Kristiania, den 6te September 1878.

 
"En Gaardbruger" skreiv nyleg (26de Aug.) eit Uppset i "Morgenbladet" um "Bygdemaal i Skulen." Det var eit forvitnelegt Stykkje, varmt og klaart og attaat di sannt fraa Fyrst til Sist – i det Store og Heile daa. Me undrast visstnog litetvetta paa, korleids " Morgenbladet" kunde taka upp detta Stykkje, men tok likvel til aa verta mest glade i Bladet, som let til aa vilja hava norsk Tale inn i Skularne. For naar eit Blad tek inn eit innsendt Stykkje, maa Ein tru, at det i det Store hev same Meining som Innsendaren. Bladet vil dessutan ogso hava Politik (Samfundslæra) inn i Skularne, og det totte me ogso var eit Framstig. Men so kom Bladet fyr siste Sunndag, og me ser, at me hev gledt oss for tidleg. Det er audsynt, at "Morgbl." ingen annan Standpunkt hev enn aa vera grovt og nasevist. Det viser det ved aa kasta Innsendaren, sin eigen Medarbeidar, i Fleisen Ord som desse: "Fanatisme", "Ensidighed", "ubegrundede Paastande", "allerurimeligste Paastande", "uklare Begreber", "Yndlingsemne for Tidens Agitation", "hule og ynkelige Fraser", "hadske Angreb" o. s. b., so du fær mest ikkje Tid til aa pusta. No kann Ein vel trygt segja, at det finnst inkje annat Presseorgan i heile Verdi, som fer soleids aat mot Folk, som det tek upp Stykkje fraa, og det er daa ikkje aa undrast paa, at Bladet liver paa rein aandeleg Armodsdom og intellektuel Sveltihel, daa sjølvsagt ingi skikkeleg Menneskja, som hev Aand og Tanke, kann finna Hag i aa verta hundsad slik. Det er Jotunmod, "Morgenbladet" hev. Daa Hrungner var boden til Gjest i Aasgard og "gerdist drukkinn, pá skorti eigi stór ord; hann lézt skyldu taka upp Vallhöl ok færa i Jötunheima, enn søkkva Ásgardi, enn drepa gud öll - - ok drekka lézt hann mundu allt Ása-øl." Men me veit ogso, at Jotunmod ikkje ber langt fram. Elder er Morgenbladet ein Mokkrkalve? Ein slik veit me, er til inkje Nytte: "var hann allhræddr . . . . . er hann sá Pór." Og "allhræddr" paa same Maaten vart ogso Utgjevaren av "Morgenbladet", daa han paa Prent las det Stykkje, som det hadde voret hans Skylda aa lesa i Handskrifti, fyrr han let det prenta, men som han ikkje hadde idest. Det er ei Heppa, at alle gode Krafter snur seg fraa "Morgenbladet", og at det no tek til aa verta ei Skamm aa skriva i detta Bladet. Berre dei faae, som eig "hjarta pat er, tindótt er med trjá hornum", finn Gaman i det; dei fleste, som les detta Romrekje, vil finna, at Gardbrukaren hev Rett, og at han endaa hev gjort baade skynsam og nytsam Bruk av Skule- og Folketeljings-Statistiken; det er mest det, "Morgenbladet" heng seg i, at han skal hava missbrukt Statistiken. At Statistiken ikkje gjev endefram Upplysning um, kor mange Heimedanskar det finnst her i Landet, er ikkje Gardbrukarens Skuld; det fær verta Riksstyrets Sak aa gjeva oss ein betre Statistik. Til dess me fær høyra elder sjaa Motgrunnar mot Rekningi aat Gardbrukaren og sæt uppgjevet vissare Tal av Morgenbladet, held me det fyr nokot-so-nær sannt, at det er ikring 270000 Skuleborn, som hev det fraa Federne nedervde Bygdemaal – i større elder mindre Mun - til Mormaal, medan det berre finnst 13000, som hev det danske Bokmaal til Talemaal og Mormaal, og 100000 Menneskjur i Landet, som hev danskt Bokmaal - i større elder mindre Mun - til Talemaal og Mormaal, soleids at berre sytjande kvar Menneskja her i Landet talar dansk Bokmaal som sitt Mormaal. Kvat vilde det ogso hjelpa, um me i Staden fyr 13000 og 100000 sette 39000 og 300000? Det stend ogso fast, at Bygdemaali høyrer til og eigenleg er "det same Maal, som alle norske Kongar av Harald-Haarfagre-Ætti med sine Drottningar og Noregs Stormenn, Erling paa Sole, Einar Tambaskjelvar, Thorberg Arnason og Bjarne paa Giske talade", - det er ikkje Usans, det viser Kongespegjelen, Strengeleikar, Barlaams Soga, Stjorn og andre norske Skrifter fraa Midaldren, naar dei vart samanhaldne med Aasens, Vinjes, Jansons, Krohns o. fl. Skrifter i Notidi, det viser ogso "Fedraheimen" – endaa i detta Stykkje.
 
Elles segjer "Morgenbladet", at ikkje nokor Menneskja vil hindra Bygdemaali fraa aa koma til deira naturlege Rett", og at "Skuledirektør Bonnevie kunde hava lagt elder veget sine Ord nokot betre i denne Saki", enn han hev gjort. Det siste trur me ikkje. Det er nog Direktørens Meining, som er komet fram gjenom Ordi hans. Men kannhenda Usemja millom honom og "Morgenbladet" paa den eine Sida og dei 36 Storthingsmenn, Odelsthinget og oss paa den andre nettupp kjem av ulike Meiningar um, kvat som er vaare Bygdemaals naturlege Rett!
 

 

Frå Fedraheimen 07.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum