Stubbar fraa 1814.

 
(Av Andreas Austli.)
 
(Framhald).
 
[Del 4 av 5. Fyrste delen.]
 
Han Stor-Per Tambur og han Paal Ulnes. "Eingong for han Stor-Per Tambur og saag etter Svenskom og vart gripin. Daa gjorde han seg tullen og fekk sjaa paa Gjevære aat honom, som sto Vakt. Men inkje fyrr fekk han Gjevære, fyrr han laspa til Vaktenn', so ho stupte, og strauk sin Veg han Per. Daa var dei etter og greip atti'n, men han slengde seg yver ei Hafella. Der vart Brøposen hass hengjande. Daa snudde han seg, tok Posen og strauk. – Ein annan Gong var han me ein ung Løtnand, heitte Ring, som var spe og liten og nyleg utkomen fraa Skula. Daa au kom Svensken yver deim, men dei kom paa Sprange unda. Dei sprang yver ei Myr, og Kulonn' peip etter deim. Daa vilde Ring bli att, men han Per berre hykte seg ne og tok han paa Ryggen og sprang me 'om. Men kvart Aar sia, naar Ring hadde Mynsterdagen sin, so møtte han Per fram og fekk 5 Dalar av honom. De er mange, som minnest han fraa di dei ekserte Unggut; han slo lite Grand paa Trumma aat deim. Men daa var han graa i Haare alt. – De var ein heitte Paal Ulnes fraa Haland. De var eingong han og Kapteinen hass skulde sta og stira etter Svenskom. Best dei gaar, kjem de fram ein Flokk bak ein Laave og gaar lika paa deim. Desse tvo hadde me seg Gjevær, men dei hadde inkje løtt. Men han Paal spenner upp og tek Sikt lel, og Svenskanne sprang bakum Laaven att. Daa slepper han Gjevære og tek Kapteinen paa Ryggen og spring paa Gloma og svem yver og kjem unda baade med seg sjølv og Kapteine. Baketter so fekk han eit Æreteikn, som han var pligtug til aa bera paa seg støtt. Men han bar de sjeldan utanpaa, han hadde de mesta under Skjurttunn'. Men naar nokon forlangte aa faa sjaa de, daa reiv han upp og tok de fram."
 
Blakjerfestningen og Tobru. "Vi var ihop mange Gongjer og kulast. Aat Blakjerskansa kom Svensken so uventande, at Komandanten laut gjeva fraa seg Lykjelen og pakka ihop. Han sette seg fast der og vart der so lengje, at han skulde til aa faa seg upp Kvennhus, fyr aa mala aat seg. Og so for han ikring via Vegner og røva Kryter aa Mat. So kom dei norske marserand'; og daa Svensken fekk sjaa deim, sa han: "Ta mig tusan Djevlar, kommer inte Prinsen med Slompen". Aa jau de kom, og Svensken kom utatt 'ti ein kald Draum. Men de skulde sjaa fælt ut etter honom; de laag att halvsnudde Kryter og alt saman slikt, som han hadde reist fraa di.
 
Daa fekk dei spurt, de laag ein Flokk me norske paa Tobru, og no for dei i Firsprang fraa Blakjerskansa og vilde koma uventand' paa deim. De kom aat Tobru um Natti; men Norsken hadde Vakt ute. De var tvo Vakter; den, som sto fremst, ropte og spurde kven som kom. "De er blaae Gossar", sa Svensken. Daa kravde denne hin Tosken etter Feltrop; han skulde skote og tekje Sprange han. "Jau du skal faa Feltrop", sa Svensken og skaut honom. Daa storma dei paa, so den hi Vakti laut velta seg 'tav Vegje; Svensken trudde han var daud. Dei norske vart vekte av Skjotingenn' og for upp. Men daa var de ein Løtnand inni Gare, som tok til og storskrika, at Svensken skaut Beini unda 'om; og so bar dei alle Ljosi uppaa Høgstugu. Og Svensken skaut, so de song i Glasom. Mea fekk dei norske Ti til aa aarekkja seg; og so rauk dei paa. Enden vart, at Svensken gav seg tilfange og ba um Naae. De var me oss ein, heitte Ola Eriksen fraa Lesja. Han fekk ei Kula i eine Oksli, so Blospruten sto fraa 'om, og Simannen hass vart fælt utsjaaand' med Blo. Men han sto me lika ratt og kjempa til Slage var ute. Daa han kom heimatt, fekk han Dannebroksteik'n og Pangsjon. Vi hadde me oss ein, heitte Ivar Knutson fraa Vaage, som dikta Visor um meist alt, som hende; og vi lærde deim og song. Daa de vart Morgon, so tok han paa og song:
 
Alle raske norske Helte,
Som af Nordmands Stamme er,
Kommer frem med frydigt Hjerte,
Som har Land og Konge kjær.
 
Der vor Paaskehøitid skinned,
Blev vor Skjæbne haardt bestemt;
Hædre vor Konge Fredrik, 1)
Raaber Hurra uden Skjemt!
 
Dalens Sønner sig ei græmmed,
Kugler fløi som Snelle-Bom,
Det fik Fienden fornemme,
Endskjøndt den uventet kom.
 
Vi med Skud og raske Arme
Raabte ham en Morgen ny;
Han paa Stedet maatt' til Fange,
I Tallet syv og ni Gang ti.
 
Der iblandt var og en Greve,
Som var høist kommanderende;
Han paa Stedet maatt' levere
Alle sine Krigere.
 
Er det nogen, som vil spørge
Hvem som Visen har fuldendt,
Da vil jeg det selv forsørge,
Thi mit Navn er vel bekjendt;
               
Thi jeg er af ringe Stamme,
Og en Jordens Træl jeg er,
Derfor vil jeg ei mig skamme:
Iver Knudsen Navn mit er.
 
Svenskanne au hadde ein Song, som dei brukte; men han var paa ein annan Tone. Eg trur eg skal hugsa sumt av honom me:
 
Når jag paa hemmet tänkar,
Paa börn och vänner här,
               
Mit hjerta det sig ängstar
Och mycket sorgsamt är.
Gud gi jag hadde vinga
Som den hvita svan,
Så skulde jag mig svinga
Hem til mit fosterland
Och hem til vänner kära
Der, som jag har mit bo,
Der lystar jag at lefva,
Här har jag ingen ro,
Der lystar jag at sjunga,
Fast jag en fånge var - -
O, jordens höga herre,
Du himelens monark!
Se ned af dina högar
På denna syndig mark,
Se til os usle Fångar,
Som här i Norge gå
I denna sommar långa
Och har så stort attrå!
 
Ja de var syrgjelegt; men de var inkje onnor Raa, me laut slaast."
 
( Meir).   
 
1) Prinsen heitte Kristian Fredrik.
 

 

Frå Fedraheimen 18.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum