Brev fraa Jadren.

 
Det er ein gamall norsk Sed fyrst aa røda nokot um Veeret, naar Ein helsar paa Framandfolk. Detta lyt eg gjera no, baade fyrdi eg inkje er betre enn andre Bønder, og fyrdi Veeret heve voret framifraa merkjelegt dette Aaret. Vaaren kom tidlegt; Sol og Verme og maateleg Væta dreiv Gras og Blomar fram fyre den vanlege Tidi; men frampaa Sumaren vart det væl turt, og ein kald Nordanvind sette Kur i Vokstren, so Høyavlen inkje vart meir enn medels elder væl det. Men so kom Høyet so framifraa godt i Hus, daa det inkje skorte paa Terre. Aakren er gild i Aar; han mislikar inkje Nordanvinden, berre det inkje varer for lenge. Jadr-Landet reknast fyre aa vera eit godt Kornland, endaa inkje so godt som eit Berg stengjer ute den kalde Gufsen fraa Havet. Skurden er naa komen, og eg minnest inkje, eg heve skoret slikt Bygg som i Aar. Veeret er enno turt; Terren kjem væl med fyr oss Jadrbuar, som ero so arme paa Skog, at me inkje eiga Staur aa binda Kornet paa, men ljota istaden setja det i Skruv elder Kornsaator med 12 Bond elder ein halv Treve i kvar. Bekkjer og Brunnar ero vatstomare, enn dei pla vera dette Bil Aar. Myrarne ero au so turre, at Jarnvegen inkje søkk ned lenger, so Jarnvegs-Arbeidararne no inkje hava nokot aa gjera her; dei hava misann lenge nokk skarvat her. – Daa me hava fenget Regn daa og daa, heve Jordi inkje teket Skade av Turk, utan det skulde vera, at her vert litet Haa elder Tøda. – Notti millom 8de og 9de August og Notti til den 14de s. M. var det slikt Tore-Veer, at Ingen kann minnast Maken. Tora slo ned so mange Stader, at Ingen veit Tal paa det. Hjaa Lensmann Norheim i Time tende Verleiken Eld i Løda; ho brann upp, og Fjos og Torvhus, som stod i same Laan gjekk ogso med. Det var fælslegt aa sjaa Logen av ikring 150 Skippund Høy og 100 Lass turt Torv midt paa myrkaste Notti. Eg heve aldri set Slikt, og Gud gjeve, eg aldri fekk sjaa det meir helder! Paa Vestly reiv Tora same Notti store Hol i Vollen og paa Hognestad i Aakren; paa Haugland skamfærde ho ein Hest, so han laut takast; paa Torland flekte ho mest Foten av eit Føl; paa Haaland slo ho ihel ein Tjor, og hjaa han Øyvind i Orstadbakkarne vart Katten ihelslegen attmed Omnen; Kjerringi, som datt i Svime paa Gulvet, vart snart god atter. Verre gjekk det paa Risa i Haa Notti til den 14de. Tora slo der ned og tende Eld i ein turr Torv-Stakk attmed Løda hans Olav Lindal. Folki gaadde det strakst og prøvde fyrst aa sløkkja med Mjolk, som etter ei gomol Tru skal vera betre aa døyva Lyn-Elden med enn Vatn. Men det hjelpte inkje. Baade Løda, Fjos og Torvskut gjekk upp i Røyk. Kreturi vart bergade. Ei Ku, som laag i Svime paa Baasen, laut dragast ut paa Marki, der ho snart livnad atter. Og daa Risa er ein gamall Gard med mange Hus i ei Klombr, hadde nok Mesteparten gjenget upp, ifall Folk fraa Grannegardarne inkje so snøgt hadde komet til Hjelp. Med Bal og myki Møda fekk dei bergat dei andre Husi paa Garden. Dei brende Husi var assurerade i Haa Brandkassa; men Høyet var inkje sikkrat mot Eldskade.
 
Mest kvar Bygd her paa Jadren heve sitt sokallade Brand-Samlag; men daa desse smaae Samlag berre gjeva 3 Fjordungpartar av det dei brende Hus er verde, tenkja Folk no paa aa leggja dei ned og istaden sikkra Husi sine i Statens Brandkassa.
 
Det, som set mest Liv og Rørsla i Folk no um Dagarne, er Pietismen, medan Skule og Folkeupplysning er lite vyrde. Prestarne ero daa allra mest i Veten, det vil daa segja, ifall dei høyra til det rette Slaget. Der finnst myket Godt i dei religiøse Rørslur her, myket, som Ein maa vera fegen med og takka Gud fyre; men tungt aa segja er det, at det som sting Hovudet høgast tilveers og tidt vert haldet fyre aa vera framifraa, berre er aandsliknande Skum elder Fraud, som vil kverva burt likso fort, som det er komet. I ymse Bygder er der soleides mange av dei sokallade "Vakte", som ero framifraa Meistarar til aa skyna, kven som er "aandeleg", og kven som er "verdsleg". Allra best vita dei Skilgrein paa, korleides det stend til med Prestarne i den Vegen. Det er inkje Liv og Læra, dei so myket prøva Folk etter; dei spyrja myket meir etter, korleides dei likar den og den Mannen, som heve Ord fyre aa vera aandeleg, kor myket du gjeng i dei sokallade Uppbyggjingar og høyrer paa ulærde Talarar, um du  gjev Pengar til Bedehus, Gaavor til Basarar o. s. v. Med Sovoret hava dei det so framifraaannsamt, at det mest vert gløymt aa skygna etter, korleides Livet vert ført i Hus og Heim. Dei hava det annt med aa granska Hjartelaget aat Andre; detta gjera dei i ei god Meining fyre aa umvenda Folk; men so gløyma dei istaden seg sjølve alt for myket. Dei ero kannhenda komne so høgt upp, at dei tru seg sjølve for væl. Prestarne hava dei allra mest Auga med. Halda dei fyre, at Presten er aandeleg, bera dei honom aa segja paa Lovarne; annars fær han harde Hogg. Me ræddast fyre, at det er altfor myket Menneskjelegt elder Verdslegt og altfor litet Guddomelegt i den religiøse Rørsla her paa Jadren.
 
Med Avsyn paa Skulen so er denne litet paa Tunga og Hjarta aat Folket, som eg longo ovanfyre heve peikat paa. Den læraren, som av all Magt arbeider fyre Folkeupplysning, vert gjerna halden fyre ein Grundtvigianar elder kannhenda nokot, som Folk trur er endaa verre; iallfall vert han mistenkt fyre Eit elder Annat; men byrjar nokon Skulemeistar aa halda "Uppbyggjing", vert han godt likt, korleides han hellest er som Skulemann.
 
Ein Gardmann uttalad raakande den Folketanke, som no raader her, med desse Ordi: "Eg er lika halden, anten Skulelæraren er ein dugleg Mann elder ei; det fær vaaga seg, um Borni mine ikkje fær læra stort Nokot paa Skulen; eg læt dei ganga aa lesa (til Konfirmation) hjaa Presten N. N. (ein myket folkekjær Mann), so lærer han deim i ei Handavending det, som er nyttugt fyre Sjæli". Tenk, eg inkje skulde kunnat sett denne Mannen Sida um Sida med ein Mann i Nedenes, som fyre væl eit halvt Tjug Aar sidan sagde meg, at det hadde meir paa seg aa faa ein dugleg Skulelærar enn ein dugleg Prest; for dei Vaksne kunde betre berga seg nokot sjølve enn dei Smaae. Dei var kloke baade; Skilnaden er berre den, at den eine var klok i Nedenes, og den andre er klok paa Jadren. Folketanken er ulik i dei ymse Bygdalag og til ymse Tider. Avgjerdi paa Stavanger Amtsformannskap syner au grannt, korleides det er voret med Tankarne um Skulen paa desse Kantar.
 
Men Veer og Vind heve lett fyre aa snu seg her paa Jadren. Det heve 'kje altid voret, som det no er. Fyre nokre Aar sidan var her myken Leik med Politikken. Den Tid trudde dei, at Upplysning vilde vera til stor Bate fyre Folk, liksom Mange enno meina det Same. Tvo Folkehøgskular vart daa skipade, ein fyre kvar politisk Fylking. Daa so Amtsskulen kom, kvarv dei baade burt. Den eine hadde inkje meir aa gjera daa; han kunde likso godt hava heitt høgare Aalmugeskule elder Amtsskule som Folkehøgskule. Den andre, som var ein Folkehøgskule i Aand og Sanning, vantad Lærarar, daa Styraren (Wollert Konow) laut slutta, avdi han av Fader sin skulde taka imot ein Eigedom, som han no laut styra, og der inkje var nokon Annan aa faa i Staden hans. Men Folkehøgskuletanken er inkje enno utdøydd her; han søv berre litetvetta, han ventar paa ein Vekkjar.
 
- n.
 

 

Frå Fedraheimen 11.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum