Stubbar fraa 1814.

 
(Av Andreas Austli.)
 
(Framhald).
 
[Del 2 av 5. Fyrste delen.]
 
Vi sto under ein, heitte Løtnand Seval, sto me lødde Gjevær og var ferige til aa rykkja fram paa Timen, de kom Komando. Vi sto attanfyre Storkanonom og hadde ein Haveraaker beint imot oss. De var slikt Regnveer, at de skal leitast etter Maken; det var so det rettugt hylja. Vi hadde ballat yver Laase paa Gjeværom. Daa Svensken kom, kom han so Aakren bogna. "Fram aat, gaa paa", sa han. Men um heile Furulii hadde sett 'ti og ropt, so kunde de inkje vorte harare held de Rope var. De flaug ein Tambur fyre. Daa var de ein av Soldatom vaare, som gjekk burtaat Kapteine sine og sa: "Laan meg Kanonen din lite du, so vil eg faa Lov aa skjota denna Tamburn eg." "Ja kann du skjota honom, skal du faa 5 Dalar", sa Kapteinen. Den hin rette paa Kanonen og skaut Tambur'n tvert av i tvo Stubbar. De var de fyrste Skote. De var berre lite Grand vi saag noko, Krutrøyken la seg yver trast. Daa dei tok  paa me Kanonom, skolv eg slikt, at Gud bære meg, skulde eg kome inni Slage. Men de kann fulla henda, eg hadde faatt større Mo daa. Men me de regnde og dundra og vi sto og venta, heldt Seval ei Tala. Og det lystar meg aa høyra den Presten, som gjer ei betre Tala. Han grøtte no oss alle saman, og gret gjorde han sjølv me paa Slutten. Best de lei paa fekk vi Befalling til aa skjota av Gjeværi vaare, de kom Bo, at Svensken skulde faa de lel. Men vi fekk inkje Lov aa setja tilveers, fyr di de flaug Folk paa alle Kantar. So sette vi Piponne frami Haveraakren og skaut paa honom. Men eg tykte mest de var styggt au baketter, daa han var turr att; Stubben sto att so stri, og de var slike Gaaror etter Kulom. Slage vara til Klokka 11. Paa Slutten kom de Brennvin, som skulde vera aat oss, som sto. Daa vi tok paa og delte, kom dei att, dei som slost. Dei saag so ut i Andlete me Jor og Lort, at de synte inkje de kvite. Dei tok fraa oss Brennvine." –
 
So er de Hagevollen. " - - De var so mykje paafer me dessa Svulte. De var eingong eg og ein til sto Vakt deruppe ovanfyre Onstasund. Daa kom de ei Gjenta gaaande og bar noko Supe 'ti eit Spann og ein Tull me Kaku, som ho hadde i Hendom; de skulde vera aat ein Arbeiskar utpaa Markenn. Eg forlangte aa faa kjøpt de; men ho svara meg nei. Derme sette eg Gjevære millom Kneom og greip Spanne og drakk utor umtrent de halve, de som var att, fekk han Kameraten min; og likso tok eg Kaku, ho hadde. Daa eg gav henne att Spanne, tok eg upp Pening fullkome de, de var vert. Ja, so tok ho imot deim au og sto stirde paa deim lite Grand. Nei, derme so kastar ho Skjilinganne aat Markenn' tek Sprange og tek paa og stortuta. Daa Svensken var paa Veg nedyver aat Onstasund, kom dei aat ein Prestgar. Og so spurde dei ut Presten; men han sa, de laag berre nokre faae neve Sunde, - anten han no var so ful, held han inkje hadde betre Greia paa di; eg trur no helst de siste. Men daa Svensken hadde vore neve der og tapt og kom attende, daa tok dei ut Presten og klædde han nakjen og dengde Rumpa hass me Ris.
 
So kom Svensken skrikand' og gauland'; det var tileg um Morgonen detta. Eg saag han kom utkjyland' utor Garom, de var so tjukkt, at de berre  blaadd' paa'n. Daa var de ein, heitte Stor-Per Tambur, som laag 'ti eit Kvarter paa Vakt; han var ifraa Kolunn paa Fron. Naar han vilde, slo han so Rutonne sprutte utor Glasom. Den Gongen, daa han vart skriven, skulde han under Maal. Dei brukte eit Maal, dei kalla Kraaka, som var tri Alner lang; ho hengde dei paa eine Øyra hass, og daa rokk ho nepaa Hælstege. Best som dei heldt paa inne og pusla, kom de ei Kula gjenom Glase og tok Sjakoa hass Per. So sprang dei ut og stellte seg upp; daa kom de ei, som tok ho att. Men han sette ho attpaa seg. Tridje Gongen kom de ei og tok ho. Daa greip han ho att i Sinne og sputta inni ho og tok 'ti ei diger Bøn paa at – "skal du inkje sitja no!" sa han. Daa var de ein stor Løtnand, som heitte Grønner: "Det blir farligt for mig og dig idag Per," sa han. – Men vi sto bak Skansen og var reie; bak Ryggen vaar laag de ei Lausbru, og trast utanfyre der, var de ein Foss. Paa hine Siunn laag de mange digre Kanonar.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 11.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum