Utlandet.

 
Den ryske Garde, som laag i San Stefano, er no heimsend, og etter at den engelske Floten hev gjenget fraa Prinseøyarne, er det trulegt, at det var Aalvor med Heimsendingi av dei ryske Herfolk. Men solenge Upprøret i Rhodopebergi ikkje er kuat, er det ikkje ventande, at Ryssarne heilt vil røma turkisk Grunn, um og dei 3 Maanadar, som Berlinsemja set til Frest, skulde ganga til Ende; for Uppstanadet er til stor Faare fyr Austrumelia, og det skulde vera Portens Sak aa hindra Upprørararne fraa aa brjota inn i denne Provinsen, men det er ikkje likt til, at det er mykje aa venta av'n i so Maate. – Sidst Fredag hersette Ryssarne Batum; den ryske Fana vart uppsett og rysk Styring innførd. Størsteparten av den turkiste Garnison er førd til Trapezunt.
 
Fraa Bosnia og Herzegovina er det fortalt, at Austrikingarne hev teket til "Offensiven" att. Den Avdeild, som stod under Greive Szapary ved Doboy hev trengt Upprørararne utor deira Stellingar, so at Vegen til Maglai, som altso hev voret stengd, er fri att. Austrikingarne hev havt stort Mannspille, er det likt til, for dei hev lotet taka dei sterkaste Stellingar med Bajonetten. I Herzegovina hev ei austriksk Avdeild, som kom fraa Ragusa, hersett Trebinje utan Motstand. Austrikingarne hev ogso havt Vinningi i nokre Smaaslag ved Kliuc og Hanproloc. Derimot er det telegraferat fraa Wien den 9de Septbr., at Generalmajor Zach sidst Laurdag maatte gjeva upp Aagripet paa den sterke Stellingi aat Motstandararne ved Bihac og ganga attende til Zavalje med ikkje so litet Tap.
 
Mehemed Ali, som no var sett til Øvsteførar fyr alle dei turkiste Herar i Makedonia, Thessalia og Epiros, hev vortet drepen i sitt Hus i Spek (Albania). Upprørararne sette Varme paa Huset med Petroleum. Tie høgre Embættesmenner i Spek vart myrde.
 
Det tydske Riksthinget vart opnat den 9de September av Greive Stolberg paa Rikskanslerens Vegner. Trontalen handlar berre um Socialistlogi, og det er nog og den einaste Saki, Thinget kjem til aa hava fyr seg. Det er meint, at Gjenomgangen av Logframlaget i Thingnemndi vil taka ei Vika, og at det vil ganga med 3 Dagar til Dryfting i Thinget.
 

 

Frå Fedraheimen 11.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum