Kristiania, den 20de September 1878.

 
Det norske Samlag. Snorres Heimskringla tredie Boki er no komi og vert kringsend til alle Samlagsmenn, som hev bitalat Aarspengarne. Umskrifti er no naadd fram til Magnus Berføtt og hans Fall; Resten av Verket kjem næste Aar.
 
I næste Aar er det og Tanken aa faa uppatttrykt fyrste Boki, som dessverre ikkje er aa faa no. Fær Samlaget Raad til detta – som me av Hjartat vil ynskja og tru -, so vil alle Samlagsmenn daa kunna verta Eigarar av heile detta Storverket, som væl er det gjævaste Arvestykkje me hev av det Slaget fraa Forntidi, og som, jamsides med Landstads Folkevisur, maa verta ein av Grunnsteinarne i den nynorske Bokavlen med. No er det visstnok ikkje skrivet plent etter Aasens Bokstaving; det held seg meir etter Uttalen og næmar seg meir inntil eit visst Bygdemaal (Telemaalet), og detta veit me, at fleire misslikar. Men Maalet er godt, og lett og livande, slik at kvar Mann vil kunna lesa og skyna det, og det er no det Fyrste. Stavemaaten kann det vera god Tid til aa tenkja paa, naar me eingong kjem so langt, at me kann semjast um ei fast Maalform. I den Skora, som Saki vaar no stend, kann me hugheilt taka Boki som ho er, anten me no likar Stavemaaten elder ikkje, og vera hjartans glade til, at me fær Snorresklassiske Verk umsett paa nynorsk Maal, og det paa ein Nynorsk, som Altfolk kann lesa.
 
Næste Boki vert nok Jansons Æventyr, med Upplysningar og Utgreidingar av ein kjend Vitenskapsmann i denne Vegen. Boki laut drygja lenger enn fraa fyrsto tenkt; men Grunnarne fyr detta høyrer ikkje heime her.
 
- Samlaget hev gjenget fram i dei seinare Aari; men det maa veksa endaa mykje meir, um det skal kunna gjera sin Gjerning til Gagns. Som "Dagbladet" skriv i sitt framifraa gode Stykkje um "Vor Folkeoplysning", so treng me Bøker i Mengdetal, og det snart. Og so lengje den norske Bokhandelen ikkje vil hjelpa til med aa brøyta Veg fyr den norske Bokavlen, so er det Samlaget, som lyt taka det tyngste Taket. Her maa ut fleire Samlingar av Folkedikting, fleire Umskrifter av dei gamle Sogur og Kvæde, fleire folkelege Bøker baade av gudelegt og aalmennt Innhald; her maa ut Umskrifter av gode Bøker fraa dei framande Bokheimar, og her maa ut nye Bøker av norske Bokmenn; og fyrst og fremst maa me faa Skule-bøker. Sume slike er ventande, og fleire maa koma. I det Heile maa Samlaget faa so mykje Raad, at det kann arbeida med meir Plan og Tanke, enn det til dessa hev kunnat. No maa det taka dei Bøker som kjem, anten dei høver væl elder illa med Arbeidstanken, og det kann ikkje eingong taka alle slike; men aa styra Arbeidet fram i ei viss Leid, i den Leidi, som Tidi kvar Gong krev, det er der ikkje Raad med. Og det Verste er, at naar  Folk veit, at det er so uvisst med aa faa sine Bøker ut, so skriv dei ikkje helder. Mange gode Krafter visnar burt ubrukte paa den Maaten. Og endeleg krevst her mer Pengemagt fyr aa faa Bøkerne spreidde. Bokhandelen gjer godtsom ingen Ting. Hovudkommissionæren fyrr, Malling, gjorde nokot; men han dei hev no, gjer visst overlag litet, etter som me høyrer. Norskdomen møter Motstand paa den Kanten au. Her trengst aa taka i paa alle Kantar. Dersom kvar Samlagsmann i si Bygd gjorde alt det han kunde, so var det ein Ting; men – me veit koss Folk er laga. Mange av oss er med i Samlaget som i alt annat – ikkje fyr aa arbeida, men fyr aa njota; 1) dei hev betalt sin Dalar, og den vil dei hava Likafyre, og kven kann segja nokot paa dei fyr det? Nok er det: det er Styret som lyt taka Arbeidet. Men daa maa her større Pengemagt – fleire Medlemer, og so trur me nok me vaagar aa segja, at her maa meir praktisk Dugleik inn i Styret, meir Forretningsvit og Forretnings-Tiltak; men daa maa det og vera ein Mann, som kann ofra nokot Tid paa Samlagsyrkjet. – Soleids ser me, at Kravi veks, og det sterkt. Det er godt, at so er; det viser, at sjølve Arbeidet veks og fær større Slag-Vidd; men dess meir trengst det og aa arbeida til, at Samlaget kann magta Arbeidet. Aukar ikkje Krafterne nokotsonær jamt med Arbeidet, so veit me alle, at det gjeng galet, og daa er det Saki, vaar store, fagre Sak, som det vil svida verst til.
 
Difyr bed me kvar Mann um aa hjelpa aalvorlegt til, at Sansen og Samhugen fyr Samlagets Arbeid kann vakna og veksa. Det gjeng mange leselystne Ungdomar rundt i Bygderne no; faa dei med! Og det sit mangein god Bonde paa Garden sin, som kann tykkja gildt i aa hava ei god Bok aa sjaa i no i dei lange, aukande Kveldar; fortel den Mannen um Samlaget! – Heile Folket maa med her; det kann ikkje ganga so fort med detta; men lat oss ikkje gjeva oss for gode Stunder held. Det renn mykje Vatn, bil Mylnaren søv, og er du nokot til Mann, so veit du, at du ikkje hev gjort nok fyr ei kjær Sak, um du hev betalat den stakkars Dalaren.
 
Og so eit litet Ord til dykk, som kann skriva, og som ser, kvat der trengst! De veit, at det, som Samlaget skal liva paa, er gode, folkelege Bøker. Og her er so uhorveleg mykje i denne Verdi, som Ein kann gjera gode Bøker um. Væl kann det vera vandt um Tid; Matstrævet et upp dei fleste og beste Krafter, og det, som er att, naar Gryta hev fenget sitt, er ikkje stort meir enn til aa kvila paa. Men det er so ofta berre eit Tiltak med slikt. Eit Tiltak – og litegrand Mod! Mangt kann gjerast med maateleg Magt, berre Hugen er god, og det galnaste Ein kann gjera, naar det røyner paa i eit Arbeid, det er aa draga seg unda og lita paa Andre!
 
  1) Den Tanken er uppe endaa millom vaare "intelligente" Samlagsfolk; det hev soleids hendt at ein slik gjekk utav Laget, fyrdi – ja i Grunnen fyr di at det ikkje lenger kunde skaffa nye Bøker av Vinje! Mannen vilde hava Moro fyr Dalaren sin; Vinje var den einaste han hadde Moro av, totte han; - Farvæl altso!
 

 

Frå Fedraheimen 21.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum