Stubbar fraa 1814.

 
(Av Andreas Austli.)
 
[Del 1 av 5.]
 
Eg for paa Dovre ein Vaaren og selde Landsmaalsbøker og spurde etter Sau. Der raaka eg inni tvo gamle, som var me imot Svenskom i 1814. Den fyrste var gamle Sveinsgaren, den hin heitte Ola Hagevollen. Vi gjekk uppi Garom og var ukjende; best vi gaar, kjem vi framum ein tvihøg Bygna; eg tok aat Sval'n. "De er folkelaust der inni," sa han, som fylgde meg og vilde gaa aat hine Stugu'n; men daa hadde eg faatt upp Døri. De var ei diger, kvit Stugu; men framve Peisen sat de ein Kall og duste, og de gjekk ei liti Gjenta utpaa Golve og trippa og stellte; ho sette fram Stolar. Daa vi helsa, snudde han paa seg lite Grand og vende seg aat Peise att. Han sat 'ti ein tjukk Armstol, som var drivande kvit, og so hadde han eit Hestklæe under seg fyr aa sitja blautt. "Du er gamall du," sa eg, for eg tykte de var stusslegt ingen sa noko. "Eg er sjau Aar paa femte Tjuge," sa han. "Du rokk sagte 'ti, so du var me og kulast imot Svenskom au du daa, er det Von," sa eg. "Aa ja, eg var me saag paa", sa han. Slikt bar de ivegen; men daa det lei paa, sat han og fortalde som ein Ungdom. Eingong som vi pusta paa lite, ba han Gjenta hengje paa Kaffekjel'n. Daa vi strauk att, sto han att utpaa Steintroppenn og nikka og sa: "De var rettugt tylegt di kom innum."
 
Hagevollen aatte heime 'ti ei Stugu ved Vegen. Me kom gaaande seint um Kvelden og gjekk burtaatt ein Mann, som sat paa Staburssteinom. De sto ein Øyk framme honom og aat Kvikju og togg, so det knaska. Kjeringi kom ut me ein Spilkum og gjekk burti Bui. "Vi kunde fulla inkje faa kjøpt lite Mjølk," sa han, som fylgde meg. Daa snudde ho seg: "Ja naar di berre kann faa Kui til aa mjølka so - - me eig inkje Forstraae." Vi undrast paa, kva dei fødde me. Daa svara Mannen. "Aa vi fær paa Aakrom hjaa Folk og grev Kvikju; vi er framfødde paa Dovre, naar vi naar 'ti ho - men du fær no finna 'ti lite Drikke lell aat Folk som gaar og er tyrste – gaa inn og set dykk so lengje!" Daa vi kom inn, sat Gamlen paa Peiskrakkje. Han var viljug til aa prata, men de var so seint, at vi laut gaa mest trast. "Vi skal koma att i Morgon," sa eg. "Ja gjer det," sa han. – Da vi kom att um Morgonen, møtte vi Kjeringenn i Dør'n; ho og tri av Bornom hennar strauk me kvar sin Sekk og kvar sit Grev og skulde uppi Garanne paa Kvikjugraving. Gamlen sat inne og venta paa oss. Han hadde de rare ve seg, at han rulla me Augom, naar han fortalde, og so spytta han i Einingenn. Han som fylgde meg, reiv av ein Tobakstubb og gav honom. No fall de seg slikt, at de var ei diger Dokk i Golve der, som han sat; ho spytta han dyrande mett me' han fortalde. – Men Sveinsgaren lyt fortelja fyrst. "- - - De sto ve Onstasund, siste Slage; de var paa Haustsia. Depotbataljonen laag 'ti eit Landskap, heitte Høland, og laag der og svalt; eg var nog me av dei Karom. De var sendt ivegen aat Kristian etter Mat aat oss; men me dei var burte, kom de ei har Order fraa Onstasund, at vi skulde koma. No gaar Vegen aat Onstasund 'ti ein diger Halvrunding, mest som ein skulde reisa etter ein Hestsko. Men hadde Offiseranne vore lite Grand kunnuge paa Beinvegen, som gjekk yver Fjelle, so hadde dei inkje havt Bo bore seg so dumt aat. De gjekk i Springmars me oss lange Taki. Naar vi for framum ein Gar, var vi innum og sa til Hestar og Karar, og dei maatte ta Pakkningen vaar og dansa etter, so fort dei var heime. Sume raaka til aa ha att ein liten Beta i Lummunn, men Storslumpen aatte inkje Matsaai. De var einsta, eg sprang innum, der heldt Kjeringi paa og kokte Vatsvilling; eg veit, eg tykte denna Villingen saag so kvit ut, det var reine Byggmjøle ho brukte. Eg fekk ho til aa slaa 'ti ein Kaffespilkum, og daa egskulde kvitta de ut, tok ho ein Riksbankdalar, som gjekk fyre 12 Skjilling den Gongen. So var de andre Dagen utpaa Eftan; de var eg og eit Par til, vi flaut innum hjaa ei Kjering og fekk ho til klina paa lite Flattbrø aat oss, og lite Øl fekk vi attaat. Men som eg kom utatt, var de ein ifraa Leine i Kvam, rettugt ein før, diger Kar var detta. Han hadde stupt av uti ein Mykjakok fram me Vegje og laag so lang han var og drog seg i Mykenn. For de var dei store, som rauk upp fyrst. Eg tykte rett, de var Synd aa gaa fraa 'om slikt au; men de var mest Uraa aa gaa inni denna Klina og ta paa aa rota; og inkje var de Ti staa der og stira. Den same Eftan skulde vi yver Gloma; og me' dei heldt paa og sunda yver, gjekk eg utpaa ei Pram, som var full med Øykjer. Daaeg kom yver, so var de ein Bakke, som Folke laag og kvilte 'ti, og de var sterk Solsteik. Men eg veit, eg vart standande og stira, daa eg fekk sjaa deim; dei hadde sigje ihop, og Bloe de rann baade um Munn og Nase. Og eg tykte me meg, at de sto ingen Ting paa. Ja, so sette eg meg, eg au daa; men de vart paa same Vis me meg, eg au seig ikoll og tok paa og blødde baade um Munn og Nase. Eg baade høyrde og saag, men um du hadde stande me ein blank Kniv og kjøyrt 'ti meg, eg hadde inkje røyvt meg av Flekkje. Slikt laag vi ei lang Stund, men daa vart vi reint bra att. Trije Kvelden kom vi fram, daa sto Slage um Morgonen. Dei, som var me me Øykjom sine, meinte dei skulde sleppa me eit lite Stykkje og tok ingen Mat me seg; de gjekk reint paa Live me deim. No strauk dei ifraa Øykjom og alt ihop og tok beinaste heimatt yver Fjelle, de gjorde dei paa væl so ein halv Dag. Men Øykjenne laut vera att og gjera Tenest. De var lagt Bru yver Gloma, som laag laus paa Baatar, men paa burtare Siunn hadde dei kasta upp ein Skanse; der bak sto Norsken og snudde Ryggen imot oss men Bringa mot Svenskom. Skansen var so høg, at dei laut stiga uppi ein Pall fyr aa skjota. Paa Siunn vaare var de Haugar, men uppaa der laag de 5 Batteri me store Kanonar, og skaut yver Hovue paa Norskom. Dei hadde inkje Kulor aat Kanonom, men dei tok eit 20 til 40 av desse digre Gjeværkulom og balla inni ein Strigklut og tjørubrædde heile Greia, og so hadde dei som ei Tretopp, dei sette etter til Fyrelaning. Naar detta vart utskote, gjekk de fraa einann' og drap ne fælt. De sto ei Kyrkja tett attme oss, og der hadde dei Upplage sit. Eg var inni der, i sjølve Kyrkjunn laag Krute, men uti Sval'n laag de Kulor; de var tvo La, kvart so høgt som ein Kar, me slike Kulor. De sto ein Forstakk attaat di Kyrkjunn, og so mykje For har inkje eg sett samlat paa eitt Stelle. De var aat Kavallerie.
 
Daa vi kom fram la vi oss fyrutan Mat. Tileg um Morgonen gjekk Trumma, daa var de kome Mat. Dei tok paa og delte ut trast; detta var ve Klokka 5. Men daa var Slage alt i Gang, og Aggedanten aat Prisen kom og sa, at de laut vera Slutt. Daa vart Loki attslegne paa Kistom, og vi sto like tome.
 
( Meir.)
 

 

Frå Fedraheimen 07.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum