Brev fraa Danmark.

 
Odense, den 1ste Septbr. 1878.
 
Kolds Høgskule ligg ½ Mil fraa Odense. Der var i fyrre Vika samnat ikring eit Tjug Friskulelærarar, som mest nøytte Tidi til Undervisning seg imillom i dei Ting, som Ein dagsdagleg hev Bruk fyr i Barneskulen: Dansk, Folkesoga, Naturlæra o. s. fr. Valsokneprest N. Lindberg (Kjerteminde) gav Upplysningar til Bibelsoga, og Dr. L. Helveg (Odense) gjenomgjekk Kyrkjesoga i Hovuddragi. Teiknelærar H. W. Jensen (Odense) gav nytsam Rettleiding i, korleids Teikneundervisningi maa takast, naar ho skal verta fruktberande og forvitneleg aat Born, og Brevskrivaren gav liksom ved Møtet paa Askov Undervisning i Islandsk (Gamal-Nordisk) ved Upplesing og Ettervisning av, at mykje av detta Maalet enno liver paa Folketunga yver heile Norden.
 
Torsdagen den 29de Aug. tok heile Lærarsamningi Lut i Venemøtet i Odense. Denne Dag vart vald, fyr at Presten Frederik Vexelsen fraa Throndheim kunde vera med. Yver 2000 Menneskjur møtte fram. Prest Dr. L. Helveg talade um den heilage Aand, hans Namn og Gjerning i den kristelege Samning, den han, endaa usynleg som Vinden, leider fram mot Frelsa liksom paa den store Kvitsunndag i Jerusalem: baade lik det veldugt framfarande Vedr og den linne Pust. L. Schrøder (Askov) hadde fraa Amerika fenget tilsend ei Bok um Mormonismen ("Vor Tids Muhamed"), skrivi av ein dansk Mann, Ammundsen; Bokskrivaren fortel, korleids han og hans norske Hustru kom i Garnet aat Mormon-Utsendingar, og skildrar korleids det gjeng ein heil Hop Nordbuarar baade her heime og etter deira Koma til Amerika likeins. Han legg oss aalvorlegt paa Hjarta aa senda upplyste og dugande Prestar yver til Amerika fraa Morlandet. Men theologiske Kandidatar fær Ein ikkje mange av til detta, og det gjeng i det Heile smaatt med Tilgangen av Prestar heimanfraa; difyr tenkjer dei no paa i sjølve Amerika aa upplæra unge Danskar til Prestar. Nordmannen Olav Kirkeberg, utgjengen fraa Askov Høgskule, vil saman med ein annan Askovlærling (Frilærar Kr. P. Østergaard) setja i Gang ein Høgskule fyr Gutar. Dersom daa nokon av deim finn Kall (Lyst og Emne) til Prestegjerningi, er det Tanken, at dei kann ganga fraa Høgskulen i Elkhorn (Iowa) til Presten Jens Pedersen i Luck, der dei vil kunna faa naudsynleg Fyrebuning til Presteverksemd. Talaren bad under høglyd Tilstudning Forsamligni og Nemndi fyr den amerikanske Mission, som var ved Møtet (Prestarne L. Helveg, Joh. Møller, G. Strøm og Joh. Clausen), um aa leggja seg denne Saki paa Hjarta og gjeva henne den Studnad, ho tarv.
 
Deretter talade Presten H. Snystrup (Vejen). Med Utgang fraa Ordtøket "Seint men søtt" maalgreidde han fyr oss, at Ventetidi er lang; det vegtugaste Korn og den fastaste Ved tarv den lengste Tid til sin Vokster; det gjekk Aartusund, fyrr han – "Kvindens Sæd" – kom, som skulde knusa Hovudet aat Ormen, og som Profetar og Kongar hadde lengtat etter, og det gjekk endaa mange Aarhundrad, fyrr hans Ljos kom til aa skina her i Norden; daa Ansgar kom hit. Det gjekk ogso seint fyr honom, men han tok Trøyst av sin Formann Erkebisp Ebbes Ord: "Eg er viss paa, at det Verk, me hev byrjat i Aand og til Æra aat Aanden, skal lukkast. "Eg liter paa det, eg trur det fast og veit det visst, at det, me hev byrjat, um det ogso ei Tid kann verta hindrat av Syndi, aldri vil ganga heilt tilbaka, men altid fram, so ved Guds Naade Herrens Namn skal naa fraa den eine Ende av Heimen til den andre." Og naar me tenkjer paa Kristenfolkets Vilkor i Norden i dei siste 1000 Aar, paa, korleids i vaare Dagar Grundtvig under isnande Kulde og bitande Hæding lengje stod so einsleg med sin litle Venekrins, medan han avlagde sitt Vitnemaal, og so, korleids fleire og fleire kom til paa hans gamle Dagar, og no hans Sangverk og hans Folkehøgskule er uppe, daa maa me fulla segja: "Seint men søtt." Talaren minnte endeleg um Utvidkingi ved Askov som eit Stig fram mot " Høgskulen i Sorø." Den Sak, sagde han, fortener, at me av al Magt gjev henne vaar Studnad; den skal standa som eit nytt Danevirke fyr Etterkjømdi og med Guds Hjelp halda betre enn det gamle, som var reist av Murstein og Grastorv. "Sent men sødt i Danevang lyder Nattergalesang."
 
L. Helveg takkade Schrøder fyr hans varme Ord og Umhug fyr den amerikanske Mission og lovade Høgskulen og Presteskulen deryver Studnad av Missions-Nemndi, som vilde innbjoda det danske Kyrkjefolk til aa veita Hjelp.
 
Um Ettermiddagen hadde Fr. Wexelsen fyrst Ordet. I Noreg hadde han – sagde han – aldri voret med i nokot so fjølgmennt Venemøte som detta, men ogso dei smaae Venemøte var hugkvikande og velsignade. Abrahams Møte med Vaarherre og hans tvo Englar i Mamre Lund var soleids eit litet Venemøte med store Fylgder. Samuels Venemøte og hans Høgskular, Profetskularne, hadde store Fylgder fyr det utvalde Folk. Likeins var det med Venemøtet av Hjurdingarne paa Betlehems Mark med Englarne og med Jesusbarnet, Simeons og Annas Venemøte med Josef og Maria og Jesusbarnet i Templet, dei mange Vennemøte Frelsaren heldt, sosom daa han i Øydemorki mettade dei 5000 Menn forutan Kvinnur og Born, Møti i Bethania, i Emaus, i Jerusalem, under dei store Trengslur, daa det saag ut, som um Dauden skulde ganga av med Sigeren, men berre fyr at det kunde koma til det store Venemøte paa Kvitsunndagen, daa det vart døypt 3000 Menn og Kvinnur. Derifraa er vaare Venemøte med alle dei Heilage i Daupen og ved Herrens Bord utgjengje. Talaren peikade til Slutt paa det store Venemøte, naar alle Guds Born skal samnast, men ogso paa det timelege Venemøte millom dei nordiske Rike: Danmark, Noreg og Sverike maa møtast til sams Torv, der "Ledet er af Lave.""
 
Prest Ludvig Wagner (Seest) minnte um, at det høyrer til dei største Gledur ved Venemøti det, at det er Guds Ord, som gjev deim Innhald, naar me kjem saman med deim, me tidligare møttest med, endaa det vel kann vekkja Hugsott, naar me ser Teiknet paa Livshausten i dei graanande Haar, dei rukne Andlit, dei veikare Augo og Røysterna med mindre Kraft og Klang, og naar me ser, korleids den Eine gjeng burt etter den Andre. Men  ogso dei, som er burtgjenge, er med oss: baade Grundtvig, Lindberg, Kold, Peter Larsen og dei andre, som er heimgjenge, ja ogso dei, som enno liver ibland oss, men ikkje kann vera med nettupp soleids som me. Soleids hadde Talaren um Morgonen fengjet den Helsing fraa ei liti Gjenta, som laag paa si Sotteseng: "Naar De segjer fram Trui og bed Fadervaar, hugsa daa paa, at ogso eg er med!" Me stundar mot det ævelege Venemøte. "Saa frydelig der til evig Tid med Venner i Lys og tale".
 
V. Birkedal ynskte, at "Jarnvegspipa" ikkje maatte pipa honom ut og gav Vitsmun um, kvat han hadde lært av Bjørnsons Song "Ingerid Sletten": ho hadde vundet eit stort Hjarta, medan ho hadde minntst og gøymt den ørlitle Arv, som ho hadde fengjet av Mor si, men som Tidi likvel hadde tært. Naar me soleids i Truskap held fast paa vaar Fedrearv og liver fyr Guds Andlit, skal me, um dei timelege Voner enn glepp den eine etter den andre, vinna eit større Hjarta til aa taka imot Guds Naade og Miskunn. Lat berre fara alt, naar Hjartat er vortet større til aa taka imot denne Gaava. I Bardagen paa Stiklestad hadde Bønderne til Herrop: "Fram, Bondemenn, fram!" men Kongens Her styrmde paa med Ropet: "Fram Kristmenn, Krossmenn, Kongsmenn, fram!" – Naar me kjemper som Kristmenn, gjerer me detta ikkje under ein Kross, me sjølv kann paaleggja oss, men under den Krossen, me ber fraa den Vigsla, me fekk i Daupen, og den Krossen skal ikkje kua oss som Trælar, men adla oss som Kongsmenn, med di me kjemper bøygde under Krossen og likvel uppreiste, ikkje løyner oss fram under graatt Flagd, men vender Rygg til alt det Graae og Tokutte, um det ogso tykkjest lova baade Gull og grøne Skogar. Gjerer me det, skal me som Kongsmenn med Lovsong ganga inn til den store, ævelege Sigerfest, medan Englarne tegjer og smiler, fyrdi dei ikkje hev nokor røyndomsleg Kjensla av den store Faare fyr æveleg Undergang, som me er slopne fraa.
 
Prest M. Melby (Asperud) hadde Kvelden fyreaat med Tanken paa Venemøtet sleget upp sin Bibel; han feste daa Auga paa den 92de Salme, iser paa desse Ordi: "Dei, som er grorsette i Herrens Hus, skal bløma i vaar Guds Forgardar. Jamvel i Graahaarsalderen skal dei skjota friske Renningar, sterke og grøne, til aa kunngjera, at Herren, mi Trøyst, er rettvis, og at det ikkje er Urett i honom". Ved Ordet Forgardar tenkte Talaren paa Huslivet og paa Folkelivet og med detta atter paa det, som den heilage Songar segjer i den 128de Salme: "Di Husfru skal vera liksom eit frjovsamt Vintre innst i ditt Hus, dine Born liksom Olivengreiner kringum ditt Bord".
 
"Knæk ei tankeløs om Vaaren
liden Kvist, men giv den Læ!
Tænk, om just den var udkaaren
til din Alders Skyggetræ."
 
Knekk ikkje, du unge Mann, dei friske Teinar hjaa Brudri di, elder me Foreldri Truskuldsrenningen hjaa Borni vaare! Knekkjer du denne Renning misser du Barnets Tillit. Det maa hegnast um det Fine og Veike. Herren sjølv knuser ikkje den knekte Røyr elder sløkkjer det rjukande Skar. Det hev tidt voret skjemtet med dei tvo latinske M'ar i Talarens Namn Mads Melby, Folk hev tott det hev svipat paa Wessels tvo latinske M'ar i "Kjærlighed uden Strømper", men Talaren hadde vortet gladare og gladare i desse M'ar og vilde no leggja eit tridje til etter Namnet aat Mor si, so han heiter Mads Maaløe Melby, og so lata dei tri M'ar tyde " modig", " munter" (gladvær) og " mild", og um ogso hans Mod, hans Gladværskap og Mildskap berre er som ei liti Risla elder ein liten Teining, vil Vaarherre ikkje knekkja den, men gjeva den Livd og uppelska den til Mod i Trui, Gladværskap (Livsgleda) i Voni og Mildskap i Kjærleiken, og under desse tri M'ar stend dei rette Kristmenn, Krossmenn og Kongsmenn. For Mod i Trui er Kristmanns Mod, og under Krossmerkjet er den rette Livsgleda, medan Guds Kjærleiks Mildskap adlar oss som Kongsmenn. Modug Kristmann, gladvær (munter) Krossmann og mild Kongsmann skal ein Kristen vera. Vaar allmegtuge Konge er Kjærleiken og Mildskapen sjølv. – Takk, Fr. Wexelsen, fyrdi De so kjærleg hev hegnat um mangein liten Kvist i Vaaren – modugt, gladvært og mildt.
 
Prest Helveg sluttade med aa framsegja Trui og Fadervaar.
 
Fraa Kl. 3 til 5 nøytte me Tidi til aa ganga um i Husi elder sjaa oss um i Leselagets Hage, i det gamalnordiske Museum paa Slottet elder i St. Knuts Kyrkja. Deretter vart haldet sams Maaltid, liksom ved dei fyrre Møti, i Pantheons Ridesal, der det vart haldet Talar fyr vaare Gjester fraa Noreg og Sverike: Fr. Wexelsen, hans Husfru og Systrar fraa Trondheim og Frøyken F. M. Rappe fraa Stockholm. Baade ved Bordet og millom Talarne fyreaat vart det sunget kyrkjelege og folkelege Songar, millom andre ogso Bjørnsons "Sangen har Lysning", som vart sungen ved Bordet, fyrr Wexelsen andre Gongen fekk Ordet. Bland dei hedangjengne minntest iser ved Bordet Presten P. A. Fenger, som gjerna hadde eit godt Ord aa tala til Venemøti ogso her i Odense; ein sovoren Mann var han, at det – som det heiter – ikkje er funnet Svik i hans Munn.
 

 

Frå Fedraheimen 14.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum