Brev fraa Bergen.

 
Kristofer Janson heve i den seinste Tidi haldet nokre Fyrelesingar her i Byen, det var Forteljing av Eventyr (paa Norsk) og med Uttyding (paa Dansk). Det var mange Folk og høyrde paa honom, og det saag fulla ut til, at hans barnslege og varme og kvike Maate aa greida fyre seg paa vardt møtt med Samhug hjaa Byfolket, som likade seg vel og allstøtt klappade i Hendom til honom etter kvar Fyrelesing. Folk tykte, at det likesom var eit meire lugumt og handhøgt Lag i hans Maate aa taka den Slag Uttydingar paa, en me era vane med. Det er sjølvsagt inkje nokor lettvint Sak aa lesa sine eigne Tankar utor Eventyri og setja dei fram fyr Folk, so det kann vera forvitnelegt aa høyra paa. Som me alle vita, heve inkje den Slag Uttyding i minste Maate nokot vitenskaplegt Grunlag; det spyrst ikkje um og søkjest inkje etter dei djupe Røterna, Soga og Segn kann hava fyrst i Natursynet og dinæst i den moralske Uppfatningi hjaa det norske Folket elder endaa lengre upp i Tidi hjaa den germanske elder indoeuropæiske Folkegreini. Det er soleides inkje Tale um aa likna Segner hjaa dei ymse Folk ihop; nei Fyrelesingi er berre eit fritt Hugsyn, inkje so myket yver Segni, som yver dei Tankarne, ein paa ein rimeleg Maate kann leggja inn i henne. Den Mannen, som heve drivet detta vidast, er den velkjende, store, danske Skalden Grundtvig; han vilde soleides ikkje vera med paa at finna Naturmagter attum dei gamle Æser og Gudar og Jotnar, elder medgiva, at Gudelæra fraa fyrstonne ikkje var annat en Fraasegn um Hendingar i det eldste Mannaliv og um dei fyrste Røynslor i Striden med Naturi. I Tyrs-Segni saag han soleides inkje nokon Strid millom dei ymse Aarsbil elder Naturmagter, men ein eldgamall, folkeleg Spaadom um Lagnaden aat den germanske Folkegreini. Tyr var soleides nettupp denne Greini, Fenrisulven var Romarfolket, og den Handi, Udyret aat, fyrr det vardt bundet, var Gotarne, den andre Handi var Nordfolket o. s. b. Vil ein sjaa etter paa eit Europakart, skal ein finna, at denne Utleggingi tek seg ovleg godt ut – paa  Kartet. Denne Tydings-Maaten heve alet upp ein heil Skule, der dei finna ut ymse snodige Ting, soleides sit Frøya og gret Gulltaaror, meddi ho lengtar etter Kristendomen o. s. b. Som ein kann skyna, skal det meir en ein Kvardagsmann til at faa Folk til at lyda paa ei slik Uttyding med Forvitenskap, helst naar ein heve med eit slikt vandt Publikum, som det bergenske aa gjera. Og naar Janson kann samla um seg ein høyrande Ring, som verdt større med kvar Dag, so syner det, at han heve meir en vanlege Talegaavur, at han i Røyndi er ein framifraa Mann paa denne Leidi. Med sin Friskleike og sit Tekkje og det barnsleg-poetiske Draget i sin Givnad, og sit gode, klaare Mæle er han ogso vel buen som Talar. Han kom med mangt eit kvasst og sant Ord um Tilstandet her i Landet, serleg i den nationale Vegen, og var det stundom altfor myket av Skulemeistaren med Riset hjaa honom, so trur eg likavæl, at Fyrelesingarne hans i det store og heile hava voret so gode, at dei, iminsto hjaa Ungdomen, hava lagt ned eit Fræ, som med Tidi kann veksa seg stort og setja Blom og Alda.
 
Det var so mykje merkjelegare, at Janson kunde faa fullt Hus, som det ikkje heve vantat paa Moro og Leik og Gaman i Bergen paa det seinste Sumarsbilet. Me hava havt Concertar (Song og Fele- og Fløytelaat), Hestekomedi, Japanesarar, eit svenskt Danseselskap o. s. b. Dei fleste Folk heve no Hestekomedien dreget aat seg, og daa han skal halda fram September Maanad ut, verdt det ei strid Kappsigling fyr vaart unge norske Teater. Det heve no stadet seg godt paa tridje Aaret og gjort munleg Framgang.
 
Flest alle Skodespelararne era unge Folk og mange era Nyemningar paa 18 til 24 Aar, medan berre nokre faae fyrr hava voret med ved eit velskipat Teater; det er difyr inkje annat ventande, en at det her, som med dei fleste Nybrot, lyt vera eikor Trivling i Arbeidslaget; ein kann inkje krevja, at den, som ikkje heve lært aa skjota, skal raaka Blinken. "Kunsten er lang", og det er fulla endaa vitlaust aa venta ein fullboren Kunst her i Landet, der heile Livet baade paa Torg og Ting og i Stova er so nybrøytt og alle Tankar baade um national Skapnad og aalmenn Kultur er so reint nyhoggne, at dei endaa inkje kunna sermerkja seg ved ei heil og stød Bragd, elder som dei kvasse Tindarne vaare støypa seg kringt og traust i den blaae Sjøen. Det er nettupp difyr merkjelegt, at Framsyningi ved Bergens Teater kann vera so god, som ho er. Ein tarv ikkje hava seet myket, fyr ein kjenner paa seg, at ein her er til Møtes med eit tryggt, aalvorslegt Arbeid mot den sanne og reine Kunst. Det er nokot ærlegt og naturlegt yver Spelet, ei Atterspegling av Livsens einfalde, ædelege Sanning. Deira Eld og Glod kjem mesta ikkje stormynt og storlaatet fram, men hjartevarmt og innarlegt, det verdt difyr eit stillferdugt Drag yver deira Spilemaate, liksom ein paa den Framsyningi, dei giva av Mannens Lag og Lynne, kann kjenna, at dei setja sjølve Livet som det beste Munstret. Det er likavæl, som sagt, langtifraa altid, at dei era so støde paa Handi, at dei kunna raama det rette; det finst mangt eit Mistak, men ikkje mange sovorne, som berre era meinte paa aa vinna Folk fyr Godtkjøp. Dei era dessmeir vordne meir og meir sjeldfengde med kvart. At Teatret heve naatt upp til eit slikt vyrdande Stelle, heve ein serleg Styresmannen, Kandidat Wichstrøm, aa takka fyr. I Fyrstonne hadde Folk inkje stor Tru til honom. Domen um honom som Nyemning i Skodespilet ved Kristiania Teater, hadde inkje mange fagre Blomar aat honom. Men alt det fyrste Aaret, han var ved Bergens Scene, synte han Dugleike i dei Greiner, som høyra til eit Teaterstell, men det var fyrst det andre Aaret, at han slog heilt igjenom, avdi det daa vardt klaart fyr alle, at han heve eit uvanlegt Lag til aa læra upp Nyemningar, samstundes med at han synte stor Dug til aa velja Teaterstykke, som paa ein Gong vaaro væne og gode og kunde høva fyr vaart Teater med dei mange unge Folk. Hr. Wichstrøm heve Hjartelag fyr den nationale Reising, og difyr er ogso Teatret vaart so nationalt, som det kann vera, naar ein skal spela paa Dansk. Dei tala no Dansken etter den norske Byuttalen med harde Konsonantar o. s. b. Det vil vel vonom meire gleda Maalmennerne aa høyra, at ein der kann faa høyra eit Landsmaal so kringt og naturlegt, som me ikkje era vane med paa Kristiania Teater. Fleire av Kunstnarne era framifraa dugande Folk med ægte Givnad; Kvendesida heve voret minst tess, men ho tek og no til aa besna. I denne Maanad er Hr. Reimers fraa Kristiania  Teater "Gjest", og han heve gjort stor Lukka som "Sigurd Jorsalfarer".
 
Seinare paa Vetren skula dei giva "Kongsemnerne" af Ibsen, "Kjøpmannen i Venedig" av Shakespeare, "Erasmus Montanus" av Holberg og fleire nye og gode Stykke.
 
I det heile lyt ein segja, at Bergensfolket heve stor Samhug med Teatret og all Kunst. Politiken fylgja dei derimot inkje med slik Interesse iminsto no i seinare Aari. Difyr era og Stortingsvali vordne, som dei era; so jamne Midvegsfolk baade i Hug og Dug, som dei Stortingsmennerne, Bergen no heve, tarv ein inkje leita lenge etter korkje i By elder Bygd. Men det er vel Von til dess, at det skal koma betre Tider. Den gamle Ringen, som til dessa heve styrt og stelt med Byens Greidor i alle Maatar som dei hava viljat, heve fenget eit Grunnskot i si Magt yver Borgararne, med di dei hava viljat driva den austlege Byluten, Bryggjesida, dei kalla, upp til aa veksa seg stor, endaa all Trafik og Bygging heve eit Drag mot hi Sida. Dei hava soleides fenget Jarnvegs-Godshuset til aa liggja der, og no skal Tyskebryggja, der dei fyrr inkje fekk Løyve til aa brenna Ved og Ljos, hava ei gnistrande Jarnvogn utyver seg um Notti til aa henta dei Varorna, som um Morgonen skal sendast med Vossebanen, fraa Stationen ved Lungegardsvatnet. Til aa faa detta i Lag, hava dei makebytt ein stor og fin Gard, som Byen aatte i Jegteviki ved Puddefjorden med eit litet Stykke Festegrunn burtmed Bergenhus Festning. Paa denne Grunnen stod eit Skipsverv, og der skal no Godshuset aat Vossebanen liggja. Mannen, som aatte denne Grunnen, fekk Jegteviki, og han vardt reint fegjen paa Bytet. Han sagde ogsaa, daa han saag den store Garden og den lange Strandlina (Strandgrunn verdt svart dyraste Grunnen i Bergen): "Nei at Byen vilde lata meg faa so myket." Jegteviki ligg nettupp paa den Halvøyi, Byen heve teket til aa veksa utyver i seinste Aari, ja det er uvandt aa skyna fyr alle, so nær som dei kommunale Vismennerne, kor kostesam den Grunnen var, Byen gav fraa seg. So er det og fleire Byggjegreidor, der den same Visdomen heve synt seg, til Dømes i det Læget Bazarbyggningen fekk. Alt detta heve gjort Folk leide av detta Faamannsstyret, me no hava havt i fleire Aar, ja det er vel tvillaust, at hadde me Val no, vilde dei gamle verda kastade, og daa dei høyra til Attergangsmennerne mest alle ihop, so vilde den frilyndte Flokken koma til Styret. Um denne Meiningi vil halda seg til dei nye Vali, er eit annat Spursmaal; Folket her er inkje litande paa. Dei kunna fyre Middag vera "braasikkre" paa, at ein Ting er sann, og um Ettermiddagen vera "braasikkre" paa det motsette. Det synte seg nettupp i Jegteviksaki, der sume Menner um Fyremiddagen tykte det var rein Galskap aa gjera det Makebytet elder rettare Umakebytet, som dei vaaro med paa um Ettermiddagen.
 
Men tvillaust er det, at denne Saki heve fenget Borgararne til meir en fyrr aa tenkja paa dei offentlege Greidor. Det kann vel difyr vera Von um, at dei vilja freista med aa lata den frilyndte Flokken faa prøva seg i Styringi, fyrdi dei hine inkje hava nokon dugande Mann utanfyr den gamle Ringen. Iminsto vona me, at Doktor Sparre, som er ein hjartevarm, ærleg, frilyndt og framifraa dugande Mann, skal vinna fram til næste Stortingsval.
 
Som det er i Politiken, so heve det og voret i Maalvegen. "Fraa By og Bygd" er komen ut kvar Maanad, "Bergens Tidende" heve fleire Vendor havt lengre Stykke um Maalsaki, men i det heile heve det voret litet Liv i Bergen i so Maate i seinste Aari. Vestmannalaget heve legjet i Dvale, og nokot aalment Orskifte um Saki heve det inkje voret. No er det likavæl paa seinste Bilet Teikn til, Mann og Mann imillom, at det skal koma upp meir Interesse fyr Saki atter.
 
Likeso stilt som det heve voret i Maalvegen, heve det og i det sidste Aaret voret i Handelslivet. Me høyra dags dagleg stride Klagemaal vyer dei laake og traange Tider. At Handelsløysa er stor, er inkje neitande. Men elles kann no endaa mangt retta paa seg. Kunde me so sannt berre faa eit rettelegt godt Aar paa Landet her vestanfjells, so skulde me snart sjaa Teikn til betre Tider, daa Jordbruket og Landbunæringi i det heile, som "die Welthandel" segjer, er Grunnlaget fyr Velstandet i eit Land. Sumaren heve i Aar paa fleire Stader voret overhendig turr, og difyr gjort myken Skade, men elles verdt Aaret i det heile inkje av dei ringaste, og paa sume, men inkje mange Stader reint eit Krunaar.
 
H.
 

 

Frå Fedraheimen 18.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum