Ulukkor.

 
Ein Hest vart sky, daa eit Grustog sin Maandag kom til Grønlidi (ved Oslo). Mannen, som køyrde Hesten, treiv Tyglarne, men vart kastad yverende og Vognhjulet – han hadde fullt Lass paa – gjekk radt yver Hovudet hans. Store Flengjur fekk han og Underkjaken vart knust. Han vart førd til Rikshospitalet, men det er uvisst, um han kjem seg. – Ei Kona paa Grønland (Kristiania) fann ein av Dagarne ein Koparhylsepatron i Gata og tok honom med seg heim. Her sprang han (exploderede) i Henderna hennar. Ho vart sleimt forbrend. – Ved Trondheim (paa Strindi) fann ein Mann paa Aalmannvegen ein Dynamitpatron, som han gav seg til aa fingra paa, daa han ikkje visste, kvat den blanke Tingen var; han tok ill Røynd av detta, misste 3 Fingrar og vart skadd ogso paa andre Handi og i Andlitet. – I Rakkestad (Smaaleni) fekk ei Gjenta den 29de Aug.Beinet sitt yverskoret av ein Slaamaskin i ein Bakke. - I sydre Aurdal (Valdris) hev det voret Miltbrand bland Kyrna. Eigaren av den Kui, som fyrst strauk med, flaadde henne, rispade seg litetvetta i Fingeren, vart sjuk og do 8 Dagar etter. 2 Lækjarar, som vart hentade, men fulla for seint, kunde Inkje gjera. Ei Gjenta, som skar upp nokot av Kjøtet – dei visste endaa ikkje, at det var Miltbrand, Kui var stroki med av, og helder ikkje, at denne Sjukdomen var so faarleg – rispade seg likeins i Handi og vart sjuk, men kom seg.
 

 

Frå Fedraheimen 07.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum