Logi um Prestevalet.

 
Som aalkjent er hev ymse av vaare Blad (Almuevennen, Luthersk Kirketidende, Fædrelandet o. m. fl) teket paa Hr. Jak. Sverdrups Logforslag um Prestevalet med harde Handskar og funnet det aa vera reint burt i ville Notti aa senda eit slikt Forslag til Kyrkjesamningarne til Etterhøyrsla um, kvat dei hev aa segja um det. "Ny Luthersk Kirketidende" (Hr. Sverdrups Organ) undrar seg yver, at ogso Blad, som dei tvo sistnemnde, raader ifraa aa senda denne Saki til Samningarne. Sjølv trur Bladet, at den Raadgjerdi, Odelsthinget tok, maa gleda alle Kristne og Menn av Kristi Kyrkja, daa ho er ein Siger fyr Kyrkjesamningstanken og derattaat er bygd paa den Trui, at ogso det leike Folk hev Rett til ein Plass i Kyrkja. Daa det no er røyndomslegt, at Kyrkjesamningarne hev voret spurde i Saki um Absolutionen (Syndsavløysingi), spyr Bladet: "Skal Ein høyra Kyrkjesamningarne berre daa, naar Ein, som i Avløysingssaki, kann vita paa Fyrehand, at dei vil halda paa det, som dei hev vortet vane ved, men ikkje høyra deim, naar Ein er rædd fyr, at dei vil krevja Reform?" Og Bladet legg til: "Det er litet loglydugt – soleids som fleire no gjerer – aa eggja den eine Riksmagti til aa lata vera aa gjera det, som den andre hev bedet um, og soleids freista aa faa hin til aa gjera tvertimod det, som god konstitutional Riksskikk byd. Ein kann, fyrr Riksthinget tek ei Raadgjerd, gjeva Raad og vanda, so mykje Ein vil, men etterpaa, naar Thinget hev uttalalat sitt Ynskje, og detta i alle Maatar er loglegt, daa skal detta Ynskje ganga fram. Elles vil det med Rette verta Missnøgje, og det av den dubbelte Grunn: at eit konstitutionelt Missgrip er gjort, og atKyrkjesamningarne ikkje eingong er vyrde so mykje som aa verta spurde um deira Meining i ei vigtug Sak."
 

 

Frå Fedraheimen 21.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum