Christofer Bruun og Kongedømet.

 
(Sluten).
 
[Del 3 av 3. Fyrste delen.]
 
Dersom det no er so, at Kongedømet maa hava ein Gjerning, og det ein Folkegjerning, fyr aa faa nokon sann Livsrett, og dersom det er so, at Kongedømet i Norig ingen sovoren Gjerning hev, so er det væl rimelegt, at dei Menn, som arbeider fyr Folk og Samfund og ser, kvat det er fyr ein Gjerning, Tidi krev, at dei ofta finn, at dei hev annat aa leggja si Magt paa enn paa det aa serskilt "stydja Kongedømet." Det er Landet ein skal tena; so lengje Kongedømet gjer sin Gjerning i Landet, so lengje kann Ein og hugheilt samla seg kring det og hjelpa det, for daa tener Ein Landet just i di Ein tener Kongedømet. Men naar Kongedømet kjem ned i den Skora, at det meir lyt tenkja paa sine eigne Turfter enn paa aa vera Føraren i Folkets Strid, daa lyt Ein samla seg um andre Førarar og lata Kongedømet syta fyr seg sjølv; - for det er Landet, Ein skal tena.
 
Skal Ein forsvara Kongedømet, maa Ein hava nokot aa forsvara det med. Ein maa hava vituge Grunnar aa leggja fram til Syning av, at Kongedømet bør haldast uppe. Men naar Kongedømet stend slik, at det ingen Gjerning kann gjera i Folket, naar Livet altso ikkje hev Bruk fyr det, - so veit imindsto ikkje eg nokon slik Grunn aa leggja fram. Kongedømet fær liva so godt og so lengje som det kann; men det er litet Gagn i aa bry seg med nokot sers Stræv fyr aa leggja ei Alen til Voksteren aat det.
 
Bruuns Millomflokk kunde væl helder ikkje gjera stort i den Vegen. Han kunde helder ikkje forsvara Kongedømet utan vituge Grunnar. Han kunde gjera som Høgreflokken : allstødt skravla um, at Sverdrup og hans Fylking vil " riva ned" Kongedømet; men det vart berre ei ny Usanning til alle dei gamle og kunde lite hjelpa Kongedømet. Elder han kunde gjera som sume Prestar: fortelja Folk, at Kongedømet er slik ein serskilt "kristeleg" Ting og slik ei framifraa Stydd fyr Sedsemd og Kristendom; men – det vart og berre ei ny Usanning til dei mange gamle. Det einaste, han med Sanning kunde segja, var det, at Folk enno vil hava eit Kongedøme, og at dei dermed hev Rett til aa hava det. Men just det same gjeng Vinstreflokken og ut ifraa. Vaar Vinstreflokk held paa Kongedømet all den Tid at Folket sjølv held paa det.
 
Me veit og ser, kor hardt Høgreflokken balar med aa "verja" Kongedømet. Men me er au alle samde um, at han gjer detta paa ein so uhag Maate, at Kongedømet hev Grunn til aa beda vaar Herre fri seg fyr sine Vener. Fekk me no ein Millomflokk, som vilde hjelpa Høgreflokken i detta Forsvarsstrævet, so foor Kongedømet berre verre av det. Kongedømet hev i denne Tid betre av aa verta tagt stilt um enn av aa faa lange Forsvar. Ein ny Forsvarsfylking kunde ingenstad gjera nokot til Gagns.
 
Den nye Flokken maatte bruka same "Grunnarne" som Høgreflokken. For der, som det ingen fullgod Grunn finnst, maa Ein tenkja upp mange Smaagrunnar. Men dei Grunnarne, som Høgreflokken brukar til Verjing aat det norske Kongedømet, er av eit sovoret Slag, at dei jamt ber paa bakvend Leid. Naar det t. D. vert sagt, at me treng eit Kongedøme til aa syna (repræsentera) Landet og Folket, - so maa tenkjande Menn strakst koma til aa minnast, at det i Røyndi ikkje er Norig, som det norske Kongedømet syner, men - Sverike. I Sverike held Kongen Hof; Utriksministeren og dei fleste Riksutsendingar er Svenskar; naar Kongen er ute paa Ferd, heiter han den svenske Kongen og vert fagnad med den svenske Folkesongen o. s. fr. Og so maa Folk her koma til aa undrast paa, kvifyr me av vaart arme Lands Pung skal betala 200,000 Dalar til Syning av Sverike og til Æra fyr det. Den Grunnen vil soleids vera betre tagd enn sagd. Ein annan Grunn, som eg eingong hev set framførd - av Prof. Monrad trur eg det var -, er den, at me bør hava eit Kongedøme, fyr di det i sin faste urikkelege Arvegang liksom held uppe det historiske Samanheng i Folksens Liv og vinn seg som ein raud Traad gjenom alle Umskiftingar og Umbyte i dei farande Tider. Tanken er i seg sjølv fin! Men strakst Folk høyrer detta, maa dei koma til aa tenkja paa, at det daa i Røynd og Sanning ikkje er vaar Soga, som det norske Kongedømet held Traaden i. Tvertimot; naar Kong Karl, som etter Norigs Soga skulde vera den 4de, i Norig kallar seg den 15de, so er detta eit historisk Sprang – fraa Karl III til Karl XV -, som inneheld i seg ei rein Svivyrding av vaart "historiske Samanheng", og som vil verta ein forunderleg rar og stygg Flekk i Norigs nye Soga. Dermed er den Grunnen og best, naar han vert tagd med. Ikkje stort likare er det, naar det vert sagt, at me bør verja Kongedømet, fyr at Kongedømet igjen kann verja Samfundet, t. D. mot Sosialisme og andre rotrivande Magter. Dersom Kongedømet er so veikt, at det sjølv tarv Verjing, so ver det visst ikkje Samfundet. Dessutan veit me altfor væl no, at ærleg Fridom er ei mykje stødare Vernd mot Rotriving enn alle kusntige Vollar og Murar, som væl kann stengja Straumen ute fyr ei Tid, men ikkje døyva honom ned fraa Grunnen.
 
Naar Bruun, som hellest ikkje er nokon Elskar av historiske Daudingar, held so fast paa Kongedømet, so maa det vera i den Trui, at Kongedømet med Tidi kann skipa paa seg og verta folkelegt og norskt. Kann henda. Men eg kann ikkje sjaa, at ei slik Tru hev nokon vidare Grunn fyr seg. Kongedømet stend for langt ifraa og er komet for langt or Leid. Og so er det so trollbundet av sine – Forsvararar. Alt i detta Landet, som er uheimslegt og ufolkelegt, klengjer seg inn til denne stakkars halvframande Kongemagti liksom Ormarne kring Laokoon, so ho fær ikkje røra seg og ikkje eingong sjaa, kor rette Leidi ligg. Og hev ho ikkje set detta fyrr, so kloke og dugande Kongar me til desse hev havt, so ser ho det visst mindre sidan, naar Krafterne sloknar paa og Mennerne minkar. –
 
- Men med alt detta tor eg endaa trygtsegja, at Kongedømet ikkje er i Faare. Det vil halda seg uppe hjaa oss i lang Tid enno. Det hev væl ingen sann historisk Livsrett, men det hev ein annan Grunn aa kvila paa, og den er ikkje langt fraa usliteleg. Det er "Traditionen" elder med eit betre Ord Vanen. Folk hev no eingong vant seg til aa hava ein Konge; dei tykjer det hev seg ikkje utan her er ein slik; det vilde vera so reint forunderleg snaudt, dersom det ikkje stod ei Kruna paa Riksens øvste Skalle. Ein slik gamall Vane er hesjeleg vand aa venda, allvisst daa her i Norig. Det vert med detta som med so mange andre Ting i Verdi, som liver lang Tid etter at Ein meinte dei skulde vera daude, einast fyr di dei gjenom Vanen er grodde oss inn i Kjøt og Blod. Det er væl so, at denne Kongevanen i seinare Tid maa veikna, av di Kongedømet stend so halvt utanum Landet; det er ikkje ein heimegrodd Vokster, som hev vakset fram saman med Folket og fylgt det fram gjenom Tiderne i baade vondt og godt, so det no kunde standa der som ein Berar av heile vaar Soga, vaare Minne, vaar Folke-Æra og alt stort og fagert, som me hadde vunnet gjenom eit historiskt Liv; tvertimot er det sagt, at detta Kongedømet, som stend her so utanfyr vaart Liv og vaar Soga, og som paa den Maaten so halvt um halvt lærer oss upp til aa tru, at Landet kunde berga seg utan Konge au, - det er sagt, at detta Kongedømet just er som skapt til aa fostra oss upp aat Republikken. Men det hjelper ikkje. Kongetanken er so inngrodd. Gjenom Hundradtal av Aar hev Kyrkja boret Kongen fram i Song og Bøn, so han no stend fyr aalmenn Mann mest som ein Led av sjølve Kristentrui. Dessutan er Kongen god aa hava, meiner Folk, baade til aa halda uppe Log og Rett og til aa gjera Undantak fraa Log og Rett. Det er Kongen som er Laas fyr Løa og Lok fyr Skrin; men det er og Kongen, som Ein vender seg til, naar Ein finn, at Retten er for strid, elder at Logi gjer Urett. Kongen er liksom ein liten Gud: han er Herre yver Logi. Og han hjelper alle, som gjeng til honom med Bøn elder Klagemaal. Det hender væl sjeldan, at Folk brukar hans Hjelp; men dei tykkjer det er godt aa hava ein slik Mann lell, um det skulde høva. Mange er væl komne til det, at her nok kunde vera baade Log og Rett og "Billegheit" i Landet, um her ikkje var nokon Konge, og Sume trur og, at Kongedømet i Grunnen er utlivt. Men so er det no so lell, at Kongedømet er det, som me altid hev havt, og som me er kjende med, og som me greider oss med likeso væl no som fyrr. Ei Styresmagt maa me hava, og gjer ikkje Kongedømet nokot sers godt, so gjer det ikkje nokot vidare vondt helder; og det duger ikkje aa slengja fraa seg det, som er gamalt og kjendt, naar Ein ikkje veit, um det Ein fær att er so mykje betre. Paa desse og dilike Tankar kann det norske Kongedømet liva trygt, um det so ingen annan Rett hev.
 
Dei fleste av dei Fristyremenn me no hev er Folk, som Ein ikkje tarv vera rædd. Det er Tanke-Republikanarar (theoretiske) meir enn viljande politiske Republikanarar. Her er berre Ein, som fyr Aalvor lyfter Fristyre-Merket; det er Bjørnson. No er det mange som les og likar hans Tankar um Kongedømet; men det er faae elder ingen, som tek dei upp i Aalvor elder gjer dei til Fyremaal fyr Arbeid. Me hev ingen republikansk Fylking i Landet. Tanken er i Grunnen – ikkje uppe. Lat Bjørnson slita seg ut paa aa faa honom upp, og lat ein stor Mann til slita seg upp, - so kann det henda me fær ein Fylking, som stig fram og segjer si Meining. Og um lange Tider kann det daa henda, at den Fylkingen vert so stor og samheldig, at Ein kann segja, at – no kjem snart Kongedømet i Faare. Men det er langt til dess. Det norske Folk hev altid gode Stunder. Og den Ting, at Kongedømet stend so paa Fraastand, det fann me var leidt, daa Talen var um dess sanne Livsrett; men det er til stor Hjelp og Styrkjing fyr den Livsretten, som det fær ved "Vanen." Di lenger Kongedømet stend ifraa Ein, di større og gildare kann det sjaa ut. "Fraastandet idealiserar." Det er visst mykje av denne Grunn, at vaare Kongsmenn (Royalistar) er so glade i Samfestet med Sverike.
 
- Nei. Me hev mange Ting som er meir naudsynlege aa leggja vaar Magt paa enn paa det aa verja Kongedømet; for det hev korkje Bruk fyr elder godt av serskild Verjing. Og det er ikkje nye Fylkingar, me treng, ikkje Kløyving og Sundskiljing. Det, me tarv, er det rakt Motsette: større Samling um dei store Ting, og meir Tolsemd i dei smaae. Der kann vera eit og annat hjaa "Johan Sverdrup og hans Medarbeidarar", som ikkje alle kann lika. Men det Store trur eg er godt i det Laget; det store er slikt, at kvar frilyndt Mann maa kunna faa Rom der og vera med. Og her er so mange Ting aa gjera i detta Landet, at her er nok aa semjast um. Me skal vera langt komne, fyrr det tarv vera Tale um aa skiljast aat fyr Skuld eit slikt Spursmaal som det um Kongedøme elder Republikk.
 
(G).
 

 

Frå Fedraheimen 07.09.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum