Notisar.

 
Juristmøte. Det 3dje Møte av finske, svenske, danske og norske Juristar vart haldet i Kristiania i fyrre Vika. Dei vigtugaste Saker, som vart dryfte, var: 1. Um Leikdomarar i Straffesaker, 2. Um nokre Rettshøve ved Fraktbrev, 3. Um Naadu-Eigedomar og 4. Um Handelsdomstolar. Ymse Svenskar og Danskar ynskte Jury indførd, men kvareinaste Nordmann bad Gud vardveita seg og Noreg fyr det. Eit Par av deim vilde likvel have Meddomsmenn i fleire Straffesaker enn i Livs- og Æresaker og sagde, at dei var Tilhengjarar av Jury i Principet, men ikkje i Praksis. Detta maa vera Eit i Principet og eit Annat i Praksis, det er norsk; denne i Noreg inngrodde Tenkjemaate, vil i alle Saker setja oss langt bakum alle andre Folk.
 
I Finnland gjekk i Juli Maanad tvo 5 Aar gamle Born seg burt i Skogen; den 27de Dag vart dei funne, men det eine var daa daaet; det andre bad um Braud med Smør paa.
 
Dom. Ein Skiper er i Haugesund dømd til 8 Dagar Fengsl paa Vatn og Braud fyr ikkje aa hava komet Mannskapet paa ein ved Ryvingen i Febr. kantat Skonnert til Hjelp.
 
Tiltale mot Folkethingsmann. Det danske Justitsministerium hev lagt Sak mot Folkethingsmann Jens Busk fyr Utsegner av honom i eit politisk Møte i Ribe i Juni.
 
Rike Folk. I Kaupenhamn er det 329 Mann og Kvinnur, som legg Skatt etter Innkoma fraa 20000 til 500000 Kronur.
 
Gaava til Vonheims Folkehøgskule (500 Krunur) skal etter "Gjøviks Blad" ikkje vera fraa Fut Heyerdahl.
 
Kristiania Kulturstandpunkt. Torsdagskvelden hengde ein Inkassator (Pengeinnkrevjar) seg i Raadstovegata. Folk totte detta var so forvitnelegt, at dei stimde saman og fylde Gata, so Politiet laut jaga deim som annat Naut.
 
Universitet fyr Kvinnur skal no skipast baade i Florents og i Rom.
 
Sjølvmord. 5 unge Gjentur i Tord i Siebenbürgen hadde vortet svikne av sine Festemenn; dei tok den Raad aa drepa seg samstundes, skrapade Fosfor av Tendstikkur, lagade seg ein Drykk derav, sagde kvarandre Farvel, tømde Bikaren og var burte.
 
Den gule Feber gjeng hardt i Byerna upp med Missisippi-Elvi (Amerika). I New-Orleans hev det voret 120 nye Tilfelle kvar Dag i det siste, i Memfis og Vicksburg 50 Nyfelle dagleg, i Grenada er alle Kvite sjuke, paa eit Tjug nær, og derattaat 100 Svarte. Alle, som paa nokor Vis kann, flyt ut paa Landet.
 
Nytt Blad. I Farsund vil Jørgen Omdal utgjeva eit nytt Blad "Lister" fraa 1ste Oktbr.
 
Utvandring til Amerika. I Juli Maanad i Aar kom til New-York 8689 Innvandrarar, ifjor s. M. berre 6713. Dei fleste Innvandrarar, er fraa Tyskland; dei reiser mest vestyver til Nevada, California o. s. fr.
 
Svik. 400 russiske Embættesmenn og Officerar er under Forhøyr fyr Svik og Stuld ved "Leverancer" til Heren i siste Krig. Novoje Vremja (den nye Tid) fortel, at ei Nemnd skal verta nedsett i Odessa til aa faa Ljos i Sakernaum "Leverancerna" der.
 

 

Frå Fedraheimen 07.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum