Ein Samtale.

 
Ein Kveld, som Sigurd Sunde var komen or Skogen og hadde turrklædt seg, gjort upp ein stor Eld i Røykstoga og sett seg inn aat Aaren, kom Grannen hans, Targeir Sunde inn; han sette seg paa den andre Sida av Aaren. Ei Røda kom snart igang. Dei hadde fyr Vis at sitja altsom tidaste og talast med um mange Ting. Sigurd var ikring 50 Aar gamall; han hadde leset og lært myket og viste Greida paa meir, enn mange trudde. Targeir var nokot yver 30 Aar. Han var hugad etter Kunnskap, men var nokot seintenkt. Denne Kvelden kom dei til aa tala paa Lag soleids:
 
Targeir: Idag var eg i Fatikkommissionen. Der vart talat um myket annat enn Fatikstellet. Presten fortalde, at her no vart fleire og fleire Maalmenn, som dreiv sterkt paa aa faa Bondemaalet i Bruk baade i Skrift og Tale, og at Storthinget hadde sendt Bod til Styret, at Bonni skulde faa tala sitt Maal i Skulen.
 
Sigurd: Kaa meinte daa Presten um det? Han var vel imot?
 
Targeir: Ja, eg trur inkje han likad det nokot vidare. Han fælskad seg fyre at det var so mange Maal, at det vart ei endelaus Røre, og so trudde han det var nyttelegare, at Folk hadde eit Maal, som var meir "utviklat", som han sagde, og at me stod oss best med at vera ihop med Danskann, fyr at me ogso kunde faa godt af deira Bøkar. So visste han inkje koss det vilde ganga, naar Bonni skulde tala bare sitt eiget Maal i Skulen, for det kunde inkje anten Prest elder Bisp forstaa. Og so var det nokot han rørde um, at i andre Lond var der og Skilnad i Talemaal og Skrivemaal, men det sveipte han inn med so mange lærde Ord, at eg visste aldri kaa han meinte med det.
 
Sigurd: Aa ja, det er gamalt alt detta. Det fyrste eg høyrde um Maalreisingi, daa totte eg au, det var nokot Vas, og det Maalmennerne skreiv, trudde eg var nokot dei sjave hadde lagat ihop. Men te meir eg las, og te meir eg tenkte, so saag eg betre og betre, at det hadde god Grunn, og at me aldri kann venta aa faa nokot god og sann Uplæring, utan me fær Lov til at hava vaart eiget Maal. Difyre skulde me alle hjelpa til aa drive paa med denne Maalsaki.
 
Targeir: Ja trur du det. Eg maa beint ut segja, at eg totte Presten hadde Rett, eg. Eg trur helst me lyt sjaa og setja oss imot, at dei kjem med Bondemaalet inn i Skulen. Du veit me lyt hava dei Bøkar me heve, og som me no heve havt so lenge, og so lyt Bonni læra dei som fyrr og venja seg til aa tala paa det Vis og, fyr at dei godt kann forstaa, kaa dei leser, og gjera Greida fyr det til Prest og Lærarar. Eg likar inkje, at Storthinget fer med Maalstræv.
 
Sigurd: Er det Maalstræv aa gjeva Bonni Rett til aa tala sitt eiget Maal i Skulen? Du lætst vera imot dette, men du er inkje imot det i Grunnen; du er sjav Maalmann. Du segjer me lyt hava dei Bøkar, me heve. Lat no so vera. Naar daa du heve leset nokot i dei Bøkann' - til Ex. i Bibelen -, og du sidan vil fortelja fyr dine Bonn eller andre Husfolk um det, du las: talar du Bymaal daa?
 
Targeir: Nei du veit eg talar inkje Bymaal; eg kann inkje tala som Boki, og um eg kunde, so vilde dei bare læ aat meg og inkje vita kaa eg sagde. Men det er nokot annat i Skulen; der lyt Bonni læra etter Bøkar og Skulemeistaren tolka ut Ordi, so dei forstend det dei les.
 
Sigurd: Nei det er aldri Grand anderleids i Skulen enn heime. Du segjer at du inkje kann tala Bokmaalet, og det er sannt; eg kann inkjehelder; men koss kann du daa meina, at Bonni kunne tala det? Dei lærer aa lesa og aa skyna, kaa der stend i Bøkann. So krev Presten, at dei skal gjera Greida for det, dei heve lært, og fortelja um det. Men koss kann dei det: Bokmaalet kann dei inkje tala, og sitt eiget Maal maa dei inkje tala. Kaa vilde du segja, um der kom det Bod, at Ingen maatte tala Bondemaal, men alle laut til med Bymaal? Eg tenkjer me vart raadlause.
 
Targeir: Ja det er nok sannt det. Aa hava eit Maal til aa lesa og eit Maal aa tala, er nokot tungvint, men kaa skal Ein segja, naar Regjeringsmagti, Prestann og Mengdi af Storkarann er imot; dei skulde no hava mest Skyn paa den Ting.
 
Sigurd: Det er inkje godt at me Bøndar let oss leida og styra i Alt av dei haage Storkarar. Dei heve det so fyre, at alt det, me heve, det er for "simpelt" fyr dei. Vaart Maal toler dei inkje, vaar Skikk og Sed er inkje aa retta seg etter – Bonden er for "raa", og skal det bli nokot af honom, so lyt han bli Storkar; han lyt taka deira Maal og deira Maate aa stella seg paa. Dette meiner dei i god Tru, so det er Synd aa hata dei fyr det. Me skulde heller stræva med aa læra dei Folkeskikk likesovæl som dei vil læra oss. Daa vil det ganga godt. Me heve myket aa læra av kverandre. Dersom du lese Talunn i Storthinget um Maalsaki, so fær du snart Godheit fyr henne. Helst totte eg at Presten Jakob Sverdrup lagde ut sanne og gode Grunnar. Eg kann inkje skyna, at Prestar og Lærarar kann vera imot. Dei talar alstødt um, at Folk skal "lyde Øvrigheden;" Storthinget er daa vel den høgste Øvrigheit i Landet; men kor huga dei sjave er til at lyda, det fær me no sjaa. Dei tore nok inkje setja seg beint imot aaleine, daa dei liksom kjenner dei heve veik Grunn; men so gjeng dei og liskrar med Bøndann og fær sume av dei med seg, og so ropar dei, at "Folket er imot". Her held dei seg til "Folkemeiningi"; men i andre Saker vil dei inkje vita nokot av henne. Det er baade harmelegt og grøtelegt aa tenkja paa, at Prestann setja seg imot, at Bonni talar sitt eiget Maal i Skulen. Det vigtigaste Bonni lærer, Religionen, det maa dei inkje tala um paa sitt daglege Maal. I Skulen skulde dei driva mykje meire paa med aa lesa i Bibelen, so Bonni visste meire av Guds Ord og kunde talast med um det paa ein naturleg og endefram Maate.
 
I alle Verdsens Land driv dei paa med aa faa Bibelen paa alle Tungemaal og enddaa dei mest barbariske Heidningmaal; men naar dei norske Bøndar vil tala um Guds Ord med sitt Maal, so kjem Prestar og andre Storkarar og meinkar dei det. Og det skal me gjeve dei Rett til? Nei det vil me inkje. Aa faa skriva Bondemaalet so, at det vilde passa godt i alle Bygdar, det er nok inkje so godt aa gjera, men det er inkje so vandt, som mange meiner. Um me treffer baade Austmenn og Vestmenn, so talar dei i Grunnen mest likeins som me. Dei hev eit annat Tonefall i Talen, men Ordi og heile Laget hellest er det same. Det kostar inkje aa skjynast, naar Ein venst med Tonefallet. Kann inkje Presten forstaa vaart Maal, so lyt han læra det. Me maa daa kunna krevja so myket av ein Prest, at han lærer det Maal, som Folk talar i hans Prestegjeld.
 
Targeir: Det er mest som eg kjenner aa meg, at der er nokot sannt i det du segjer, og at Storkarann inkje kjenner so godt til det. Eg lyt nok gruna og lesa meir um det, enn eg heve gjort.
 

 

Frå Fedraheimen 21.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum