Kristiania, den 10de September.

 
Ein Skulelærar hev sett fram det Spursmaalet: Korleids er det rettast aa taka Undervisningi i Lesnad av Dansk? D. e. Skal Ein prøva paa aa faa Borni til aa lesa rett og smakfullt? Elder skal Ein nøgja seg med aa læra deim aa lesa etter Boki, stivt, smaklaust og tungt? Paa dette skal me svara: Rett vert Dansk ikkje leset andre Stader enn i Danmark, rettast paa Sæland og i Kaupenhamn, der detta Tungemaalet hev vortet til. I Noreg er det ikkje ei einaste Menneskja, som les Dansk rett, og det kann ikkje nytta aa faa Folk til aa lesa Dansk rett her helder. Men Born (og Vaksne) kann læra aa lesa Dansk som kvart eit annat Tungemaal med Uttrykk og større elder mindre Smak. Me er ikkje so vondskapsfulle aa vilja raada ifraa, at Ein freistar aa gjera det, Ein kann, i denne Vegen. Naar det er Meining i ein Leseregel, og han derattaat kann koma Leseundervisningi i Norsk til Nytte – det maa fulla snart koma til, at norske Born fær Undervisning i aa lesa Norsk ogso – held me det fyr aa vera rett gjort av ein Lærar aa innøva Regelen. At Bokstavarne t og d i sume Ord og Stellingar ikkje vert høyrde, er nokot, som Skulen maa gjeva Borni Vitsmun um (gode = goe, døde = døe, det = dè, Huset = Husé o. s. fr.); men det er urett og berre Kvakksalving aa læra deim, at b skal lesas som p (stad som skap) d som t (leider som leittar) og g som k (søge som søke). Sjaa t. D. Eriksens og Paulsens Lesebok I, Sida16-17. Skulen paa Landsbygdi hev betre aa gjera enn aa driva med slik Usanns; for skal eit Ord lesast bite, so bør det ogso skrivast med t. Aalæra Borni til aa segja jei, mei, dei, sei o. s. b. er likeins nokot, som norske Lærarar ikkje bør spilla Tidi med, kor rett det enn kann vera etter dansk Bruk. Men det forstend seg, ein Lærar maa vera angerlaus – og ingen kann gjera honom nokot fyr det – naar han lærar Born paa Landsbygdi aa lesa slik, som Boki hev teiknat Ordi. Den Læraren, som hev skrivet til oss um Saki, hev elles allvisst Rett; det er i Grunnen aa arbeida fyr Maalstrævararne (K. Knudsen og hans hyrade Fylgje) detta: aa læra upp Born i Noreg til aa lesa Dansk rett, d. e. soleids, at det ikkje høyrest andstyggjelegt fyr deim, som er vane med Dansk i det Skap, som detta Maalet hev fengjet ved Bruk hjaa eit Faatal i norske Byar og i norske Embætteskrinsar.
 

 

Frå Fedraheimen 14.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum