Vinjesokn 20de August.

 
(Brev 1)).
 
Me les i Avisurne, at her mangestad vert eit rikt Aar, og det same kann eg fortelja fraa Fjellbygderne i Telemorki au. Høyet hev me fyr det meste fengjet inn. Høyaaret vart rettnok kannhenda under eit medels, av di her hev voret for litet Regn, attaat det her var kaldt ifraa Vaaren; men me vonar, at det skal verta drjugt aa stulla av, daa det baade er godt innkomet og kannhenda kraftigare au enn det vani verta i regnfulle Sumrar.
 
Skurden gjeng fyr seg paa det hardaste no, og Kornet vert oversleg godt. Her er eit serumslags godt Turkevedr au, so me hev alle Voner til aa faa det godt i Hus. Jordepli er i Aar tidlegare hell vani og her ser ut til aa kunna verta svært mykje.
 
Den svenske Kronprins og den franske Keisarprins hev voret paa Vitjing hjaa oss i Sumar. Dei kom so langt som til Eidsborg, som er Anneks til Laardal og grensar mot Vinjesokn. Det var Ravnedjuv dei vilde sjaa, og dit kom dei tidleg um Morgonen Sunndagen 7/ 8. Der hadde styrmt til ein uhorveleg Folkehop, som vilde sjaa desse Kararne. Det var nok ikkje so rart aa sjaa etter Segni. Prinsarne saag ut nettupp som andre Folk baade til Kropp og Klæde. Ikkje var det stor Stasen, dei fekk Tak til aa gjera av dei helder. Ein Klokkar hadde lagat seg til med ei Tala aat dei; men han fekk ikkje Lov til aa føra 'a fram. Tvo Spilemenner, som hadde ætlat seg til aa spila fyr dei, vart det au negtat. "Lenge live Norigs og Sverikes Kronprins! Hurra!" var det einaste, Folk fekk segja dei.
 
Eg hev høyrt, at Arvesen skal vilja koma hit i Telemorki og halda Folkehøgskule til Vetren. Um so til er, so fær me daa sjaa, um den Skulen er betre held ein annan god Skule. Ein høyrer no slikt Rop um denna Folkehøgskulen, liksom den skulde kunna gjera Underverk. Er det i Framgangsmaaten det heng? Kvi kann daa ikkje statsskularne taka etter? Elder er det Lærararne, som er betre? Her er daa vel sume gode Lærarar i Statsskulen au. Elder er det fyr det, at Folkehøgskulen maa hjelpa seg sjølv, og hin fær Studning av Staten? Men no hev dei no nettupp bedet um Statstilskot Folkehøgskularne au. Jau, ein rimeleg Grunn kann eg daa finna til, at Folkehøgskularne trivst betre held hine. Det søkjer ingen dei Skularne andre held dei, som v i l læra, og det hender vel ikkje helder so tidt, at der er Lærarar, som ikkje er fallne til sitt Yrkje. Det er det, som er den syrgjelege Sjuken i Aalmugeskulen etter den Tid, at Skulemeistararne vart tekne frie fyr Syllatertenesta. Skulemeistar laut ein lat Slarve jamt verta, naar han ikkje hadde Mod elder Hug til aa standa Syllater. No er no dette forandrat, so ein skulde tru, at det vert betre heretter. Nokot munar det sakte; men enno er her vel det, som dreg mang ein Tankelausing til aa verta Skulemeistar umfram det einaste, som skulde draga. Eg veit vel det, at fyr gifte Folk, som skal liva av Lærarløni, er denne liti nok, ja hoste liti, og eg vil ikkje telja til aa gjera Løni mindre. Men likevel er det ei Røynsla, at det lokkar mang ein dette, at ein Ungdom, som er Skulemeistar, kann faa 3 Dalar Vika og Kosten um Vetren, daa andre Lauskarar snaudt tener Maten i Munnen, og at han so umfram um Sumaren kann tena likso mykje som andre Folk. Dette, meiner eg, dreg, og det aabyrgslar oss ikkje Skulemeistarar just av rette Slaget, I so Maate trur eg Folkehøgskularne er betre stadde. Deira Stelling til Stat og Folk hev voret slik, at dei hev kravt ein Mann, som veit, kvat han gjerer, og som magtar det, han tek paa seg, og difyr hev det komet meir Liv og personlegt Livsinnset i dei Skularne. Men difyr skulde dei nettupp ikkje ganga ifraa sitt eiget Upphav, si eigi Soga og ganga til Staten og beda um Hjelp. Det vøre nettupp aa ganga same Vegen som Statsskularne, og den frie Stelling var tapad.
 
A. S.
 
1) Hev diverr vortet liggjande væl lenge. Bed um Orsaking. Blst.
 

 

Frå Fedraheimen 07.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum