Te Vinjesokningen A.S. i No. 57

 
Dæ er Moro aa sjaa, at dæ er ein og annen her i Telemarki au, som tek te aa fygje mæ Tii, for her hev inkje her, som annenstass, vore formange av dei Slags Folk. Dæ er no slet inkje noko faarlegt Fygje, som sume kan meine. Ska me kunna gjera noko i Tii, so lyt me halle Fygje mæ ho. Men aa fygje mæ Tii, er no inkje dæ sama som aa gløype i seg alt dæ, Tii gjev og aagjera alle Meiningane, ho kjæm fram mæ, blindt te sine. Aa fygje mæ Tii er berre aa lære Tii, ein liver i, aa kjenne. Aa lære ein Ting aa kjenne kan vel inkje vera noko vondt? – Kjenner ein inkje ein Ting, so kan ein inkje seia noko sant um han.
 
Dæ er ein gamal Sanning, at ska eg lære ein Ting væl aa kjenne, so lyt eg sjav mæ eigne Sanser og Andsgaavur granske ette, hoss han er laga. Gjenom Folkerabbe fær ein jamnast skeive Meiningar. Dæ er ei bibelsk Sanning dette. Daa Natanael spurde Filippus: "Kan der koma noko gott fraa Nasaret?" so svara han: " Kom og sjaa." Dæ er den personlege Forfaringi, som er Vissa. Naar ein no spyr: Kan Folkehøgskulen vera betre hell andre Skular? so er dæ dæ beste Svare: "Kom og sjaa og høyr!" Gjenom andre kan ein inkje faa rektig Greie, uttast dæ skulle vera dei, som personleg heve kjennt han. Eg hev inkje enno treft nokon av dei, som seie, at dei trega paa, at dei kasta seg paa Folkehøgskulen, og dei vil alle seia, at Skulen var myki aleis, hell dei tenkte seg i Fyrivegen.
 
Eg ser, at du au, A. S., trur, at Folkehøgskulen er betre hell andre Skular; men du veit inkje hott dæ stikk i, anten dæ er i Framgangsmaaten, i Lærararne, i Elevane hell i den frie Stillingi og vesle Løni. Eg ville no helst raa deg au te aa koma og sjaa og høyre; for daa fær du beste Greia; men etter dæ, eg hev kome te aa skrive litt um denne Saki, vil eg au seia mi Meining um dessi Skulane.
 
Dæ som gjer at dessi Skulane, baade ette mi og fleires Meining, er betre hell Skular yvi Jamnehaand for Bondesønir og andre som søkjer ein go Upplysning, er inkje, at dei fær læreviljugare Elevar; heller inkje at desse Skulane er ulønde. Men dæ ligg noko i Læraranns Personlegheit og Andssyn, noko i Fyrimaale. I dei aalmenne Skulane er Kunskaparne Fyrimaale. Naar dei fær den uppmælde, te-maata og avsagde Kunskapsmengd inn i Guten, so han veit dæ, som dæ fyriaat var meint, at han skulle vita, so hev dei gjort sit. Folkehøgskulen derimot ser vistnok au te, at Guten fær Kunnskap; men han brukar Kunskapen meir som Middel te aa utvikle Andslive hjaa Guten. Eg skal te D. nemne eit Fag: Fedrelandssoga. Ein annen Skule synes, at han hev gjort dæ svært so gott, naar han hev fengje heile Soga te Ponkt og Prikk inn i Guten, so han kan fortelje det alt ihop so radt, som dæ renn Ertar or ein Sekk. Dette er nok bra. Men Gutens personlege Stilling te Folk og Fedreland kan gjønne vera likeeins som fyrr for den Skuld. Folkehøgskulen brukar derimot Fedrelandssoga for aa faa ein varm Fedrelands- og Folkeven av Guten, so han inkje ska stande i Samfundslive som ei dau Sagabok "i Skinnbind", men som ein livande verksam Medlim.
 
Eg trur soleis inkje, at dæ t. D. er lite Mat, som gjer Folkehøgskulane betre; for daa maatte dei uslaste lønde Almugskulelærarane vera dei beste, og eg ville derfor gjønne, at Folkehøgskularne kunne faa Teskot av Staten. Kvi skulle Folkehøgskulelærarar hava verre av dæ dei hell Diktarar og Vitenskapsmenn som ofte fær dæ? Bjørnstjerne Bjørnson fær no Løn av Staten; men dæ hev inkje bunde honom eit Grand og heller inkje døyvt Diktargaava hass dæ Slag; ellest ha inkje "Kongen" kome. Folkehøgskularne ville gjera det mykje betre, trur eg, naar dei inkje turvte plagast mæ Næringssut, som eg veit fleire heve. Dei fær inkje for dens Skuld liva heilt for sit Yrkje. – Detta er daa mi Meining.
 
Me fær no, som sagt, ein Folkehøgskule i Telemarki og dæ mæ ein namngjeten Lærar au. Derfor vil eg taka uppatt dette: Kom, sjaa og høyr! De er inkje bundne te aa vera lenger, hell de er huga paa, og so kan de av Ljoen skyne um Klokka er heil hell veil. De lærer daa ein Ting, og dæ er: hoss ein Folkehøgskule er laga. Er han go, so var dæ Synd og Skam inkje aa nytte han, mæ han er her, likar de han inkje: no so er inkje dæ viare: Vegen stend open heimatt.
 
Me Telemarkingar er no vel au fødde te noko anna hell aa krabba upp i desse Steinbakkarne mæ Spaen og Greve. Dæ er vistnok eit nødvenligt Arbeid dette, men dæ er inkje eit og alt. Gud hev gjeve oss ein ven Heim, og me er inkje sette her berre te aa livnære os, og skrapa Eld kvar te si Gryte. Me er te her for aa rette dæ som rengt er, bøte dæ, som sundt er, og reise dæ, som velt er. Dæ er inkje Sprenglærdom mæ utanlendske Maal og slikt, som ska gjera os vællaga te dæ, for daa maatte vaare Universitetsfolk gjera meir i den Vegen, hell dei gjer; men dæ, som ska gjera os føre te dæ, er meir Hjartelag og Ljos yvi vaart Liv, meir Kjærleik og Hjartevermd for alt i Live, som dæ er verdt aa elske og liva for.
 
"Her er Sumarsol nok,
Her er Saajord nok,
Berre me, berre me hadde Kjærleik nok."
 
Dæ er dæ, eg trur Folkehøgskulen vil freiste paa aa hjelpe oss te gjenom ein livande Upplysning.
 
(Fraa O. S. i Seljor.)
 

 

Frå Fedraheimen 18.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum