Stubbar fraa 1814.

 
(Av Andreas Austli.)
 
(Framhald).
 
[Del 3 av 5. Fyrste delen.]
 
Best vi sto, var de ein av deim, som tok paa og røyvde paa seg; de for ei Kula yver Hovue vaart og gjekk inni Svenskeflokken og gjorde ein stor Gjeile etter seg. Men Svensken berre stimde ihopatt og remja lika gale. So fekk dei ei Kula til; og slikt fekk dei 4 Kulor etter einann'. Men daa staar det i Visunn':
 
Men da fjerde Skud
af Kanonen gik ud,
da holdt han sin Trud.
 
Prinsen sto og saag paa; og tvo Offiserar av dei norske fall. Daa sa han: "Aa lad de gode Folk retterere; nu staar de der og tror, at de slaas for min Skyld". Daa var de Oberst Hegermann, han svarad: "Aldeles ikke: det er deres Lyst at slaas for sit Fædreland". Uppaa Standsa hadde vi nokre smaae Kanonar. De var ve ein slik Kanon, de sto ein Løtnand og fyra; han fall. Det kom ein atti Stelle hass, han au fall. So vart de sett der ein, heitte Løtnand Kviksta fraa Fron; men han sto. Folk saag, at han rista Kulonn' utor Ermom sine so fort, dei kom. De var ein Svenske, som hadde smøygt seg paa Sia aat oss og krakt uppi ei Gron, som hekk utyver Gloma; der sat han og gjynte. Dei fekk sjaa honom dei, som heldt paa me Storkanonom; de var berre dei sette paa ein Kanon og skaut, so Kroppen og Groni kappflaut utpaa Gloma og reiste. So var de ein Svenske, som sto og drakk; han sto bøygde seg og auste med Hendom. Han fekk ei Kula, so han sette Føtenn' tilveers og reiste hovustup uti Gloma. Og so var de ein, som sat uppi eit digert Tre og skaut ne i Standsen vaar, so han pela ikoll rett mange; han hadde ein heil Flokk neunder Tree, som lødde aat seg. Men daa au kom de ei Kula fraa Storkanonom og fekk han neatt. Svensken gjorde den Gongen, som han hadde gjort fyrr, han skaut for høgt; vi høyrde de sau yver oss. Daa var de han Stor-Per Tambur, han tok 'ti og ropte alt de Barken orka: "Jau no gaar de gott, Svensken skyt i Marki!" Det var ein ifraa Haland, heitte Ola Gjeitryggen; han sto inni ein Ospelund og passa Hesten aat ein Kaptein. Kvistanne datt utor Toppom, sa han, og naar han saag upp, var de mest som Smaafugelstroer, som flaug. Baae Sikameratanne hass fall i Slagje.
 
Kaptein Ring fraa Gausdal sto paa vingstre Fløy; han kommederte so hart, at Folk tykte Jori skolv. Han kunde hoppa yver tri Karar, som sto etter einann' me Skreppor og full Pakkning; og naar han la Hondi si laust paa Hestbaken, so skaut han seg uppaa fraa bakantil som ingen Ting. Han var berre stutt og tjukk; men Hallingen og Springdansen gjekk han, som han skulde gaa paa Fjører. De tok til aa leita paa der, som Ring sto; Svensken kom so nær, at han brukte Baggenetten. De kom ein og kjøyrde beinaste paa Bringa aat Ring, men Ring greip Baggenetten i Veere og bøygde honom tilsies. Og derme so lyfter han Kaara si og høgg Svensken yver Hausen; men Svensken sto lika heil, de var berre Sjakoa som trilla av honom. Og Kaara rauk sund fyre Ring. Men daa smeiser han til me di Stubbe, han har att og klyv Svensken ratt aat Okslom.
 
So tok Svensken paa aa dra seg unda; de drog ein diger Flokk inni ein Laave og heldt paa og skaut utatt um Veggen; for de var mange Hol i Veggje. Dei som sto me Storkanonom fekk sjaa, de rauk so friskt utor alle Veggjeholom. Daa snudde dei aat tvo Kanonar; dei valde ut ein Stokk so maate høgt uppaa og tok Sikt paa kvar sin Ende. Kulonne kom i ein Gong og tok Stokken me seg, so han flaug inni Laaven og slo ihel, til de vart stillt. Sia skaut dei ne Laaven.
 
Til sjauande og sist bar de paa Laupe me honom; men Hestfolke vaart sette etter og jaga paa; men daa Prinsen fekk sjaa de, forbau han de. Daa sa Hegermann, de var ein høg Offiser: "Kvafyre skal vi bera paa Kulor og Krut, naar vi inkje fær bruka de den Gongen, di bit paa!" Og han kasta Kaara si aat Markenn', so Jori sprutte umkring Prinsen. Daa gret Prinsen og sa: "Jeg vil hellere miste baade Land og Rige, end der skal blive udøst mere uskyldigt Blod for min Skyld."
 
Daa dei kom att fraa aa jaga Svensken, daa hogg dei sund Brui og kom yver att aat Storkanonom og tok me seg alt saman; men Brui reiste av uti Fossen. De vart fortalt, at Svensken skulde dra me seg av Likom sine, at han baade velta aat Glomunn' og gjøymde burt paa andre Stelle, fyredi han inkje vilde vera ve alt Tape. Dei gat paa 500, som sikkert fekk Dauen; og so alle, som vart saara, attpaa. Men fyr oss rauk de me berre nokre faae. Ja, so fekk vi pusta utatt daa. Men eg skulde inkje graate aat ein slik Leik, ei liti Stund til. Me' de spela som haraste, hadde du inkje faatt meg fraa der, um du hadde kome og dregje meg etter Haare."
 
So er de Sveinsgar'en att: "Baketter vart de slutta Stillstand; men vi vart liggjande der eit tri Vikors Ti endaa. Daa hadde ingen Lov til aa løysa Skot. Men Dagen etter Slagje sto Løtnand Kviksta og leika seg me ein Firepunding – og best de var, skaut han. Men Kula flaug inni eit Hus og tok Hovue av ein svensk Løtnand. De vart eit fælt Styr paa dei høgste Offiserom vaare; dei lova ut 50 Dalar Banko tessheld aat den, som vilde fortelja. Men vi heldt so gott ihop, so de var ingen, som gjekk sta slarva um. So var de ein Dag, vi fekk sjaa, de gjekk ein høg Mann burtpaa Standsa; han hadde blankt paa Okslom og Fjør i Hatte. Løtnand Seval sa, at detta var Karl Johan; han kjende Guten fraa fyrr, sa han. Daa var de inkje vondt fyre deim, som bau seg til og vilde skjota. Og de hadde vore ei smal Sak  aa skjote honom, han gjekk der og saag paa all Ting og gav seg so goe Stunder. – De var Sotte, som vart haraste ve oss, Svensken fekk inkje stor Raai me oss. De kom ei Sott, dei kalla Blosott, og ho tynte fælt. Dokteranne skulda paa Blaabæri; for ho sot so tjukk og diger der um Hausten, og paa ho var dei svært graaduge. Dokteranne kalla ho Blobær. Men eg trur no, de kom ihoppakka i Laavom og kvar vi kunde. Paa di Gare eg laag, saag de slikt ut bak Laavveggen me Folkemyk, at ho gjekk langt uppaa Leggen. Og de var ein Humlehage, han var so grøn og vokstleg, daa vi kom der; men daa vi strauk att, sto han i ei Klina." -
 
No er de nokre Smaastubbar; men eg er inkje go fyre aa hugsa lenger, kva den og den fortalde. Dette her var hendt, daa Slage sto ve Onstasund.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 14.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum