Fraa Sparbu.

 
(Brev av 22de Aug.).
 
"Det, Utgjevaren skreiv um i No. 51, er nokot, tykkjer eg, som alle skriveføre Maalmenn lyt tenkja aalvorleg yver. "Fedraheimen" er lagleg til eit Samningsband og ein Møtestad aat alle deim, som hev Mormaalet kjært. Og attaat di trur eg, at det ikkje finnst nokot av vaare Blad, som etter Storleiken og paa ei so stutt Tid hev boret fram so mange gode Tankar og gjevet Folk Tilføre til aa tenkja yver so myket som "Fedraheimen." Eg er viss paa, at det alt no er ei heil Mengd med Bønder i Noreg, som elskar "Fedraheimen" framfyr nokot annat Blad, endaa kannhenda eit og annat slikt kann hava jamgodt Innhald med hitt – eg meiner elles ikkje, kvart einaste Stykkje, som hev stadet i "Fedraheimen", hev voret Meistarverk, men enno mindre, at dei andre Blad allstødt hev havt so godt Innhald -, og sume trur eg hev fengjet Hug paa aa prøva aa skriva i Mormaalet no, etterat dei hev leset "Fedraheimen" eit Bil, um dei aldri fyrr i sine Livedagar hev tenkt paa slikt. Di meir Ein les og gjev Gaum paa det norske Maalet, di meir glad vert Ein i det, og di meir missnøgd vert Ein med Dansken, som paa ingen Maate høver aat Folk paa Landsbygdi, vandt nog aat Byfolk, her i Landet. Difyr trur eg, at det vilde koma som eit Toreslag fyr mange, um Bladet skulde verta nedlagt, og eg er viss paa, at det gode Blad "Oplandenes Avis" ikkje vilde verta meir saknat, um det stansade, enn "Fedraheimen", vandt nog so myket. For Ein kunde altid faa sett i Gong eit frilyndt dansk Blad att. Det er Skamm, æveleg Skamm, og det er meir, det er Landssvik, aa gjeva Blad som "Fraa By og Bygd" og "Fedraheimen" ein god Dag og lata Utgjevararne av deim slita seg upp til Faanyttes. Upp difyr kvar gangfør Mann! Graalysningi hev stadet altfor lengje paa."
 

 

Frå Fedraheimen 07.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum