg gjore burt til Tinnsdalen, og ikkje var ho so forviti hell. Men endaa kan dæ vel lagast ei Røa um henne. Jonsokdagjen for eg yvi Heii fraa Rauland til Møstrondi; dæ var Sundag og dæ varmaste Hobalsver, eg heve vore ute i. Møstrondi legg i noraust fraa Rauland og er Anneks til detta Prestegjelde. Der er ei høg Hei imillom, men ikkje Fjøll aa kalle. Lite vegsynt er der; men so er der maala innpaa Tre og Steinar til Retleiing fyr Ferdamannen. Daa eg kom upp aa øvste Heii, laag der ein Støyl. Eg gjekk inn i Sele og fekk meg ein Mjølkedrykk og svalla lite mæ Stoylsjentunne. Dæ er 'kje mange, som er fegnare i Ferdafolk og vil hell gjera dei til goes, enn Stoylsgjentur, som bur langt til Heiar. Dei by jamt ein Mjølkedrykk, og kjem der kjende Folk neanfraa Bygdi, so vankar ein Romegraut au. Dei er no nyfikne etter aa spyrja heime i Bygdi, som ikkje er anna vente.  
 
Den eine Jenta fortalde meg, at ho kom av Dagrekningi ein Sumar, ho gjætte nor i Laagefjøll. Ho og Jenta, som var mæ henne, visste ikkje regtig, hot Tii lei, daa dei inkje saag eit Menneskje heile Sumaren fyrenn um Hausten, daa Karanne kom, som skulde henta dei heim. Eg gav Jentunne ei Visebok, so dei hadde nokso hugsamt aa driva Tii mæ, bau so Farvæl og tok Vegjen aust yvi nokre Flyer. Somestaer var der Dekkar, som der laag att Snjo i endaa; men hellest var Grase langt, og Marki var grøn heilt innaat Snjofonni. Ikkje var der so reint autt fyr eit Slag Liv hell. Av og til fauk der upp ei Rupa unda Buskannn, Heiloen flaug pipande millom Tuvanne, og burt i Myrlande sat der ein Hauk elder ein Fjøllvaak. Hadde eg gjengji mæ Byrsa, vilde de vore freistesamt nok aa halde seg fraa aa veia. Men saag eg meg viare ikring, var dæ likevæl so underleg autt og einlegt. Inkje aa sjaa anna enn di endelause Flyerne umgjerde av blaae Nutar og den djupe blaa Himilen; dæ legg seg innpaa ein, so han tykkjer seg aa vera eisemal i heile Væri. Lengting og dei djupare Hugdrag kjenner ein au meir til daa, enn vanleg. Eg gjekk og song: "Til Østerland ville jag fara, där bor allrakärasten min", upp atter og upp atter dæ sama, for aldri hev eg kjent, dæ hev legje slik Lengt i nokre faae Ord fyr. Endeleg kom eg burtpaa dæ seinske Rise, so eg saag Møstrondi. Her er 'kje høgt nok her; men naar ein ser Ljosanskar, Vegjen yvi Raulandsfjølle, ser ein alle Garanne paa Møstrondi; dei ligg liksom grøne Flekkjer rundt ikring Møsvatne, langt ifraa hinannan so ein kunde tenkja, dæ ikkje var Garar, men Heiar, Folk budde paa berre um Sumarne. Eg gjekk daa neyver ei lang halvbratt Myrkvil mæ Molteblom neaat Møsvatne og ropa yvi til Skinnarland, som ligg mitt burtafyre.
 
Guten, som kom og sette meg yvi, synte meg Jutulbrui, ein lang Steinøyri, som gjeng mest tvert yver Vatne. Egni segjer, at dæ ein Gong var ei Bru, som ein Jutul hadde bygt. No er det inkje att anna hell ein Steinøyri, som ikkje naar upp i Vasflata ein Gong. Guten sae, at naar Vatne var liti, kunde ein sumestaer sjaa som ein nerasa Mur.
 
Fraa ein liten Nut ovafyre Skinnarland hadde eg eit Rundsyn yvi heile Møstrondi. Dæ er ei vi Bygd; Møsvatne er umkring 3 Mil langt. Sunnantil er de kløyvt i tvo Greiner; i den øystre Armen renn Maaneaai ut. Haringfjølle reiser seg i Nor som ein Mur mæ tri djupe Rivur i; dæ er tri Dalar, Vitdal og Skindalen og dæ Dalføre, øvste Enden av Møsvatne sting upp i. I dæ seinste Dalføre er dæ, Kvenna renn fram. I Su sting Gausto den høge Kamben sin i Vere yvi Austbønuten og Vindeggen, som ligg nærare hitaat. Hadde Møstrondi ligji mæ Sjøkanten og dei vie haddande Myranne umkrign Møsvatne vore upp dyrka, vilde dæ sett ut som dei venaste Austlandsbygdar.
 
Paa Hovden nor i Enden av den lange Tangjen lyser eit liti raumaala Hus; dæ er Kyrkja. Ho ser daa gildare ut enn dei andre Husi, for her finnst ingjensta maala Stogur.
 
Der er ikkje Graan og Furuskogar paa Møstrondi; dei maa kjøyra Timbre fraa Rauland, og daa er dæ ikkje lettvinnt aa setja upp ei staseleg Stoga. Til Sel og Uthus nøgjer dei seg mæ Stien og Bjørk til Husvirkje. Møstrondi er i mangt aleids enn andre Fjøllbygdar. Ingjensta er so vaalundt mæ Aakerdyrking som her; some Aar er 'kje Konne noko aa treskje ein Gong. Fisking og Veiing er den fornæmste Næringi. Feavlingi er fulla au vel so go som i andre Bygdar. Møstrondi hev meir Beite hell dæ treng; Utmennar og Bygdarar støylar her uppe. Auren utor Møsvatne er spurd utyvi Bygdanne; dæ er den, som skaffar Møstrondingjen dæ Konne, han trenge. Hellest tener han seg no mangein Skjeling mæ Rupefangst um Veteren au. Reinen er meir sjeldsynt paa Møstrondi fyrrenn ein kjem norimot Viddi. Men der er mangein Veiare, endaa ingjen no er fullt so glupe, som dei gamle Reinsskyttaranne, Verse er um: "Gaute Navarskar, dæ var glupe Kar; han skaut fire og tjuge Reinar paa ein Dag. Leiuv Kaavesand han var bete han; han skaut alle dei, som ikkje Gaute fann."
 
For umkring 20 Aar sia prøva dei aa faa seg tamd Rein paa Møstrondi. Dei fekk seg ei Drift fraa Finnmorki. Men dæ vilde ikkje lukkast. Dæ var Graabeinen, meinte Folk, som øyelae den tamde Reinen fyre dei. Der er fleire Segnir aa fortelja fraa Møstrondi.
 
Nor i Enden av Møsvatne er Viningskyrjunn. So kallast nokre Holur i ein Nut ne mæ Strondi:
 
"Vent er der i Viningskyrkjunn, naar Brur  inne gjenge inn; dei tar ikkje bry seg fyr Ljose bera, dæ lyser av Blomekinn."
 
"Vent er der i Viningskyrkjunn naar Brurinne gjeng i Flokkar; dei tar ikkje bry seg fyr Ljose bera, dæ lyser av Brurelokkar."
 
Lite sunnanfyre er Kvamsfjoren og dei vene Vaageliann.
 
"Vent er der i Vaageliann, naar Lauve og Grase gror; men endaa venar paa Kvamsfjoren, naar Gunnar og Kari ror."
 
Dei trur, der hev sta'e ei Kyrkje der nor i Strandanne ein Sta; der skal synast etter ein Kyrkjegar; men dæ synest eg ikkje er rimelegt. Hellest er dæ likt til, at der hev butt meir Folk paa Møstrondi i gamle Dagar enn no. Der er Hustuftir ut i Markjenne og smale Gangvegjer, som ikkje no vert bruka, og som difyre veks yvi mæ Lyng. (Dæ same er aa sjaa somestaer i andre Bygdar au.) Skog hev der au vore fyrr i Tii; dæ synest paa dei store Furuleganne, som ligg i Myranne allesta. Dæ var vel fyri Stormanndauen; den gjore sitt Herverk paa Møstrondi au. Her gjeng enno ei Segn um ein Hest, som het Førnesbronen.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 25.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum